{"id":668,"date":"2025-10-09T11:34:16","date_gmt":"2025-10-09T11:34:16","guid":{"rendered":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=668"},"modified":"2025-10-09T11:34:16","modified_gmt":"2025-10-09T11:34:16","slug":"onsdag-8-oktober-2025-marshall-hendricks","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2025\/10\/09\/onsdag-8-oktober-2025-marshall-hendricks\/","title":{"rendered":"Onsdag 8. oktober 2025: Marshall, Hendricks"},"content":{"rendered":"\r\n<p>I natt sov eg tungt og godt og vakna f\u00f8rst i sju-tida. Eg tusla da ned til resepsjonen og fekk meg typisk pr\u00e6riefrukost. Br\u00f8dtoastar hadde dei, og ogs\u00e5 vaffeljern, og alt dette tekniske utstyret m\u00e5tte jo pr\u00f8vast. Etter ei stund dukka ogs\u00e5 Sophia og David opp, og vi kunne etter kvart legge litt planar for dagen og framtida. Denne gongen har vi med oss eit heilt batteri med utspekulerte elisiteringsoppg\u00e5ver som vi har god grunn til \u00e5 tru vil flytte forskingsfronten mange steg framover. I dag hadde vi ikkje avtale f\u00f8r \u00abearly afternoon\u00bb, s\u00e5 vi kunne ta ting litt med ro og ogs\u00e5 stikke innom Wallmart og kj\u00f8pe med oss litt sm\u00e5ting som vi sikkert kjem til \u00e5 trenge her borte. <br \/><br \/>Klokka elleve sette David seg bak rattet, fyra opp pr\u00e6rieskonnerten (ein SUV som vi synest er uhorveleg stor, men som likevel blir ein liten pusling samanlikna med mange av dei andre bilane ein ser her p\u00e5 pr\u00e6rien), og sikta seg inn mot Hendricks, og etter litt rot grunna vegarbeid og stengte vegar, var vi framme i denne sm\u00e5byen ein liten time etterp\u00e5. Her hadde vi tid til ein liten matbit og ein siste gjennomgang av sytrategien v\u00e5r f\u00f8r vi skulle m\u00f8te opp p\u00e5 sjukehuset, der det var reservert plass til oss. Jay hadde som vanleg gjort ein god jobb og p\u00e5 kort tid samla saman ei lita gruppe med norskspr\u00e5klege. Dette er eit omr\u00e5de der mange i fr\u00e5 Sings\u00e5s og Haltdalen for over hundreogfemti \u00e5r sidan slo seg ned her, og fram til no har dette sett eit tydeleg stempel p\u00e5 denne plassen. F\u00f8rste mann inn var ein som eg har m\u00f8tt tidlegare, da eg i 2015(?) var her saman med Janne, Kari, Alexander og Yvonne. Og som alle andre hadde ogs\u00e5 denne karen vorte nokre \u00e5r eldre p\u00e5 denne tida, og no var han godt oppe i nitti-\u00e5ra. Og samtalen gjekk da etter m\u00e5ten greitt, sj\u00f8lv om h\u00f8yrsla nok var noko redusert og det var ei stund sidan han sist hadde snakka norsk. Vi fekk ogs\u00e5 pr\u00f8vd ut ein del av elisiteringsoppg\u00e5vene, og nokre fungerte, medan andre nok ikkje gjorde det. Men vi vart ikkje ferdig med alle oppg\u00e5vene, og mannen vart nok ogs\u00e5 sliten av all denne elisiteringa, s\u00e5 vi h\u00e5per \u00e5 kunne fortsette praten med han i morgon. Medan vi snakka, arbeidde Jay med \u00e5 samle saman fleire folk, og nestemann p\u00e5 programmet hadde runda hundre med veldig god margin. Ogs\u00e5 han hadde ein gong i tida vore ein kl\u00f8ppar p\u00e5 \u00e5 snakke norsk, men no gjekk det tyngre, ikkje minst fordi han sleit med \u00e5 forst\u00e5 meg og\/eller h\u00f8yre kva vi sa. Det vart derfor til at vi slo oss til ro med at vi her i beste fall ville f\u00e5 samtaledata, og at vi dessverre var eit ti\u00e5r eller to for seint ute for \u00e5 drive med elisitering. Deretter var det s\u00f8stera hans sin tur, ei ungjente p\u00e5 rundt 90. Ogs\u00e5 her gjekk det litt tr\u00e5tt. Eg hadde liksom trudd at i m\u00f8te med s\u00f8rtr\u00f8nderar, s\u00e5 ville det inntr\u00f8ndske registeret mitt