{"id":67,"date":"2011-06-21T03:18:59","date_gmt":"2011-06-21T03:18:59","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=67"},"modified":"2011-06-21T03:18:59","modified_gmt":"2011-06-21T03:18:59","slug":"laurdag-18-juni-westby","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2011\/06\/21\/laurdag-18-juni-westby\/","title":{"rendered":"Laurdag 18. juni: Westby"},"content":{"rendered":"<p>Dette var f\u00f8rste dagen her i omr\u00e5det, og i 9-tida sette vi kursen til trailerhuset hennar Florence oppe p\u00e5 Springdalsryggen. Vi var veldig usikre p\u00e5 om ho ville vere der \u00e5leine, eller om ho hadde bedd heim nokre fleire. Da vi duva inn p\u00e5 plassen hennar, s\u00e5g vi at det var fleire bilar samla der, og det s\u00e5g vi p\u00e5 som eit godt teikn. Og det var det! For Florence hadde mobilisert to staute karar, Archie fr\u00e5 Skogdalen og Howard fr\u00e5 Nordryggen. Og etter litt sm\u00e5plunder med \u00e5 rigge oss opp og skifte batteri, var vi klare. Janne var inne p\u00e5 kj\u00f8kkenet saman med Florence og Archie, medan Howard vart med meg inn p\u00e5 stova. \u00c5 snakke med trauste norsk-amerikanarar i godt vaksen alder er\u00a0noko eg\u00a0 har gjort det mange gonger. Derfor har\u00a0eg ogs\u00e5 nokre tankar\u00a0 kva som funkar og kva som ikkje funkar. Men likevel er det slik at nokre gonger glir alt nesten av seg sj\u00f8lv, medan det andre gonger g\u00e5r heilt i st\u00e5. Kva som avgjer dette, er eg sanneleg ikkje heilt sikker p\u00e5, men det er berre slik. Denne gongen f\u00f8lte eg at det svinga litt, vi fekk til ein \u201clett og ledig\u201d samtale om sm\u00e5tt og stort, og det var f\u00f8rst da Janne kom inn fr\u00e5 kj\u00f8kkenet og lurte p\u00e5 om vi snart var ferdige at det gjekk opp for meg kor lenge vi hadde snakka. Mannen var rett og slett ein draum som samtalepartnar, slike informantar kunne det gjerne ha vore fleire av.<\/p>\n<p>Etter denne seansen gjekk vegen ned i Norskedalen, der det var Midsummer Fest. Her var det mykje folk, og svoltne som vi var, sette vi kursen mot matutsalet. Og her kunne eg f\u00e5 kose meg med p\u00f8lse i br\u00f8d som hovudrett med r\u00f8mmegraut til dessert, og til dette herrem\u00e5ltidet h\u00f8yrer kaffi. Janne var litt meir dristig, i staden for p\u00f8lsemat, satsa ho p\u00e5 lefsewrap. Det er kanskje litt uvanleg at ein vegetar-wrap i stor grad er fylt med skinke, men det er no s\u00e5 mangt som er merkeleg i dette sv\u00e6re landet. I Norskedalen er det slik at ein ikkje treng ete utan litt underhaldning til, og Norskedalen Trio gjorde sitt beste for \u00e5 skape lengt etter tr\u00f8ndersk jord gjennom nytolking av Nidelven, s\u00e6rleg vokalarbeidet i refrenget var av ein slik kvalitet at det kan gjere varige inntrykk i eit sart tr\u00f8ndersinn.<\/p>\n<p>Medan vi sat der kom det ein og annan kjenningen bortom for \u00e5 prate, og det er alltid triveleg \u00e5 snakke med folk her. Etter maten og underhaldninga gjekk vi ein runde og s\u00e5g p\u00e5 museet, og kvar gong eg er her, bli eg imponert over kva dei har f\u00e5tt til. I tillegg til alle husa dei har samla her, er naturen ogs\u00e5 sv\u00e6rt s\u00e5 vakker i denne delen av staten. Eg kan heller ikkje nekte for at eg har mange minne fr\u00e5 denne staden, da eg f\u00f8rst kom til Wisconsin p\u00e5 1980-talet var eg innom her ganske ofte, og da kunne eg alltid finne nokre st\u00f8dige karar med overalls og skyggelue p\u00e5 ein av benkane her. Og dette var gamle farmarar som treivst best n\u00e5r dei fekk snakke litt norsk. Benken er tom for slike karar no, men som sagt, det er triveleg \u00e5 vere her. Oppe i hovudbygget var det utstilling av ulike typar trearbeid, som rosem\u00e5ling og treskjering. Og her kjem det ei dame og helsar p\u00e5 oss, den herlege og lettliva Erma, ein framtoning det er heilt umogleg \u00e5 ikkje bli glad i.<br \/>\nEtter ei lang \u00f8kt oppe i Norskedalen sette vi kursen mot Westby igjen, no skulle vi innom \u201cThe Iversons\u201d for \u00e5 helse p\u00e5 og kanskje ogs\u00e5 f\u00e5 litt hjelp med \u00e5 finne fram til nye informantar. Og vi fann Iverson heime, men dette er ein heims\u00f8kt familie. Dagen f\u00f8r hadde det vori gravferd for svigersonen hans p\u00e5 51 \u00e5r, dei hadde funne han daud i senga. Han insisterte p\u00e5 at vi skulle gje oss til litt, og eg vel \u00e5 tolke det slik at han gjerne ville ha nokon \u00e5 snakke med. Som rimeleg er, hadde han ikkje f\u00e5tt skaffa oss informantar, men han hadde nokre namn vi kunne pr\u00f8ve. Vi vart sitjande der ei stund og sm\u00e5snakke, og Iverson varta opp med rotekte norsk mat: pizza. Litt utp\u00e5 kvelden reiste vi tilbake til hotellet og pr\u00f8vde p\u00e5 ein ringerunde, men det var f\u00e5 som tok telefonen, og dei som s\u00e5 gjorde, hevda hardnakka at dei ikkje kunne snakke norsk. Dette lovar ikkje godt for morgondagen\u2026.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Dette var f\u00f8rste dagen her i omr\u00e5det, og i 9-tida sette vi kursen til trailerhuset hennar Florence oppe p\u00e5 Springdalsryggen. Vi var veldig usikre p\u00e5 om ho ville vere der \u00e5leine, eller om ho hadde bedd heim nokre fleire. Da &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2011\/06\/21\/laurdag-18-juni-westby\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-67","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/67","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=67"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/67\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=67"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=67"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=67"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}