{"id":69,"date":"2011-06-21T12:49:55","date_gmt":"2011-06-21T12:49:55","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=69"},"modified":"2011-06-21T12:49:55","modified_gmt":"2011-06-21T12:49:55","slug":"mandag-20-juni-westby-springdalen-og-s%c3%b8rryggen","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2011\/06\/21\/mandag-20-juni-westby-springdalen-og-s%c3%b8rryggen\/","title":{"rendered":"M\u00e5ndag 20. juni: Westby, Springdalen og S\u00f8rryggen"},"content":{"rendered":"<p>I dag har vi hatt eit relativt tett program her i omr\u00e5det rundt Westby. Som eg har antyda tidlegare, har eg ikkje heilt funne fram til min naturlege d\u00f8gnrytme, noko som i og for seg har sine positive sider. Eg vakna derfor relativt tidleg, fann fram datamaskinga og tenkte at eg kanskje kunne skrive litt medan eg venta p\u00e5 at det skulle bli fullt dagslys og tid for meg til \u00e5 f\u00e5 p\u00e5 meg fillene og verkeleg starte dagen. Det vart ikkje s\u00e5 mykje skriving, derimot noks\u00e5 mykje skyping, og klokka 8 kunne eg m\u00f8te i resepsjonen for \u201cfrukost\u201d. Og frukost i denne samanhengen er ikkje meir innfl\u00f8kt enn at Janne og eg f\u00f8r helga gjekk amok p\u00e5 Hanson\u2019s og spleisa p\u00e5\u00a0br\u00f8d, ost og banan, og dette har vi no samla i ein plastikkpose. Enkelt er det utan tvil, man n\u00e5r alternativet er smultringar med sjokoladetrekk og melis, s\u00e5 er det meir enn godt nok. Ikkje sidan rep.-\u00f8vinga Vingtor IV p\u00e5 And\u00f8ya v\u00e5ren 1986, da Forsvarsmakta heilt gl\u00f8ymte meg p\u00e5 post nede ved Merke-krysset og derfor\u00a0ogs\u00e5 slapp\u00a0\u00e5 bruke dyrebare forsvarskroner til \u00e5 f\u00f8 meg,\u00a0har matstellet p\u00e5 morgonen vori\u00a0enklare. Men ost og br\u00f8d f\u00e5r duge her ute p\u00e5 pr\u00e6rien.<\/p>\n<p>I formiddag skulle vi dele oss i to, Janne starta ut saman med Erma og vener, medan eg skulle snakke med Sonny. Eg vart med for \u00e5 hente Erma, og vinteren har p\u00e5 ingen m\u00e5te svekka det gode hum\u00f8ret hennar. Ho stod framfor appartment-huset og venta p\u00e5 oss, og straks eg steig ut av bilen, baud ho opp til dans. Dette er verkeleg ei makalaus kvinne. Eg fekk deretter skyss tilbake til motellet, medan damene skulle opp i byen for \u00e5 treffe fleire.<\/p>\n<p>Klokka 11 sharp dukka Sunny opp, og da var det berre \u00e5 sl\u00e5 p\u00e5 opptaksutstyret, s\u00e5 var det meste av jobben gjort. For ogs\u00e5 Sunny er ein som liker \u00e5 prate, og han har til tider sterke meiningar om mykje og mangt, ogs\u00e5 ting ein med fordel kanskje ikkje treng \u00e5 ha s\u00e5 sterke meiningar om. Men han om det, samtalen v\u00e5r var ogs\u00e5 denne gongen triveleg. Og sj\u00f8lv om vi har snakka tidlegare, var det framleis mykje han hadde p\u00e5 hjartet. Men akkurat som sist s\u00e5 fekk han det plutseleg s\u00e5 travelt, han m\u00e5tte heim fordi han m\u00e5tte sitje barnevakt for barnebarna.<\/p>\n<p>Neste post p\u00e5 programmet var ein snartur nedi Springdalen for \u00e5 plukke opp Larry. I haust var han ein sv\u00e6rt nyttig kontakt for meg, og han tok meg med til fleire st\u00f8dige \u201cnorskerar\u201d. Ogs\u00e5 i dag hadde han laga ei lita lysl\u00f8ype til oss. Vi l\u00e5g litt bak programmet, s\u00e5 vi hadde ikkje tid til eit sivilisert middagsm\u00e5l, det vart berre ei halvt\u00f8rr br\u00f8dskorpe og ein banan i all hast f\u00f8r Janne med st\u00f8 hand\u00a0styrte denne farkosten gjennom \u00e5kerhavet p\u00e5 Vestpr\u00e6rien og ned Springdalsryggen til Larry. Det var veldig triveleg \u00e5 m\u00f8te han igjen. F\u00f8rste stopp var p\u00e5 Gronvold-farmen oppe p\u00e5 S\u00f8rryggen, og Mr Gronvold var retteleg ein kl\u00f8ppar til \u00e5 \u201clage\u201d norsk. Etter kvart dukka det ogs\u00e5 opp ein gammal nabo som gjerne kunne tenke seg \u00e5 vere med p\u00e5 moroa. Og med Larry som f\u00f8rstefiolinist skal det mykje til om det ikkje blir prata norsk i eit slikt selskap. Heile seansen vart avslutta med ein kjapp kopp kaffi og jordb\u00e6rpai; vi l\u00e5g framleis bak programmet til Larry og hadde ikkje stunder til \u00e5 t\u00f8ve bort meir tid p\u00e5 unyttig prat.