{"id":666,"date":"2025-10-09T11:32:46","date_gmt":"2025-10-09T11:32:46","guid":{"rendered":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=666"},"modified":"2026-01-13T22:35:15","modified_gmt":"2026-01-13T22:35:15","slug":"tysdag-7-oktober-2025-halden-minneapolis-marshall","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2025\/10\/09\/tysdag-7-oktober-2025-halden-minneapolis-marshall\/","title":{"rendered":"Tysdag 7. oktober 2025: Halden, Minneapolis, Marshall"},"content":{"rendered":"\r\n<p>S\u00e5 skulle det merkeleg nok blir amerikatur igjen, nesten tre \u00e5r etter eg sist surra rundt her p\u00e5 pr\u00e6rien p\u00e5 jakt etter norskspr\u00e5klege amerikanarar. Og det strir jo eigentleg mot det meste; omlag p\u00e5 denne tida for trettini \u00e5r sidan pakka eg amerikakofferten for f\u00f8rste gong p\u00e5 jakt etter slike merkelege spr\u00e5kbrukarar, og da eg den gongen var der, var eg ikkje i tvil om at dei norskspr\u00e5klege var veldig gamle og at dei ville ta med seg spr\u00e5ket i grava. Eg kunne den gongen vere dristig og sp\u00e5 at den siste amerikanske talaren av arvenorsk ville g\u00e5 ut av tida rundt \u00e5rtusenskiftet. Kanskje ein og annan hardhausen kunne klare \u00e5 klamre seg fast litt tid, men ikkje lenge. S\u00e5 da Janne fekk den heilt meiningslause tanken om at det ogs\u00e5 i 2010 m\u00e5tte vere muleg \u00e5 finne norskspr\u00e5klege p\u00e5 pr\u00e6rien, s\u00e5 stilte eg meg veldig tvilande. Joda, kanskje det kunne vere muleg \u00e5 finne ein eller to, men da skulle ho verkeleg ha flaks. S\u00e5 feil kunne eg alts\u00e5 ta; etter den f\u00f8rste turen saman med Janne vart det mange fleire, og ogs\u00e5 etter at Janne gjekk bort, har det vorte nokre turar, b\u00e5de til pr\u00e6rien, men ogs\u00e5 til pampasen. S\u00e5 arven etter Janne lever i h\u00f8gste grad.<br \/><br \/>Denne gongen var det David ved UiS som hadde f\u00e5tt st\u00f8tte fr\u00e5 NFR, og han er ikkje snauare enn at han kostar p\u00e5 reise og opphald for meg og Sophia fr\u00e5 UiO. No skal vi tre farte rundt i dryge to veker p\u00e5 jakt etter tonelag og intonasjonsm\u00f8nster i amerikanorsk. Sophia og David reiste alt m\u00e5ndagen, og klokka sju dagen etter stod eg p\u00e5 perrongen p\u00e5 Halden stasjon og venta p\u00e5 togskyss nordover til Gardermoen. Togturen var heilt uproblematisk og gjekk faktisk utan slike spanande ekstratilbod som \u00abbuss for tog\u00bb og anna plunder og heft. Men der snudde reiselykka seg litt, sidan flyet til Schiphol var forsinka. F\u00f8rst med eit kvarter, deretter ein halvtime, og s\u00e5 igjen med ein time. Og akkurat dette stressa meg litt sidan eg hadde relativt kort overgang i Amsterdam til amerikaflyet. Men da kunne David melde at han fann info p\u00e5 nettet om at heller ikkje dette siste flyet ville g\u00e5 etter planen, s\u00e5 da var det framleis h\u00e5p. Ein halvannan time etter planen kunne vi endeleg g\u00e5 om bord p\u00e5 Gardermoen, og framme p\u00e5 Schiphol skulle det vise seg at det ville bli meir venting. Nesten tre timar etter planen sette nederlendarane i gang med det dei s\u00e5 dekkande kallar \u00abinstappen\u00bb, alts\u00e5 \u00abboarding\u00bb. Denne prosessen gjekk relativt raskt, og no er amerikanske tenestemenn med utspekulerte sp\u00f8rsm\u00e5l borte fr\u00e5 det obligatoriske programmet, noko som gjer at ting g\u00e5r fortare. At eg likevel vart trekt til side og grundig sjekka, er ei anna sak. Eg m\u00e5tte b\u00e5de t\u00f8mme sekk og lommer og vise at eg ikkje har for vane \u00e5 drasse med meg sprengstoff om bord. <br \/><br \/>Det er ingenting interessant \u00e5 fortelje fr\u00e5 nesten ni timar i lufta, anna enn at reiseruta var litt uventa. Tidlegare har vi gjerne sneia s\u00f8rspissen av Gr\u00f8nland og kome inn over Hudson Bay, men no hadde vi ei meir s\u00f8rleg rute, over Irland og inn over New Fondland. Det funkar tydelegvis det ogs\u00e5.