{"id":673,"date":"2025-10-10T12:43:07","date_gmt":"2025-10-10T12:43:07","guid":{"rendered":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=673"},"modified":"2025-10-10T12:43:42","modified_gmt":"2025-10-10T12:43:42","slug":"torsdag-9-oktober-2025-marshall-hendricks-sioux-falls-og-fargo","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2025\/10\/10\/torsdag-9-oktober-2025-marshall-hendricks-sioux-falls-og-fargo\/","title":{"rendered":"Torsdag 9. oktober 2025: Marshall, Hendricks, Sioux Falls og Fargo"},"content":{"rendered":"<p>I dag er det p\u00e5 dagen 200 \u00e5r sidan 53 nordmenn steig i land i New York og dermed ogs\u00e5 vart dei f\u00f8rste norskamerikanarane. Rett nok hadde jo Leif Erikson sett foten p\u00e5 amerikansk territorium tusen over tidlegare, men det gjeld p\u00e5 ein m\u00e5te ikkje (sj\u00f8lv om dagen i dag blir markert som Leiv Erikssons Day). Og vi tenker vel neppe p\u00e5 Leif som ein ordknapp, traust og sidrumpa norskamerikanar som prim\u00e6rt ville drive med matproduksjon. For om eg har forst\u00e5tt historia rett, s\u00e5 var Leif meir hissig etter \u00e5 svinge sverdet og dermed gjere gjennomsnittsh\u00f8gda til den mannlege befolkninga her oppe litt stuttare, men hypping i nepe\u00e5keren og avl av nye potetsortar kanskje ikkje var heilt hans domene. Poenget er at vi i dag markerer dette 200-\u00e5rsjubileet, og sj\u00f8lv om det begynner \u00e5 bli veldig lenge sidan dette skjedde, s\u00e5 ser vi framleis sterke spor etter desse pionerane no n\u00e5r vi beveger oss rundt\u00a0 i dei gamle norske \u00absettlementa\u00bb.<\/p>\n<p>Som vanleg har vi opplevd mykje utan at vi kanskje kan skryte av den heilt store fiskefangsten. Men s\u00e5 er det ogs\u00e5 slik at vi no tek til \u00e5 skrape botnen i den forstand at dei gjenlevande spr\u00e5kbrukarane tek til \u00e5 n\u00e6rme seg \u2013 eller alt har passert hundre \u00e5r med god margin. Kontakten v\u00e5r i Hendrikcs hadde ordna eit par talef\u00f8re for oss i dag ogs\u00e5. F\u00f8rst skulle vi inn til Hendricks for \u00e5 m\u00f8te ein av dei vi snakka med i g\u00e5r; da snakka han noks\u00e5 godt, men tok nok p\u00e5 slutten til \u00e5 bli sliten, og vi ville derfor pr\u00f8ve l\u00f8ypeoppg\u00e5va til Sophia, der eg skulle fungere som oppg\u00e5vepartner. I dag snakka denne mangeognitti-ringen mykje betre og sleit ikkje med \u00e5 finne ord p\u00e5 same m\u00e5ten som i g\u00e5r. Oppg\u00e5vene gjekk da ogs\u00e5 p\u00e5 eit vis, sj\u00f8lv om eg trur ingen av oss to heilt forstod kva vi eigentleg skulle gjere. Vi vart veldig produktorientert (\u00e5 kome seg i m\u00e5l), og ikkje prosessorientert (\u00e5 finne rett veg), og derfor er eg usikker p\u00e5 om desse data eigentleg kan brukast til s\u00e5 mykje etterp\u00e5. Etter at dette var ferdig reiste vi dei nesten to timane ned til Sioux Falls for \u00e5 m\u00f8te ei dame p\u00e5 hundreogto. Og dette var ei uvanleg oppeg\u00e5ande dame, b\u00e5de fysisk og mentalt. Ogs\u00e5 her var det ikkje heilt lett \u00e5 f\u00e5 henne til \u00e5 snakke flytande norsk, det var mange \u00e5r sidan sist ho hadde snakka noko s\u00e6rleg. Men det var eigentleg utruleg kva som kom n\u00e5r ho vart litt varm, og det slo meg at det fonetiske eigentleg var lite prega av attrisjon og forfall, den store utfordringa var s\u00e6rleg dette med \u00e5 leite fram dei orda ho trong. Den frie samtalen p\u00e5 norsk gjekk ganske bra, n\u00e5r ein tek omsyn til \u00e5r og alder, men elisiteringa gjekk treigare, og da var det veldig mykje engelsk som vart henta opp. Kartoppg\u00e5va hadde tydelegvis den same utfordringa som oppe i Hendricks. S\u00e5 det er muleg vi m\u00e5 ha ein liten \u00abhavarikommisjon\u00bb her for \u00e5 finne ut korleis vi skal f\u00e5 dette til \u00e5 gli litt betre.