<\/p>\n<p>Deretter gjekk vegen ned i byen igjen, der skulle vi m\u00f8te fleire. Lengst inne i den eine butikken, der vareutvalet besto av feilvarer og mat utg\u00e5tt p\u00e5 dato, var det sett opp nokre respateksbord. I tillegg var det ein disk, og bak den stod det ei dame og trakterte kaffi og noko \u00e5 bite i. Ein feltarbeidar b\u00f8r\u00a0sanneleg ha garva magesekk og eksepsjonelt god syreballanse, for dette slit verkeleg p\u00e5 kroppen.<\/p>\n<p>I lokalet stod det ein kar i 60-\u00e5ra og venta p\u00e5 oss, han korta tida med \u00e5 slafse i seg ein is. Det var tydeleg at mannen ikkje hadde snakka norsk p\u00e5 mange \u00e5r: han brukte gjerne lang tid p\u00e5 \u00e5 finne fram til orda, og vi kunne sj\u00e5 korleis han sleit med \u00e5 presse kvart eit ord mellom glottis og opp igjennom larynx og farynx. Nokre gonger b\u00f8ygde han seg i knea og la hendene framfor anletet, andre gonger gjekk han opp p\u00e5 t\u00e5, la hovudet litt p\u00e5 skakke bakover for \u00e5 sikre ordet frie luftvegar, samstundes som han gestikulerte med armene og knytte nevane slik at ein berre s\u00e5g det kvite under naglane f\u00f8r det etterlengta\u00a0ordet\u00a0vart forl\u00f8yst mellom leppene hans. Eg har aldri sett slik ei kroppsleggjering av language attrition.<\/p>\n<p>Kundetrafikken er var ikkje s\u00e6rleg stor her, berre ei \u00f8rlita dame med ei enorm handlevogn man\u00f8vrerte seg mellom hylleradene, s\u00e5 vi rigga opp kamera i ein krok, for no skulle vi sikre materiale som heilt sikkert vil kunne flytte forskingsfronten. Trass i at mannen sleit noko heilt frykteleg med \u00e5 snakke norsk, var det tydeleg at ogs\u00e5 han ein eller annan gong hadde\u00a0&laquo;laga&raquo; d\u00f8l, og trass i alle spr\u00e5klege skavankar, klarte han faktisk \u00e5 gjere seg forst\u00e5tt. Det skal bli interessant \u00e5 sj\u00e5 n\u00e6rare p\u00e5 dette unike opptaket (for du hugsa vel \u00e5 setje videokameraet p\u00e5 opptak, Janne? Eller &#8230;.?)<\/p>\n<p>Etter denne merkelege seansen k\u00f8yrde vi heim Larry f\u00f8r vi staka ut kursen tilbake til Westby. Og over ein pizza vart planane for morgondagen lagt.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r no dagan her i God&#8217;s country<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag har vi hatt eit relativt tett program her i omr\u00e5det rundt Westby. Som eg har antyda tidlegare, har eg ikkje heilt funne fram til min naturlege d\u00f8gnrytme, noko som i og for seg har sine positive sider. Eg &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2011\/06\/21\/mandag-20-juni-westby-springdalen-og-s%c3%b8rryggen\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-69","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/69","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=69"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/69\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=69"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=69"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=69"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}