{"id":7,"date":"2010-09-09T02:33:32","date_gmt":"2010-09-09T02:33:32","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=7"},"modified":"2010-09-09T02:33:32","modified_gmt":"2010-09-09T02:33:32","slug":"8-september-2010-la-crosse","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2010\/09\/09\/8-september-2010-la-crosse\/","title":{"rendered":"8. september 2010: La Crosse"},"content":{"rendered":"<p>I dag har eg hatt i stor grad brukt tida mi p\u00e5 \u00e5 arbeide med foredraget som eg skal ha neste veke. Det tek etter kvart til \u00e5 ta form, sj\u00f8lv om det er ein del ugjort enno. Derfor har eg i stor grad halde meg p\u00e5 motellrommet og sett relativt lite av verda rundt meg. Sj\u00f8lvsagt er det ikkje noko skrivebord p\u00e5 rommet mitt, men det gjeld \u00e5 innrette seg som best ein kan; det er utruleg kor langt ein kan kome med ein stol og ein koffert.<\/p>\n<p>Likevel, eg har ikkje sitte inne heile dagen \u2013 det skulle eigentleg berre mangle n\u00e5r ein er i utlandet og bruker av skattepengane til \u201dfolk flest\u201d. I ein av pausane gjekk eg meg ein tur til \u201dDave\u2019s guitar shop\u201d, som ligg berre fire kvartal herifr\u00e5 \u2013 og dette m\u00e5 nesten vere det n\u00e6raste ein kjem himmelen her p\u00e5 jord. Eg kan ikkje hugse at eg har sett ei s\u00e5 stor gitarbutikk nokon gong \u2013 lokalet var retteleg stort, og her hang det Fenderar, Gibsonar, Rickenbackerar, Guildar og Gretchar overalt. Meter p\u00e5 meter, reol for reol. Kort sagt, ei heilt utruleg samling med strengeleikar \u2013 \u201dand that made my day\u201d . \u00a0Og eg m\u00e5 innr\u00f8mme at eg i ein liten augneblink fekk litt forst\u00e5ing for korleis kvinner kan tenke, sj\u00f8lv om eg nok er farleg n\u00e6r stereotypien her. N\u00e5r eg treng ei bukse, ja s\u00e5 g\u00e5r eg p\u00e5 Dressmann og kj\u00f8per meg ei bukse. Og treng eg ei skjorte, ja s\u00e5 gjer eg akkurat det same. Og dersom buksene p\u00e5 Dressmann ikkje passar p\u00e5 den kroppen som eg gjennom mange \u00e5r har brukt ikkje s\u00e5 reint lite tid og pengar p\u00e5 \u00e5 bygge opp, ja s\u00e5 g\u00e5r eg ein annan stad der dei har ei bukse som passar. Verre er det eigentleg ikkje. Kvinner ser ut til \u00e5 ha ei anna tiln\u00e6rming til dette problemet, dei skal gjerne g\u00e5 fr\u00e5 butikk til butikk, og sj\u00f8lv om buksa i den eine butikken passar dei aldri s\u00e5 mykje, s\u00e5 vil dei gjerne sj\u00e5 p\u00e5 ei anna bukse i ein annan butikk, og dersom buksa der ikkje passar, s\u00e5 er det liksom inga krise. M\u00e5let deira ser i stor grad ut til \u00e5 vere \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 alt det pene som finst, handel blir da liksom sekund\u00e6rt i s\u00e5 m\u00e5te. Her eg er fullt klar over at det empiriske materialet mitt er litt for tynt til at eg kan dra ein alt for bastant konklusjon om kj\u00f8nnsskilnader, og eg bed om orsaking for det. Men akkurat det var heller ikkje poenget, det eg vil fram til, er at eg i dag fann utruleg stor glede i berre \u00e5 g\u00e5 rundt og berre sj\u00e5. Mange hundre gitarar, og da gjerne den same modellen i mange ulike versjonar og nyansar. Eg ser ikkje bort fr\u00e5 at eg stikk ein tur bortom i morgon for \u00e5 handle. Da skulle eg gjerne ha sikra meg ein Gretch Country Gentleman eller ein 12-strengers Rickenbacker, men pga bagasjerestriksjonane p\u00e5 Delta Airlines kjem eg nok i staden til \u00e5 g\u00e5 for eit sett bassgitarstrengar eller to.