{"id":687,"date":"2025-10-27T13:06:41","date_gmt":"2025-10-27T13:06:41","guid":{"rendered":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=687"},"modified":"2025-10-27T13:06:41","modified_gmt":"2025-10-27T13:06:41","slug":"onsdag-15-oktober-2025-west-salem-westby-veroqua-la-crosse","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2025\/10\/27\/onsdag-15-oktober-2025-west-salem-westby-veroqua-la-crosse\/","title":{"rendered":"Onsdag 15: oktober 2025: West Salem, Westby, Veroqua, La Crosse"},"content":{"rendered":"\r\n<p>Dette er forel\u00f8pig siste dagen i omr\u00e5det rundt Westby, og ogs\u00e5 i dag k\u00f8yrde vi country-r\u00e5den s\u00f8rover gjennom eit vakkert og noko b\u00f8lgade landskap f\u00f8r vi etter kvart s\u00e5g litt av b\u00e5de Cashton og Westby. <br \/><br \/>Igjen hadde vi avtale fr\u00e5 klokka 10 og utover, og no skulle vi f\u00e5 m\u00f8te to veldig gamle kjenningar, Sam og Bonnie. Begge er \u00abekte\u00bb norskingar, og s\u00e6rleg Bonnie burde vere i spr\u00e5kleg toppform no etter tre veker p\u00e5 ferie i \u00abgamlelandet\u00bb. Sam, p\u00e5 den andre sida, har aldri sett landet der folket hans kom fr\u00e5, og lenge snakka han om det som ein stor draum. Men no er han for gammal, og pengane er i staden brukt p\u00e5 ein framtidig gravstein. Og igjen vart det ei h\u00f8gtidsstund nede i museet med mykje norsk prat. I dag fekk vi ogs\u00e5 tid til ein lunsjpause, og da m\u00e5tte vi jo opp til Borgen\u2019s for \u00e5 ette \u00abkj\u00f8ttkaku\u00bb. Og Borgens er jo slik det bruker \u00e5 vere, men ogs\u00e5 her er det endringar p\u00e5 gang. Eigaren har bestemt seg for \u00e5 selje, og da er det veldig uklart kva som kjem i staden, det er absolutt ikkje opplagt at dette blir f\u00f8rt vidare som ein \u00abnorsk\u00bb restaurant. Rett over gata fr\u00e5 Borgen\u2019s er det eit norsk \u00abgiftst\u00e5r\u00bb, der de stort sett sel norske suvenirar av ymse slag, og tidlegare gonger har eg jo vore innom her og plukka med meg b\u00e5de juletrepynt og t-skjorter. Ogs\u00e5 her er det endringar p\u00e5 gang; vi gjekk inn der og titta litt, og da kunne eigaren fortelje at det gjekk mot slutten for denne butikken, sluttsalet hadde alt starta, og om ein dryg m\u00e5nad skulle ein sportsbutikk ta over. S\u00e5 det er mange \u00abchanges\u00bb p\u00e5 gang her i byen, og dei er ikkje n\u00f8dvendigvis til det betre. Men slik er det vel kanskje med mykje i denne \u00abetniske\u00bb bransjen, er eg redd.<br \/><br \/>S\u00e5 dukka det opp to nye talarar i 2-tida, og igjen s\u00e5 m\u00e5tte dei igjennom kverna med intervju og utspekulert elisitering. Og sidan vi hadde to stasjonar, ein i hovudrommet nede og ein \u00aboppst\u00e6rs\u00bb, s\u00e5 slapp vi nesten all venting. Denne gongen var det ogs\u00e5 ein gammal kjenning, ein som i mange \u00e5r hadde arbeidd med \u00abpolitics\u00bb i Viroqua. Ogs\u00e5 dette var ein solid norskspr\u00e5kleg som hadde mange interessante observasjonar fr\u00e5 samfunnet her. Rundt halv fem dukka det ein etterp\u00e5meldt deltakar opp, og da tok ungdommane seg av han, medan eg sj\u00f8lv reiste ned til Viroqua for \u00e5 sj\u00e5 om faren til Bonnie, som no har flytta inn i ein eldrebustad der. Bonnie var der ogs\u00e5, og det var triveleg \u00e5 sj\u00e5 igjen Tip. Sj\u00f8lv om \u00e5ra tek til \u00e5 krevje sitt, var han i rimeleg god form og glad for \u00e5 f\u00e5 snakke litt norsk. Eg var ikkje der s\u00e5 lenge, etter ein dryg halvtime var det mattid, og da m\u00e5tte Tip f\u00e5 med seg det. Og sj\u00f8lv om eg hadde med ein lydopptakar, s\u00e5 fekk den kvile, av og til m\u00e5 ein ogs\u00e5 kunne vere berre \u00abfriend\u00bb og sm\u00e5prate utan at kvart lydsegment skal forevigast.<br \/><br \/>Eg returnerte og fann dei andre i Westby. Og deretter var det eigentleg berre \u00e5 reise i retning motellet, f\u00f8rst var vi innom ein av informantane som budde i Coon Valley, vi hadde gl\u00f8ymt \u00e5 f\u00e5 underskrifta hans, deretter var vi i La Crosse og kj\u00f8pte pizza som vi s\u00e5 tok med oss til motellet. Og etter eit enkelt m\u00e5ltid p\u00e5 &laquo;pikerommet&raquo; tok vi ein relativt tidleg kveld.<br \/><br \/>Og slik g\u00e5r nu dagan\u2026.<\/p>\r\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Dette er forel\u00f8pig siste dagen i omr\u00e5det rundt Westby, og ogs\u00e5 i dag k\u00f8yrde vi country-r\u00e5den s\u00f8rover gjennom eit vakkert og noko b\u00f8lgade landskap f\u00f8r vi etter kvart s\u00e5g litt av b\u00e5de Cashton og Westby. Igjen hadde vi avtale fr\u00e5 &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2025\/10\/27\/onsdag-15-oktober-2025-west-salem-westby-veroqua-la-crosse\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-687","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/687","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=687"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/687\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":696,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/687\/revisions\/696"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=687"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=687"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=687"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}