{"id":704,"date":"2025-10-30T12:09:33","date_gmt":"2025-10-30T12:09:33","guid":{"rendered":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=704"},"modified":"2025-10-30T12:09:33","modified_gmt":"2025-10-30T12:09:33","slug":"mandag-20-oktober-2025-madison-stoughton-oregon-oshkosh","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2025\/10\/30\/mandag-20-oktober-2025-madison-stoughton-oregon-oshkosh\/","title":{"rendered":"M\u00e5ndag 20. oktober 2025: Madison, Stoughton, Oregon, Oshkosh"},"content":{"rendered":"\r\n<p>I dag vakna eg noks\u00e5 br\u00e5tt, eg var tr\u00f8ytt og sidan vi skulle ha ein litt roleg morgon, s\u00e5 var planen min \u00e5 sove til klokka 8 \u2013 minst. Men slik ville ikkje den f\u00f8rre gjesten p\u00e5 rommet, han hadde viseleg sett vekkerklokka p\u00e5 0630, som sikkert passa han bra, men som p\u00e5 ingen m\u00e5te passa meg. Eg vakna jo, og sidan eg ikkje heilt visste kor denne lyden kom fr\u00e5, s\u00e5 tok det veldig lang tid f\u00f8r eg i \u00f8rska forsto kva som eigentleg genererte dette br\u00e5ket \u2013 og da var det for seint. Joda, eg d\u00f8sa litt vidare, men eigentleg utan \u00e5 sove, s\u00e5 da vart det berre slik, litt over 8 kravla eg meg opp og fors\u00f8kte \u00e5 arbeide litt fram mot klokka 10, deretter var det berre \u00e5 pakke saman, sjekke ut og laste opp pr\u00e6rieskonnerten. F\u00f8rste post p\u00e5 programmet var litt mat, for hotellet hadde ikkje frukost. David er jo lommekjent her, s\u00e5 han hadde ein frukostrestaurant i tankane, og der for vi for \u00e5 f\u00e5 egg i ymse former, og det var eit solid m\u00e5ltid. Deretter slo vi ihel litt tid gjennom berre \u00e5 k\u00f8yre rundt og sj\u00e5 oss litt om, neste avtale skulle vere i to-tida. Etter \u00e5 ha surra litt rundt slik p\u00e5 m\u00e5f\u00e5, tok vi til slutt mot til oss og stoppa framfor huset til denne karen, som var ein pensjonert politimann. <br \/><br \/>Og dette var ogs\u00e5 ein sv\u00e6rt talef\u00f8r mann som s\u00e6rleg var oppteken av folkemusikk p\u00e5 hardingfele. Dessutan hadde han i tida si som politimann opplevd p\u00e5 det eine og det andre, inkludert at slike \u00abbad guys\u00bb pr\u00f8vde \u00e5 skyte p\u00e5 trauste politimenn. Og dette var kanskje ikkje nokon vinnarstrategi for dei kriminelle sidan vi faktisk sat saman med denne karen enno. Tida her var triveleg, og han snakka meir enn gjerne om livet her p\u00e5 pr\u00e6rien. Opptaka trur eg ogs\u00e5 gjekk bra, sj\u00f8lv om vi no arbeider p\u00e5 rutine meir enn entusiasme. Men ogs\u00e5 det funkar. Etter ei stund takka vi for oss og sette vi GPS-koordinatane til Oregon, ikkje staten, men ein sm\u00e5by som ikkje ligg langt unna. Der skulle vi til biblioteket og m\u00f8te ein sogning, vart det sagt. Vi fann biblioteket lett, og dette var faktisk eit imponerande bygg. Ja, det bryt p\u00e5 mange m\u00e5tar med forestillinga vi her heime no har om Amerika og amerikanarar, som eit kunnskapslaust land der folket er delt i to og sit og ser p\u00e5 kvar sin TV-kanal. For dette var verkeleg i h\u00f8gste grad eit bibliotek som ein slik sm\u00e5by kan vere stolt av, og der det ogs\u00e5 var folk innom, sj\u00f8lv om det sj\u00f8lvsagt var plass til fleire. <br \/>Her m\u00f8tte vi ein sogning, og detter var p\u00e5 mange m\u00e5tar eit historisk m\u00f8te for meg. For det f\u00f8rster er det ikkje s\u00e5 ofte eg f\u00e5r snakke med arvespr\u00e5klege som er yngre enn meg, men det fekk eg no. Vidare var dette ein sogning, og han snakka verkeleg sognem\u00e5l. Han kunne fortelje om ein oppvekst i n\u00e6rleiken av besteforeldre som snakka norsk, og sj\u00f8lv om engelsk nok var f\u00f8rstespr\u00e5ket, tok han etter kvart til \u00e5 plukke opp sognem\u00e5let ogs\u00e5. Opphald i Noreg, b\u00e5de p\u00e5 folkeh\u00f8gskole og p\u00e5 H\u00f8gskolen i Volda styrka spr\u00e5ket. Og n\u00e5 var han ein sv\u00e6rt spr\u00e5kbevisst mann som hadde b\u00e5de nordisk grunnfag og eit metaperspektiv p\u00e5 spr\u00e5kbruk, s\u00e5 dette var retteleg moro, og tida gjekk fort. <br \/><br \/>Klokka gjekk mot sju da vi pakka saman og tok avskil, neste stopp var Oshkosh eit par mil nordover. Og ut over at det regna, s\u00e5 var bilturen oppover uproblematisk, og vi kunne til slutt finne fram til motellet v\u00e5rt, eit heilt OK og typisk motell. Etter \u00e5 ha sjekka inn fann vi vegen til ein restaurant der vi fekk ein matbit f\u00f8r sengetid, og s\u00e5 veldig mykje anna skjedde ikkje denne dagen.<br \/><br \/>Og slik g\u00e5r nu dagan her p\u00e5 pr\u00e6rien.<\/p>\r\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag vakna eg noks\u00e5 br\u00e5tt, eg var tr\u00f8ytt og sidan vi skulle ha ein litt roleg morgon, s\u00e5 var planen min \u00e5 sove til klokka 8 \u2013 minst. Men slik ville ikkje den f\u00f8rre gjesten p\u00e5 rommet, han hadde &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2025\/10\/30\/mandag-20-oktober-2025-madison-stoughton-oregon-oshkosh\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-704","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/704","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=704"}],"version-history":[{"count":2,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/704\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":715,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/704\/revisions\/715"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=704"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=704"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=704"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}