<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"SzDcob aligncenter\" src=\"https:\/\/lh3.googleusercontent.com\/98HmWUEWLdYh7Y7uBXDwpJ0Fl8xG-iedb5715JixQsF20E4tT7Erh_520fQR_OovxhRNXS3PDwo-nYilLXdVwZc29F8dn6gFVbDrUDQV01-5HbytwlNwUQWblgVDii7xEKjfhsUcgwQTcjdMuAa_GVsBkQQGSFVl5b-3JNQoAgVNZiAsco4nC8-uKRs-Mv4PjwLuEl114B4TRK6E6kOLa-qtMvUnVbBs7f7C62obviOB-Wp5-ntwpLJw1pBUdnu_7N5k9jX_cAy6lNEnuwOw6przIMOmPqrmA9DBUY2cQh7XPCltjiSsWCyyh3LVNU4F0aC1XPqAdS7MRrUMgTPPowaQOyXH_qiQmrv7hLtc87ncraI8pGf2V_nZrUJ2_rwb6mXw4yCTT0qMpBWYy5RljdNcvkHVL-3GwTXDlarkAog6h9jX_KDgth3BNbb3oBeCAh82rV_RJU3W-_Qpo9G-ZWWk1JAcA6xlacWvtrzIGOovjmGlEtRwPLpRdR7B9X7RhEbR3pnH0w8qzSCygoaZA6I=w1223-h917-no\" alt=\"\" width=\"555\" height=\"416\" \/><\/p>\n<p>Vidare m\u00e5tte eg p\u00e5 klokkehandel i dag. Av ein eller annan grunn kunne eg ikkje finne klokka mi da eg skulle pakke. S\u00e5 langt har eigentleg ikkje behovet for klokke vore s\u00e6rleg stort. Eg kan seie mykje stygt om dette motellet, men klokke har dei \u2013 eit stort monster med ein diameter p\u00e5 over ein meter som heng i gangen her. S\u00e5 det er berre \u00e5 gl\u00f8tte p\u00e5 d\u00f8ra for \u00e5 finne ut kva tid p\u00e5 dagen det er. Men samstundes kan det bli litt slitsamt \u00e5 g\u00e5 tre veker her i Midtvesten utan \u00e5 vite om ein skal st\u00e5 opp, eller om ein heller b\u00f8r legge seg. S\u00e5 det l\u00e5g derfor an til klokkehandel. S\u00e5 eg sette kursen opp til det st\u00f8rste kj\u00f8pesenteret i byen \u2013 Valley View Mall. Men ogs\u00e5 der var det meste endra. I gamle dagar var dette ei stor openberring for ein inntr\u00f8nder som ikkje var van med stort anna enn Domus p\u00e5 Verdals\u00f8ra. Men n\u00e5r eg kom opp dit no, s\u00e5 hadde eg vanskar med \u00e5 forst\u00e5 at eg kunne bli imponert av slike ting, det var ikkje stort st\u00f8rre enn kj\u00f8pesenteret verdalingane har skaffa seg p\u00e5 det gamle meieriet. Og her var det heller inga klokke \u00e5 finne. Da var det \u00e5 setje kursen tilbake til sentrum igjen, til gode, gamle K-mart. Og joda, der hadde dei klokker. Dama bak disken var hjelpsam, og etter litt fram og tilbake fann eg ei snerten digitalklokke fr\u00e5 Casio til litt i overkant av 30 dollar. Ein rimeleg god handel, tenkte eg. Eg spurte litt forsiktig om ho kanskje kunne hjelpe meg med \u00e5 stille klokka. Ho smilte litt usikkert, men sa \u201dSure, are you in a hurry?\u201d. Neida, eg hadde tid til \u00e5 vente, eg. Ho pr\u00f8vde seg litt fram, men fann til slutt ut at ein titt i instruksjonsheftet kunne gjere susen. Og dette heftet var eigentleg ikkje eit hefte, snarare ei bok p\u00e5 drygt to hundre sider. Dama bak disken las og sm\u00e5svetta, trykte p\u00e5 knappar og vart enda litt meir svett. Til slutt kapitulerte ho og foreslo at vi kanskje skulle g\u00e5 til elektronikkavdelinga for \u00e5 f\u00e5 hjelp der. Det tykte eg var ein god id\u00e9. Der sto det ein ungdom som sm\u00e5lo og meinte at \u201dsure\u201d, dette skulle ikkje by p\u00e5 s\u00e6rleg store problem. Med arrogant iver kasta han seg over klokka, men ogs\u00e5 han sleit litt, m\u00e5tte sl\u00e5 opp i instruksjonsboka og etter mykje om og men klarte han \u00e5 stille inn p\u00e5 lokal tid for Chicago. Det var jo i og for seg ikkje d\u00e5rleg, men det