{"id":689,"date":"2025-10-30T12:08:48","date_gmt":"2025-10-30T12:08:48","guid":{"rendered":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=689"},"modified":"2025-10-30T12:08:48","modified_gmt":"2025-10-30T12:08:48","slug":"torsdag-16-oktober-west-salem-chetek-veroqua","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2025\/10\/30\/torsdag-16-oktober-west-salem-chetek-veroqua\/","title":{"rendered":"Torsdag 16. Oktober: West Salem, Chetek, Veroqua"},"content":{"rendered":"\r\n<p>Ein ny dag p\u00e5 pr\u00e6rien med litt sm\u00e5regn og ein smak av haust, og i dag skulle vi p\u00e5 langtur. David har ein kontakt oppe i det dei i Westby kallar Nordskogen, alts\u00e5 eit godt stykke nord for Eau Claire. Og dette er faktisk eit stykke fr\u00e5 der vi bur, i k\u00f8yretid rundt to og ein halv time, og som reiseoppleving ein tur fr\u00e5 eit litt bakkete jordbrukslandskap og inn i tjukke furuskogen. <br \/>Familiehistoria mi kan berette at morfaren min var ei tid i t\u00f8mmerskogen i Wisconsin som kokk, men eg er usikker p\u00e5 kor truverdig den delen av utvandrarhistoria til slekta mi er. Og eg har absolutt ikkje peiling p\u00e5 kor i Wisconsin han i s\u00e5 fall var. Men det eg fekk sj\u00e5 p\u00e5 turen oppover, er at det er uhorveleg mykje skog nord i staten, og om han no verkeleg var kokk her, \u00e5 var det sikkert mange t\u00f8mmerhoggar-munnar som skulle mettast. Mor er sterkt i tvil om i det heile hadde ein slik kompetanse, i alle fall gjorde han aldri eit lite fors\u00f8k p\u00e5 \u00e5 hente fram rudiment av dette seinare; aldri skreiv han gourmet-kokeb\u00f8ker, og den einaste retten han kunne varte opp med, var kokt kaffi. Men s\u00e5 var jo dette snart hundre \u00e5r sodan, i ei tid kjenneteikna av slike \u00abmoderne\u00bb verdiar som \u00abtrad life\u00bb og \u00abtrad wife\u00bb.<br \/><br \/>Eit stykke nord for Chetek, p\u00e5 ein stikkveg av ein stikkveg inn i skogen, l\u00e5g det eit hus med mykje norsk \u00abst\u00e6sj\u00bb p\u00e5 utsida som tydeleg signaliserte at har budde det \u00abnorskear\u00bb. Dette var alts\u00e5 heimen til ei dame som hadde vokse opp med norsk heime og som likte \u00e5 snakke norsk, men som no dessverre hadde berre to andre i n\u00e6rmilj\u00f8et \u00e5 snakke norsk med, og dei var \u00abberre\u00bb folk som ein gong hadde studert norsk som eit andrespr\u00e5k, og no ville halde det varmt. Men det var veldig triveleg \u00e5 snakke med henne, og eg trur ogs\u00e5 at ho likte den typen spr\u00e5klege utfordringar og stimuli som vi kom drassande med. S\u00e5 ja, det var moro. Og innsida av heimen viste tydeleg at her var det \u00abplenty\u00bb norske gener, om &laquo;Degne\u2019s gift store&raquo; i Westby skal legge ned, s\u00e5 kan faktisk kj\u00f8kenavdelinga her vere ein verdig arvtakar. Ho kunne fortelje at ho til og med hadde kj\u00f8pt eiga forsikring for dei norske tinga for \u00e5 kunne vere heilt p\u00e5 den sikre sida. Moro. Etter ei lang spr\u00e5k\u00f8kt med intervju og elisitering kunne ho s\u00e5 varte opp med kaffi og kake, og det var b\u00e5de godt og triveleg. Da det lei p\u00e5, s\u00e5 var det p\u00e5 tide \u00e5 takke for seg, og da dukka mannen hennar opp. Han skulle visstnok vere ein ivrig v\u00e5pensamlar, og no kom han heim med ein ny Smith &amp; Wesson i kaliber .45 under arma, og s\u00e5 mykje heftigare enn .45 kan det visst ikkje bli p\u00e5 revolverfronten. Og for \u00e5 skape harmoni i heimen hadde han bytta inn denne godbiten mot to andre, slik at samlinga krympa \u00f8rlite p\u00e5 denne handelen. <br \/><br \/>Men vi m\u00e5tte vidare, og det venta igjen drygt tre timar til motellet vi skal ha, denne gongen i Veroqua. Og med kombinasjonen GPS og amerikanske interstate-vegar er det fullt muleg \u00e5 finne fram her borte, sj\u00f8lv om vi det siste stykket bevega oss p\u00e5 noko som i realiteten er bygdevegar. Vi fann fram og var deretter innom Wallmart for \u00e5 kj\u00f8pe litt mat. David har snufsa litt i dag og ville legge seg tidleg, s\u00e5 det vart ogs\u00e5 tidleg kveld for oss andre. <br \/>Og slik g\u00e5r nu dagan\u2026.<\/p>\r\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Ein ny dag p\u00e5 pr\u00e6rien med litt sm\u00e5regn og ein smak av haust, og i dag skulle vi p\u00e5 langtur. David har ein kontakt oppe i det dei i Westby kallar Nordskogen, alts\u00e5 eit godt stykke nord for Eau Claire. &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2025\/10\/30\/torsdag-16-oktober-west-salem-chetek-veroqua\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-689","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/689","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=689"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/689\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":711,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/689\/revisions\/711"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=689"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=689"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=689"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}