<\/p>\n<p>Og etterp\u00e5 var det kaffi med \u00abkeiks\u00bb og \u00abkokkis\u00bb, og det er jo alltid triveleg \u00e5 sitje rundt eit norkamerikansk kj\u00f8kenbord og sm\u00e5snakke. David, som jo har amerikansk gane, kunne i etterkant melde at han syntest banankaka var i drygen kreativ, sidan det var blanda inn kirseb\u00e6r. Eg tenkte ikkje s\u00e5 veldig mykje p\u00e5 det, i s\u00e5 m\u00e5te synest eg det meste av \u00abkeiks og kokkis\u00bb her ute er rimeleg kreativt, og somme tider kan ein jo lure p\u00e5 om hovudm\u00e5let med bakinga er \u00e5 f\u00e5 pressa s\u00e5 mange kaloriar som muleg inn i bakverket. \u00abKaloriinstappen\u00bb, ville dei kanskje kalle det p\u00e5 nederlandsk. Elles kan eg legge til at denne dama no hadde flytta inn i ein eldrebustad, og standarden her var veldig bra, det var faktisk ei leiligheit med to soverom, og det var ingenting som indikerte at dette var ein institusjon. Fellesomr\u00e5da var ogs\u00e5 fine, og dei som budde her s\u00e5g ut til \u00e5 vere noks\u00e5 oppeg\u00e5ande.<\/p>\n<p>Etter denne seansen i Sioux Falls venta drygt tre timar i bil opp til Fargo. Og \u00e5 k\u00f8yre bil i Amerika er vel stort sett som \u00e5 k\u00f8yre bil andre plassar, kanskje med unntak at rattet nesten er overfl\u00f8dig, for vegane her ute er heilt rette. Vi k\u00f8yrde oppover Red River-dalen og passerte gamle kjenninga som Renner og Baltic, plassar eg var fleire gonger p\u00e5 80-talet. Veret dei siste dagane har vore veldig fint med kl\u00e5r himmel og temperaturar opp mot 20 grader p\u00e5 dagtid. I 9-tida var vi framme p\u00e5 hotellet, vi bestilte pizza som vi to med p\u00e5 rommet, og dagen vart avslutta med \u00e5 fylle vomma med mat og ein liten \u00f8lskvett.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r nu dagan her ute p\u00e5 pr\u00e6rien \u2026.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag er det p\u00e5 dagen 200 \u00e5r sidan 53 nordmenn steig i land i New York og dermed ogs\u00e5 vart dei f\u00f8rste norskamerikanarane. Rett nok hadde jo Leif Erikson sett foten p\u00e5 amerikansk territorium tusen over tidlegare, men det &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2025\/10\/10\/torsdag-9-oktober-2025-marshall-hendricks-sioux-falls-og-fargo\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-673","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/673","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=673"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/673\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":675,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/673\/revisions\/675"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=673"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=673"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=673"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}