passe ypparleg, men slik er det dessverre ikkje; dama klaga p\u00e5 at \u00abtrondhjemmera\u00bb var s\u00e5 \u00abharde\u00bb \u00e5 forst\u00e5, og da kan ein jo berre tenke seg kva tankar ho hadde om slike som meg. At ho i tillegg hadde lagt igjen h\u00f8yreapparatet heime, gjorde det heller ikkje betre. Igjen viste det seg \u00e5 vere tungt nok \u00e5 halde ein samtale g\u00e5ande, \u00e5 drive elisitering ville dessverre vere ur\u00e5d. Og den siste p\u00e5 deltakarlista representerte heller inga stigning i programmet, sj\u00f8lv om denne nitti\u00e5ringen gjerne ville prate \u2013 men ikkje makta \u00e5 prosessere meir enn nokre f\u00e5 norske ord i gongen. N\u00e5r det er sagt, s\u00e5 var dette ei veldig triveleg stund, og eg h\u00e5par at ogs\u00e5 deltakarane fann glede i \u00e5 m\u00f8te oss og snakke litt norsk. Det er opplagt at vi no er for seint ute for \u00e5 hente inn gode data for fonetiske finanalysar, men likevel fekk vi h\u00f8yre eitt og anna som kan kome godt med i arbeidet med \u00e5 flytte denne forskingsfronten. Og dette arbeidet er litt som Askeladden da han skulle m\u00e5lbinde prinsessa, vi m\u00e5 raske med oss alt vi kjem over, for det aldri godt \u00e5 vite kva vi ein dag kan f\u00e5 bruk for. S\u00e5 vi f\u00e5r i det miste ogs\u00e5 i det vi samla no kan finnast ein \u00abblei\u00bb som p\u00e5 ein eller annan m\u00e5te kan kome til nytte. At dette ein gong var eit sterkt norsk samfunn, er det ingen tvil om, det er berre s\u00e5 synd at ingen var her eit par ti\u00e5r tidlegare. Her m\u00e5 eg nok ogs\u00e5 i god, gammaldags AKP-ML-stil drive sj\u00f8lvkritikk: For 38 \u00e5r sidan var det ein relativt ung Hjelde som forvilla seg innom denne sm\u00e5byen p\u00e5 jakt etter inntr\u00f8ndsk spr\u00e5kmateriale, men sidan han her kunne konstatere at det berre var ein gjeng med s\u00f8rtr\u00f8nderar, s\u00e5g han ingen grunn til \u00e5 kaste bort tida si med \u00e5 gjere opptak av slike. Tulling, er vel det mest dekkande sj\u00f8lvkritiske begrepet her. Dessverre! <br \/><br \/>I sekstida kunne vi pakke saman og i m\u00e5neskin k\u00f8yre mot Marshall, der vi stoppa p\u00e5 Perkins for \u00e5 f\u00e5 oss ein matbit. Men det er tydeleg at vi var ein sliten gjeng, og alle gjorde ein heroisk innsats for ikkje \u00e5 sovne med gaffelen i handa. S\u00e5 etter dette m\u00e5ltidet ville vi alle berre heim p\u00e5 motellet og sikte oss inn mot senga. Eg pr\u00f8vde \u00e5 gjere litt sm\u00e5arbeid f\u00f8r sengetid, men det var ur\u00e5d, eg var for tr\u00f8ytt.<br \/><br \/>Og slik g\u00e5r nu dagan\u2026<\/p>\r\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I natt sov eg tungt og godt og vakna f\u00f8rst i sju-tida. Eg tusla da ned til resepsjonen og fekk meg typisk pr\u00e6riefrukost. Br\u00f8dtoastar hadde dei, og ogs\u00e5 vaffeljern, og alt dette tekniske utstyret m\u00e5tte jo pr\u00f8vast. Etter ei stund &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2025\/10\/09\/onsdag-8-oktober-2025-marshall-hendricks\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-668","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/668","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=668"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/668\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":672,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/668\/revisions\/672"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=668"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=668"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=668"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}