{"id":708,"date":"2025-10-30T12:09:52","date_gmt":"2025-10-30T12:09:52","guid":{"rendered":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/?p=708"},"modified":"2026-02-11T13:07:30","modified_gmt":"2026-02-11T13:07:30","slug":"onsdag-22-oktober-2025-glenwood-sunburg","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2025\/10\/30\/onsdag-22-oktober-2025-glenwood-sunburg\/","title":{"rendered":"Onsdag 22. oktober 2025: Glenwood, Sunburg"},"content":{"rendered":"\r\n<p>Dagen i dag var ogs\u00e5 spanande sidan vi ikkje heilt visste kva kontakten v\u00e5r her kunne klare \u00e5 grave fram av taleviljuge arvespr\u00e5kstalarar. For eit par dagar sidan var talet oppe i 19, men da vi snakka med henne i g\u00e5r kveld, var det tydeleg at det nok ikkje ville bli s\u00e5 mange. Nokre angra seg, andre hadde viktigare ting \u00e5 bruke tida si p\u00e5, s\u00e5 vi fekk berre sj\u00e5 kva som ville skje. Avtalen var at vi skulle m\u00f8te p\u00e5 museet klokka ni, og der ville vi fort sj\u00e5 kva som kunne vente. Merlin hadde starta arbeidsdagen ein time tidlegare i dag enn vanleg, klokka ni m\u00f8tte vi han, og dette er ein b\u00e5de dyktig, interessant og triveleg kar. Vi vart f\u00f8rst vist rundt i museet, og det er utruleg at eit s\u00e5 lite museum har f\u00e5tt til s\u00e5 mykje. Samlinga med ting er fin og f\u00e5r fram fleire ulike sider ved livet i tidlegare tider. Dei har ogs\u00e5 langt stor vekt p\u00e5 urfolk, slik at tidslinja her startar p\u00e5 ingen m\u00e5te med at ein eller annan europear gjekk seg vill ute p\u00e5 pr\u00e6rien og derfor dukka opp her. Vidare har dei store arkiv der det absolutt m\u00e5 vere muleg \u00e5 finne ut av b\u00e5de slekt og andre ting. Kort sagt, dette var interessant. Vi snakka ogs\u00e5 med Aileen, og ho hadde to karar klare for oss no p\u00e5 formiddagen, den eine var bror hennar, den andre var fr\u00e5 ute p\u00e5 k\u00f8ntriet. Igjen sette vi opp to stasjonar, og det fungerte rimeleg bra. Men som vanleg er det vanskeleg med d\u00e5rleg h\u00f8yrsel, og det er til tider tungt \u00e5 rope ulike sp\u00f8rjeord som dei likevel ikkje forst\u00e5r. Den eine av karane var i tillegg tannlaus, og da var han heller ikkje s\u00e5 lett \u00e5 forst\u00e5. Men sidan dette prim\u00e6rt er eit prosjekt som ser p\u00e5 intonasjon og slike overordna ting, er det muleg at manglande laustenner ikkje spelar s\u00e5 stor rolle n\u00e5r vi no skal flytte forskingsfronten.<br \/><br \/>Etter eit par timar med opptak nede p\u00e5 museet, reise informantane v\u00e5re, og vi kunne pakke saman. Etter ein lunsj i eit sv\u00e6rt spesielt konsept som kombinerte matservering med sal av ulike g\u00e5ver (eller kva ein no skal kalle det), k\u00f8yrde vi ned til Sunburg, rundt ein halvtime fr\u00e5 Glenwood; dette er ikkje akkurat ein storby, og om folketalet hadde vore lite tidlegare, s\u00e5 var det ikkje st\u00f8rre no. Om eg ikkje tek heilt feil, s\u00e5 budde det i underkant av hundre personar i byen no. Og i fjor vinter hadde ein storm teke turen innom byen, og den hadde sett djupe spor gjennom mellom anna \u00e5 flatpakke ein stor st\u00e5lsilo ved utsida av byen. Etter det dei seier, s\u00e5 er det lite aktivitet i kulturhuset no, dei fleste norskspr\u00e5klege er borte. S\u00e5 vi skulle vere i kyrkja der det ogs\u00e5 skulle vente to spr\u00e5kmektige. Her kunne vi bruke to m\u00f8terom, og den f\u00f8rste som dukka opp, var ein gammal kjenning med r\u00f8ter til Inder\u00f8ya. Og igjen vart det eit par timar med elisitering og samtale. Inder\u00f8yningen fann s\u00e6rleg stor glede i kartoppg\u00e5va, og det var artig \u00e5 sj\u00e5 samspelet mellom han og David. Og sj\u00f8lv om David har gjort dette mange gonger no og kjenner ruta ut og inn, s\u00e5 var han god til \u00e5 halde maska og late som om dette var heilt nytt for han. Klokka gjekk mot fem da vi var ferdige, og da ville inder\u00f8yningen vise fram kyrkja si, og ogs\u00e5 det dei kallar Combine Alley. Kyrkja var ei lita, nett trekyrkje, og etter det han sa, s\u00e5 hadde dei no ein norsk prest. Kva som eigentleg ligg i det, var noko uklart for oss, for han preika p\u00e5 engelsk, men han skulle ha sterk norsk aksent. Dette f\u00e5r vere noko vi ser n\u00e6rare p\u00e5 dersom det nokon gong skulle bli ein ny tur p\u00e5 desse kantane av verda. <br \/><br \/>Combine Alley var ogs\u00e5 litt absurd; landskapet her var litt bakkete, og oppe p\u00e5 kvar ein bakkerygg var det ein eller annan som hadde funne ut at han skulle fylle tida si med \u00e5 plassere ut gamle tr\u00f8skemaskiner. Ein litt merkeleg tanke, vil nok mange seie, sj\u00f8lv om det i det minste er eit tydeleg landemerke. <br \/><br \/>Vi kom tilbake til Glenwood tidleg i kveldinga, og vi gjorde eit nytt fors\u00f8k p\u00e5 \u00e5 ete p\u00e5 restauranten nede ved \u00ableiken\u00bb, og no var han open. Om ikkje noko heilt spesielt skulle dukke opp, s\u00e5 er dette siste dagen med feltarbeid for denne gong. I morgon reiser vi inn til til Minneapolis og f\u00e5r ein liten smak av sivilisasjon f\u00f8r vi tek flyet heim igjen fredag. Vi har hatt ein fin tur, og samla sett m\u00e5 vi seie oss n\u00f8gde med resultatet. Vi har ikkje hatt ein einaste fridag, og desse vel to vekene p\u00e5 \u00abr\u00e5den\u00bb har vi brukt til \u00e5 intervjue rundt 35 spr\u00e5kbrukarar. Fleire av desse var relativt unge, sj\u00f8lv om ein del var veldig gamle ogs\u00e5, og ikkje minst er vi glade for at vi klarte \u00e5 finne fram til fleire vestlendingar. Kvelden vart runda av med ei samling p\u00e5 rommet til Sophia. <br \/><br \/>Og slik gjekk no den siste dagen med feltarbeid<\/p>\r\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Dagen i dag var ogs\u00e5 spanande sidan vi ikkje heilt visste kva kontakten v\u00e5r her kunne klare \u00e5 grave fram av taleviljuge arvespr\u00e5kstalarar. For eit par dagar sidan var talet oppe i 19, men da vi snakka med henne i &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2025\/10\/30\/onsdag-22-oktober-2025-glenwood-sunburg\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-708","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/708","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=708"}],"version-history":[{"count":4,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/708\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":722,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/708\/revisions\/722"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=708"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=708"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=708"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}