{"id":685,"date":"2025-10-27T13:06:27","date_gmt":"2025-10-27T13:06:27","guid":{"rendered":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=685"},"modified":"2025-10-27T13:06:27","modified_gmt":"2025-10-27T13:06:27","slug":"tysdag-14-oktober-2025-west-salem-og-westby","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2025\/10\/27\/tysdag-14-oktober-2025-west-salem-og-westby\/","title":{"rendered":"Tysdag 14. oktober 2025: West Salem og Westby"},"content":{"rendered":"\r\n<p>I dag var ein ny dag med feltarbeid, og no tek vi s\u00e5 sm\u00e5tt til \u00e5 f\u00e5 litt rutinar p\u00e5 plass. I tillegg kan vi no vi setje fr\u00e5 oss utstyret over natta slik at vi slepp \u00e5 pakke opp og pakke ned, og det er verkeleg eit framsteg sidan vi sparer b\u00e5de tid og plunder p\u00e5 \u00e5 ikkje m\u00e5tte rigge opp og ned utstyr.<br \/><br \/>Igjen skulle vi ha studio i Westby, og Kathy hadde lina opp ei solid rekke med norskspr\u00e5klege, to skulle kome klokka ti, to klokka to og to klokka og s\u00e5 hadde vi kveldsprogram klokka seks. F\u00f8rst ut var Larry og Donnie, og vil ei h\u00f8yre norskspr\u00e5kleg prat ute p\u00e5 pr\u00e6rien, s\u00e5 er desse karane liksom gullrekka. Begge kjenner eg godt fr\u00e5 f\u00f8r, og ikkje minst Larry (som no er bror min, og som i mange \u00e5r har guida meg gjennom pr\u00e6rie- og spr\u00e5klandskapet her). Og det var herleg \u00e5 m\u00f8te begge to igjen, og &laquo;bror&raquo; Larry, var i kjempehum\u00f8r- Dette var verkeleg moro, og tida gjekk fort. <br \/><br \/>Etter denne seansen skulle Larry sj\u00e5 innom Sandra, denne gongen m\u00e5tte eg dessverre klare meg med ein telefonsamtale med henne; det er litt ille \u00e5 vere i Westby, og ikkje ha tid til \u00e5 sj\u00e5 innom slike sentrale st\u00f8ttespelarar i arbeidet mitt. Men slik var det denne gongen, og slik f\u00e5r det ogs\u00e5 vere; men neste gong \u2026.. <br \/><br \/>Etter ein liten pause var det John og Joice som skulle under behandling. John er kanskje den yngste som vaks opp med Westby-norsk, og som ogs\u00e5 kan snakke dette gudegitte spr\u00e5ket. Det var veldig moro \u00e5 m\u00f8te han igjen, og han er den same gamle. F\u00f8rste gongen eg m\u00f8tte han, i 2010, var han veldig oppteken av at han jo var norsk, men samstundes visste han lite om bakgrunnen sin. Han hadde aldri vore i Noreg, og han hadde berre vage tankar om kor folket hans kom fr\u00e5, han trudde det kanskje m\u00e5tte vere \u00abGulbrandsdalen\u00bb. No i sommar var han med p\u00e5 tur til Gamlelandet, og slik sett hadde han eit mykje kl\u00e5rare bilete av kor dei no kom ifr\u00e5. Men han sa at han ikkje hadde gjort leksa si godt nok, s\u00e5 han hadde dessverre ikkje funne tilbake til slekt. Ut over det hadde turen vore fin. <br \/>Men John hadde mange jarn i elden, og da vi var ferdige med litt laust prat og klare for \u00e5 elisitere, var John veldig klar for \u00e5 reise heim; han hadde s\u00e5 frykteleg mykje \u00e5 gjerne. Og n\u00e5r slike som han har mykje \u00e5 gjere, s\u00e5 er dei ogs\u00e5 vanskeleg \u00e5 stoppe, vi h\u00e5par p\u00e5 at han har tid til \u00e5 sj\u00e5 innom oss for litt meir elisitering litt seinare.<br \/><br \/>Siste posten p\u00e5 programmet i kveld var ein titt innom gammelheimen Norseland. Reint fagleg venta eg ikkje anna enn at det ville vere ein fjasko. Dei som har kome s\u00e5 langt i livet at dei har hamna her, har vanlegvis ikkje s\u00e5 frykteleg mykje \u00e5 gje, og ein kan ikkje anna enn beundre spr\u00e5kforskarar som Marstrander som i hovudsak hadde denne typen klientell da han utforska det galliske spr\u00e5ket p\u00e5 Man. Men s\u00e5 kan ein jo leggje til at han, etter det som blir sagt, hadde ei solid stoppen\u00e5l i veska si som var hendig \u00e5 bruke for \u00e5 f\u00e5 liv i informantane n\u00e5r dei sovna av. Men n\u00e5l hadde ikkje vi. <br \/><br \/>N\u00e5r ein driv med det vi gjer, s\u00e5 er det fryktleleg viktig \u00e5 bygge tillit i samfunnet, da kan vi ogs\u00e5 f\u00e5r tilgang til heile den spr\u00e5klege skattekista som lokalsamfunnet r\u00e5r over, og da m\u00e5 ein ogs\u00e5 gje litt, og ikkje berre ta. Og eg trur dei gamle hadde ei triveleg stund saman med oss, i det minste var det kanskje eit lite avbrekk fr\u00e5 noko som sikkert er ein monoton kvardag. Samtidig vil eg gjerne melde at Norseland ser ut til \u00e5 vere ein bra plass \u00e5 vere n\u00e5r ein er gammal og treng hjelp.<br \/><br \/>Etter denne seansen returnerte vi til West Salen og avslutta med litt sm\u00e5prat i lag. <br \/><br \/>Og slik g\u00e5r nu dagan\u2026<\/p>\r\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag var ein ny dag med feltarbeid, og no tek vi s\u00e5 sm\u00e5tt til \u00e5 f\u00e5 litt rutinar p\u00e5 plass. I tillegg kan vi no vi setje fr\u00e5 oss utstyret over natta slik at vi slepp \u00e5 pakke opp &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2025\/10\/27\/tysdag-14-oktober-2025-west-salem-og-westby\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-685","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/685","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=685"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/685\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":695,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/685\/revisions\/695"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=685"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=685"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=685"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}