{"id":681,"date":"2025-10-27T13:05:56","date_gmt":"2025-10-27T13:05:56","guid":{"rendered":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=681"},"modified":"2025-10-27T13:05:56","modified_gmt":"2025-10-27T13:05:56","slug":"sondag-12-oktober-2025-faribault-northfield-wanamingo-la-crosse-og-west-salem","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2025\/10\/27\/sondag-12-oktober-2025-faribault-northfield-wanamingo-la-crosse-og-west-salem\/","title":{"rendered":"S\u00f8ndag 12. oktober 2025: Faribault, Northfield, Wanamingo, La Crosse og West Salem"},"content":{"rendered":"\r\n<p>Ein litt roleg s\u00f8ndag i dag, og etter ein standard motellfrukost med toast, vaffel, juice og kaffi, sat vi litt og jobba nede i matsalen. Men vi var vel ogs\u00e5 samde om at dette etablissementet kanskje ikkje akkurat oste av kos og heimehygge, det var heller litt sm\u00e5sjuskete og nedslitt, s\u00e5 derfor vart det tur til college-byen Northfield, der mellom anna St. Olaf&#8217;s College ligg. <br \/><br \/>Her fann vi oss ein kafe, og det var ei lita oppgradering. Alts\u00e5, det var s\u00f8ndag i nonsleitet, og s\u00e5 var denne plassen nesten full av studentar som sat med kaffikoppen og las og studerte. Det er jo mykje ein kan seie om Amerika no om dgen, men det ga verkeleg von for framtida \u00e5 sj\u00e5 studentar som verkeleg jobba sj\u00f8lv p\u00e5 ein s\u00f8ndag. Slike vil eg ogs\u00e5 gjerne ha heime hos oss! (Men eg m\u00e5 nok i ettertankens lys innr\u00f8mme at unge Hjelde heller ikkje brukte kvar s\u00f8ndag formiddag til \u00e5 studere, i alle fall ikkje i oktober n\u00e5r det framleis var leeenge til eksamen. Berre s\u00e5 det er sagt, liksom). <br \/><br \/>I eitt-tida pakka vi saman rasket v\u00e5rt og pr\u00f8vde \u00e5 sikte oss inn p\u00e5 Wanamingo, men det gjekk berre halvveges bra, for det viste seg at den vegen som GPS-en ville ta oss, var stengt. Og til ville protestar fr\u00e5 damestemma i boksen, s\u00e5 endra vi kurs og f\u00f8lgde instinktet v\u00e5rt, og sidan alle vegar f\u00f8rer til Roma, og nokre sikkert ogs\u00e5 til Wanamingo, s\u00e5 tok instinktet v\u00e5rt etter kvart oss s\u00f8rover, og forbi plassar med namn som Sogn og Urland, noko som jo peiker mot meir heimlege trakter.<br \/><br \/>Irene var heime i Wanamingo og stod klar til \u00e5 ta imot oss, og p\u00e5 ny leverte denne dama varene. Ho seier at ho nesten ikkje snakkar norsk, men det er verkeleg ein fryd \u00e5 h\u00f8yre henne snakke Hegram\u00e5l. Vi rigga oss raskt til, og etter nokre innleiande runder vart det ogs\u00e5 elisiteringsoppg\u00e5ver som heller ikkje skapte vanskar. Artig! Og det kan vel seiast at motet i forskargruppa steig aldri s\u00e5 lite, ogs\u00e5 i dag fekk vi forskingsdata av veldig god kvalitet. Etter ein kaffipause held denne seansen fram, og eg trur Irene likte \u00e5 leike seg med spr\u00e5kkompetansen sin, sj\u00f8lv om ho kommenterte at dette kanskje var litt \u00abkindergarten\u00bb &#8211; og det var det jo. Vi kom oss igjennom programmet v\u00e5rt, pakka saman sakene og starta opp stridsvogna \u2013 no skulle vi ta oss inn i Wisconsin. Turen austover skjedde utan at s\u00e5 mykje skjedde, det var ein vakker ettermiddag og kveld, og n\u00e5r eg k\u00f8yrer ned mot elva, f\u00e5r eg alltid kjensla av \u00e5 kome heim \u2013 i alle fall \u00absecond home\u00bb; her ved Mississippi-r\u00f8veln har eg budd i nesten to \u00e5r til saman, og det er mange gamle minne som dukkar opp her. Den gongen budde eg i La Crosse, men der var hotellprisane uvanleg h\u00f8ge, s\u00e5 vi fann oss noko billigare i West Salem, som ligg litt nordaust for La Crosse, like ved motorvegen. Men f\u00f8rst m\u00e5tte vi jo ha mat, og da er det vanskeleg \u00e5 ikkje reise ned p\u00e5 3rd Street. Her hadde vi sikta oss inn mot ein Thai-restaurant, og menyen her var nok eit stykke unna kva ein vanlegvis f\u00e5r servert heime i Tr\u00f8ndelag. Og det var heller ikkje s\u00e5 veldig lett \u00e5 vite kva eg eigentleg bestilte. Men maten var jo god den. Etter denne feststunda betalte vi (noko som p\u00e5 tur betyr David), kom oss tilbake p\u00e5 motorvegen I-90, sjekka inn p\u00e5 motellet, og til slutt runda vi av med sm\u00e5prat over ein aldri s\u00e5 liten \u00f8lskvett p\u00e5 rommet til Sophia.<br \/><br \/>Og slik g\u00e5r nu dagan.<\/p>\r\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Ein litt roleg s\u00f8ndag i dag, og etter ein standard motellfrukost med toast, vaffel, juice og kaffi, sat vi litt og jobba nede i matsalen. Men vi var vel ogs\u00e5 samde om at dette etablissementet kanskje ikkje akkurat oste av &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2025\/10\/27\/sondag-12-oktober-2025-faribault-northfield-wanamingo-la-crosse-og-west-salem\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-681","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/681","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=681"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/681\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":693,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/681\/revisions\/693"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=681"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=681"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=681"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}