hadde seg no ein gong slik at vi var i ei anna tidssone, og dit klarte han alts\u00e5 ikkje \u00e5 flytte tida. Bak kvisene dukka det etter kvart opp ein sv\u00e6rt s\u00e5 eplefrisk raudfarge; men p\u00e5gangsmote skal ein p\u00e5 ingen m\u00e5te kritisere han for. Etter ein liten halvtime pr\u00f8vde eg meg med ein sp\u00f8k om at det enklaste kanskje ville vere om eg flytta til Chicago. Dama sm\u00e5humra, medan elektronikknerden vart enda raudare og trykte enda meir desperat p\u00e5 dei mange knappane p\u00e5 klokka. Til slutt ymta dama framp\u00e5 om at vi kanskje burde sj\u00e5 p\u00e5 ei anna klokke. Eg tok poenget raskt, og medan denne elektronikknerden framleis bladde desperat i handboka og trykte p\u00e5 dei ulike knappane, sette vi kursen ned mot klokkeavdelinga igjen, denne gongen p\u00e5 jakt etter analoge klokker. Og den enklaste klokka ho hadde, var eit lommeur til 12 dollar. Neppe ei s\u00e6rleg god klokke som vil g\u00e5 i arv i mange generasjonar etter meg, men likevel ei klokke det g\u00e5r an \u00e5 stille og som det er rimeleg \u00e5 tru vil tikke og g\u00e5 dei tre vekene eg skal vere her. Og best av alt, dette uret var heilt utan brukarrettleiing \u2013 betre kan det vanskeleg bli. Dama pusta letta ut, eg pusta letta ut, og medan nerden i elektronikkavdelinga framleis sto og sveitta over Casio-klokka, gjekk eg glad og letta ut av K-mart, endeleg har eg verkty som kan seie meg om det er dag eller natt.<\/p>\n<p>Vel tilbake p\u00e5 motellet med klokka fekk eg sj\u00e5 den dansk-amerikanske Vietnam-veteranen igjen. Som sagt, livet stryk ikkje alle p\u00e5 kinnet med vakkerhanda. Slik heller ikkje her p\u00e5 motellet i 4th street. Stakkaren hadde f\u00e5tt motorstopp, og det siste eg s\u00e5g av han og bilen, var at bilen vart henta av ein r\u00f8sleg kar fr\u00e5 verkstaden med ei handtralle. Ja faktisk, det kom ein mann med ei handtralle, l\u00f8fta opp bakenden p\u00e5 bilen, og s\u00e5 gjekk dei to med bilen framfor seg. Eit merkeleg syn. Only in America &#8211; trur eg i alle fall.<br \/>\nElles kan eg ogs\u00e5 melde at kvaliteten p\u00e5 klientellet her p\u00e5 motellet ser ut til \u00e5 ha teke seg opp litt i dag. I ettermiddag kom det ein gjeng staute karar p\u00e5 motorsykkel, og no i kveld er det garden party p\u00e5 parkeringsplassen her, karar som samlar seg rundt ein grill medan dei klimprar p\u00e5 ein gitar og utan skamvett underheld dei andre som bur her. Det er berre all biltrafikken som legg ein dempar p\u00e5 den gode stemninga. Men etter kvart som kvelden legg seg over byen her, f\u00e5r dei kanskje arbeidsro som ut\u00f8vande kunstnarar.<\/p>\n<p>\u201dOg slik g\u00e5r no dagan &#8230;\u201d<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag har eg hatt i stor grad brukt tida mi p\u00e5 \u00e5 arbeide med foredraget som eg skal ha neste veke. Det tek etter kvart til \u00e5 ta form, sj\u00f8lv om det er ein del ugjort enno. Derfor har &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2010\/09\/09\/8-september-2010-la-crosse\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-7","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=7"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=7"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=7"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=7"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}