{"id":73,"date":"2011-06-21T05:02:03","date_gmt":"2011-06-21T05:02:03","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=73"},"modified":"2011-06-21T05:02:03","modified_gmt":"2011-06-21T05:02:03","slug":"s%c3%b8ndag-19-juni-solider-grove-viroqua-og-westby","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2011\/06\/21\/s%c3%b8ndag-19-juni-solider-grove-viroqua-og-westby\/","title":{"rendered":"S\u00f8ndag 19. juni: Solider Grove, Viroqua og Westby"},"content":{"rendered":"<p>Dette vart ei noks\u00e5 uroleg natt \u2013 det er lenge sidan eg har opplevd slikt torever. Med rudiment av norsk d\u00f8gnrytme i kroppen, opplever eg noko s\u00e5 uvanleg som \u00e5 vere kveldstr\u00f8ytt, slik at eg sovna tidleg. Men eg vakna litt utp\u00e5 natta av eit forferdeleg leven, og det sto p\u00e5 i mange timar. P\u00e5 det verste skrall det samstundes som det blinka, og denne elektriske aktiviteten gjorde faktisk at lyset i displayet p\u00e5 mobilen min slo seg p\u00e5 fleire gonger i l\u00f8pet av natta \u2013 det har eg aldri opplevd tidlegare.<\/p>\n<p>Etter frukost starta vi ringerunden til dei namna vi hadde p\u00e5 blokka, men vi inns\u00e5g fort at vi hadde vore veldig uheldige med valet av dag og tid: For det f\u00f8rste er dei fleste i kyrkja tidleg p\u00e5 dagen, derfor var det nesten ingen som tok telefonen. Dessutan oppdaga vi at dette er farsdagshelga her borte, s\u00e5 folk hadde som rimeleg er andre planar. Ein av dei f\u00e5 vi fekk tak i, var Johan p\u00e5 50, den yngste norskspr\u00e5klege som eg har funne her, men han har ikkje tid denne gongen. Eg har alt opptak av han, men det hadde vori storveges om vi ogs\u00e5 kunne ha f\u00e5tt filma denne karen. Etter eit par timar med ringing vart vi n\u00e6rast desperate og bestemte oss for \u00e5 g\u00e5 ein liten tripp. Det vart p\u00e5 ingen m\u00e5te noko som likna ein ekspedisjon over innlandsisen p\u00e5 Gr\u00f8nland eller vandring over Besseggen, det vart berre ein liten rusletur langs seksjonsgrensa bak hotellet og tilbake igjen. Turg\u00e5ing ser ut til \u00e5 vere eit ukjent fenomen her p\u00e5 pr\u00e6rien, vi folk vinka til oss, og for alt det vi veit, rista dei sikkert ogs\u00e5 kraftig p\u00e5 hovudet n\u00e5r dei hadde passert. Men det var ogs\u00e5 ein bil som stoppa. Basert p\u00e5 tidlegare erfaringar med beinaktivitetar her, venta eg at ho skulle by oss skyss. Men neida, ho lurte p\u00e5 om vi ville at ho skulle ta bilete av oss. Og sidan dette er \u201cthe land of the free\u201d, kunne vi jo vanskeleg nekte henne det. Og resultatet: Grant Wood hadde sikkert klart dette betre. \u00a0Likevel, eg har enno til gode \u00e5 oppleve at folk heime i gamlelandet stoppar opp for slike ting.<\/p>\n<p>Deretter gjekk turen ned til Borgen\u2019s og middag klokka 12, der vi hadde ein halvveges avtale med \u201cThe Iversons\u201d. Og trass i den situasjonen dei er i, vart dette igjen eit sv\u00e6rt triveleg gjensyn. Berre vegetarar g\u00e5r fr\u00e5 Borgen\u2019s utan \u00e5 ha pr\u00f8vd kj\u00f8ttkakene deira, som gjerne blir servert med lefse og kaffi til. Fulle av nytt p\u00e5gangsmot gjorde vi nokre nye fors\u00f8k, og endeleg fekk vi napp hos ein sogning nede i Viroqua. Og enda betre, han hadde ei s\u00f8ster p\u00e5 \u201cnursingheimen\u201d nede i Soldiers Grove, og dit hadde vi alt tenkt oss for \u00e5 m\u00f8te Mabel, ei dame som ut fr\u00e5 kva folk sa, skulle vere \u201cekte sogning\u201d og kapabel til \u00e5 snakke norsk. Janne er sv\u00e6rt s\u00e5 ivrig etter \u00e5 finne sogningar, og det tok ikkje lange tida f\u00f8r vi var p\u00e5 god veg s\u00f8rover for \u00e5 finne denne plassen.