<br \/><br \/>P\u00e5 flyplassen i Minneapolis (eller er det St. Paul?) gjekk alt veldig kjapt, eg kan ikkje hugse sist eg kom meg s\u00e5 kjapt gjennom kontrollen. Og der dukka etter kvart David og Sophia opp, vi var ein tur opp til Budget bilutleige for ogs\u00e5 \u00e5 registrere meg som sj\u00e5f\u00f8r, og s\u00e5 kunne vi endeleg sette kursen ut p\u00e5 pr\u00e6rien. Da vi planla denne turen heime i Noreg, var det med tanke p\u00e5 at flytrafikken skulle vere i rute, og at det skulle vere flust med norskspr\u00e5klege der ute p\u00e5 viddene. Men flytrafikken er ikkje alltid i rute, og naturen g\u00e5r ogs\u00e5 sin gang og gjer sine innhogg ute p\u00e5 pr\u00e6rien, s\u00e5 det viste seg litt for seint at i Fargo var det berre ein som kunne m\u00f8te oss slik vi hadde tenkt, slik at vi m\u00e5tte sikte oss inn p\u00e5 Hendricks i staden. Og derfor venta det oss no ein biltur p\u00e5 over tre timar til Marshall, der vi hadde tinga hotell. Etter ei kort r\u00e5dslaging kom vi fram til at eg var den minst tr\u00f8ytte og skulle k\u00f8yre, og det seier nok ein del om \u00abjetleggen\u00bb til det andre alternativet, alts\u00e5 David. I kl\u00e5rver og m\u00e5neskin pl\u00f8gde vi oss gjennom mil etter mil med flatt \u00e5kerland. Sophia i baksetet gjorde ein stoisk innsats for \u00e5 halde meg vaken gjennom heile tida \u00e5 kaste inn nye samtaletema. Og kombinert med ein vaskebj\u00f8rn som med d\u00f8dsforakt kryssa vegen rett framfor bilen v\u00e5r, s\u00e5 fungerte det, eg var uventa vaken det meste av vegen. Unntaket var den siste halvtimen, den var tung; men ein liten stopp og litt lufting i kj\u00f8leg haustluft hjalp godt. Marshall er ingen storby akkurat, og utan s\u00e6rlege problem fann vi hotellet v\u00e5rt og rundt klokka eitt kunne vi endeleg finne senga.<br \/><br \/>Og slik g\u00e5r nu dagan her ute p\u00e5 pr\u00e6rien.<\/p>\r\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>S\u00e5 skulle det merkeleg nok blir amerikatur igjen, nesten tre \u00e5r etter eg sist surra rundt her p\u00e5 pr\u00e6rien p\u00e5 jakt etter norskspr\u00e5klege amerikanarar. Og det strir jo eigentleg mot det meste; omlag p\u00e5 denne tida for trettini \u00e5r sidan &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2025\/10\/09\/tysdag-7-oktober-2025-halden-minneapolis-marshall\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-666","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/666","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=666"}],"version-history":[{"count":4,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/666\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":720,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/666\/revisions\/720"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=666"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=666"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=666"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}