<\/p>\n<p>Amerikanske nursingheimar er ofte eit trist syn: Plass p\u00e5 slike institusjonar er ofte sv\u00e6rt kostbar, og derfor dryger dei ogs\u00e5 i det lengste med \u00e5 flytte inn der, heilt til helsa har svikta fullstendig. Vi forsto vel med ein gong at dette ville bli ein bomtur, for her var politikken \u201cfull privacy \u2013 no photos\u201d.\u00a0 Bomtur-inntrykket vart ogs\u00e5 bekrefta etter det f\u00f8rste bes\u00f8ket til ei dame som sv\u00e6rt gjerne ville ha bes\u00f8k, men som ikkje kunne snakke eit ord norsk. For ikkje \u00e5 framst\u00e5 som likr\u00f8varar tok vi oss litt tid til \u00e5 snakke med henne f\u00f8r vi gjekk vidare til den neste p\u00e5 lista. Men heller ikkje den neste dama kunne snakke norsk, s\u00e5 det einaste vi fekk ut av denne turen, var eit kort innblikk i kva som kanskje ventar oss om nokre \u00e5r: det var sanneleg ikkje lystig.<\/p>\n<p>Deretter gjekk turen tilbake i retning mot Viroqua og ein 90-\u00e5ring som ogs\u00e5 skulle vere slikt eit unikum til \u00e5 snakke sogning. Og dersom det \u00e5 kunne seie \u201cGod dag\u201d gjer at ein kan bli sett p\u00e5 som eksepsjonelt spr\u00e5kmektig, s\u00e5 stemmer nok denne karakteristikken. Denne manglande spr\u00e5kkompetansen vart rett nok kompensert gjennom at dette trivelege parfolket hadde god lyst til \u00e5 snakke, men reint fagleg var det sv\u00e6rt lite \u00e5 hente her, og \u201cvisitten\u201d v\u00e5r vart derfor heller ikkje s\u00e5 lang som han kanskje burde ha vori.<\/p>\n<p>Vel tilbake p\u00e5 motellet i Westby ringte eg til Tip i Skogdalen: han har ei dotter tidleg i 50-\u00e5ra som etter det dei seier skal kunne snakke norsk. Familien hennar hadde vori ein tur lengst nord i Wisconsin, og ho var sikkert sliten etter \u00e5 ha brukt store delar av dagen p\u00e5 \u00e5 k\u00f8yre tilbake til Westby. Likevel ville ho hjelpe oss. I all hast rigga vi opp studio inne p\u00e5 rommet mitt, dama med foreldra m\u00f8tte opp, og det berga verkeleg dagen v\u00e5r. Janne tok seg av intervjuet, og det slo meg at ikkje sidan Einar Haugen p\u00e5 1940- og 50-talet har ein lingvist hatt h\u00f8ve til \u00e5 intervjue ei s\u00e5 ung norskspr\u00e5kleg kvinne i desse delane av verda. Dette var verkeleg ein \u201ch\u00f8jnare\u201d.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r no dagan \u2026<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Dette vart ei noks\u00e5 uroleg natt \u2013 det er lenge sidan eg har opplevd slikt torever. Med rudiment av norsk d\u00f8gnrytme i kroppen, opplever eg noko s\u00e5 uvanleg som \u00e5 vere kveldstr\u00f8ytt, slik at eg sovna tidleg. Men eg vakna &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2011\/06\/21\/s%c3%b8ndag-19-juni-solider-grove-viroqua-og-westby\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-73","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/73","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=73"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/73\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=73"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=73"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=73"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}