{"id":76,"date":"2011-06-22T07:19:26","date_gmt":"2011-06-22T07:19:26","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=76"},"modified":"2011-06-22T07:19:26","modified_gmt":"2011-06-22T07:19:26","slug":"mandag-21-juni-viroqua-rushford-rochester","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2011\/06\/22\/mandag-21-juni-viroqua-rushford-rochester\/","title":{"rendered":"Tysdag  21. juni: Viroqua, Rushford, Rochester"},"content":{"rendered":"<p>Siste morgon p\u00e5 Old Towne Motel i Westby for denne gong, og vi hadde sv\u00e6rt uklare planar for dagen. Det som s\u00e6rleg interesserer meg, er jo nytt Coon Valley og Westby-materialet. Og det har vi f\u00e5tt, utan at det eigentleg tilf\u00f8rer s\u00e5 veldig mykje nytt.<\/p>\n<p>Janne og eg har sikkert eit sv\u00e6rt godt utvikla organisasjonstalent \u2013 saka er at vi kanskje ikkje alltid er like flinke til \u00e5 bruke det. Slik hadde det seg at da vi starta dagen i dag, hadde vi nesten ingen avtalar ut over \u00e5 sj\u00e5 innom Florence p\u00e5 L\u00f8v\u00e5sryggen f\u00f8r vi reiste fr\u00e5 omr\u00e5det. I tillegg hadde eg alt f\u00e5tt napp hos ein flekkefjording i Viroqua, hos han skulle vi vere klokka tolv. Men vi hadde ogs\u00e5 namn p\u00e5 sogningar i La Crosse og i Rushford, men desse hadde vi enno ikkje gjort avtalar med. Amerika er p\u00e5 mange m\u00e5tar eit avansert land, men det manglar heilt klart mykje n\u00e5r det gjeld telefonsystemet \u2013 for ein nordmann framst\u00e5r dette som gammaldags, og lite ser ut til \u00e5 ha endra seg p\u00e5 dei siste 25 \u00e5ra. Derfor er det ogs\u00e5 s\u00e5 viseleg ordna at ein ikkje kan ringe La Crosse fr\u00e5 motellet i Westby \u2013 heller ikkje resepsjonen kunne hjelpe oss med det. Vi fors\u00f8kte derfor mobilane v\u00e5re, men heller ikkje med dei fekk vi kontakt. S\u00e5 etter litt skyping og e-post fann vi det best \u00e5 pakke saman, og vi sette derfor f\u00f8rst kursen ned til Florence, og ho var sv\u00e6rt glad for \u00e5 f\u00e5 bes\u00f8k. Ho l\u00e5nte gladeleg ut telefonen sin til oss, for ho bur innafor grensa til Coon Valley, og da er det gratis \u00e5 ringe ned til La Crosse. Dessverre var det ikkje noko svar \u00e5 f\u00e5 der nede, slik at vi eigentleg ikkje hadde noko program for ettermiddagen. Tida oppe hos Florence var sv\u00e6rt triveleg, og ein kan ikkje seie anna enn at vi er privilegerte som har ein slik jobb der vi kan reise rundt og prate med folk.<\/p>\n<p>Gleda ved dette privilegiet avtok kanskje litt da vi kom til kontakten v\u00e5r i Viroqua. Det var trivelege folk dette ogs\u00e5, og dei gjorde det dei kunne for at vi skulle f\u00f8le oss velkomne, men det vart liksom litt i meste laget. Matbordet stod klart da vi kom, og da vart vi med ein gong sessa p\u00e5 kvar v\u00e5r side av bordet. Og serveringa var i h\u00f8gste grad noks\u00e5 uortodoks, kanskje mest fordi dei ville oss s\u00e5 vel og sette fram alt dei meinte kunne vere godt. At alle desse godsakene kanskje ikkje heilt passa saman, fall dei nok ikkje inn. Vi opna med ein makaroni-\/kylling-\/fiskesalat (dette er eigentleg f\u00f8rste gongen eg har misunt Janne sitt alibi som vegetarianar \u2013 for dette s\u00e5g ikkje s\u00e5 veldig godt ut, og smaken stod eigentleg godt i stil med det visuelle inntrykket \u2013 s\u00e5 kaffikoppen vart hyppig brukt til \u00e5 skylje etter med). Deretter vart det p\u00f8sa p\u00e5 med p\u00e5smurte rosinbollar med ost og skinke, lefse og sursild, og da ein hadde rydda litt plass slik at berre sursildlake flaut over tallerken-botnen, lempa vertinna p\u00e5 ein sv\u00e6r muffins og eit solid stykke banankake. Her skal eg ikkje svartmale heilt, b\u00e5de muffinsen og banankaka var god p\u00e5 smak p\u00e5 den sida som ikkje l\u00e5g ned i sildelaken. Derimot kan eg fastsl\u00e5 at korkje banankake eller muffins utan vidare kan oppgraderast til gourmetmat etter ein runde med marinering i slik lake. Det som var tiltenkt til \u00e5 vere det gastronomiske h\u00f8gdepunktet, var ei blautkake med p\u00e5skrifta \u201cVelkomen\u201d, dekt med mange kuler is. Ein kan ikkje anna enn beundre kor langt den kjemiske industrien har kome i dette landet, men det er ogs\u00e5 tydeleg at det enno er litt \u00e5 g\u00e5 p\u00e5.<br \/>\nDeretter vart vi flytta inn i salongen, der det vart litt sm\u00e5prat om laust og fast, det var mykje dei gjerne ville fortelje oss om og vise fram. Men s\u00e5 vart det ymta framp\u00e5 om at dei hadde \u201cboxes with hundreds of pictures from Norway\u201d. Janne s\u00e5g faren som lurte i eit slikt utsegn, slo raskt og myndig fast at vi nok m\u00e5tte kome oss vidare vestover til nye avtalar. Det var lurt. Eg veit berre at hadde eg vore der \u00e5leine, s\u00e5 hadde eg sikkert sitti der enno og sett i gamle album med gulna fargefoto fr\u00e5 70-talet, smila og nikka h\u00f8fleg medan eg hadde gjort mitt beste for \u00e5 sj\u00e5 interessert ut. Vi braut derfor opp, takka for oss og sette kursen vestover 61-vegen. Eg treng nok ikkje seie noko om at vi aldri tok fram opptaksutstyret v\u00e5rt medan vi var der.<br \/>\nEtter ein liten stopp i Westby igjen, fortsette vi ned til Westby. Her var m\u00e5let \u00e5 snakke med formannen i Sognelaget, men han var ikkje heime denne gongen heller. For \u00e5 heve hum\u00f8ret litt ( i alle fall mitt, eg veit ikkje korleis Janne f\u00f8lte det) gjekk vegen til Dave\u2019s guitarshop i 3rd street. Dette er ein plass som eg skriv om i fjor haust, derfor skal eg ikkje bruke meir plass her, anna enn \u00e5 seie at dette framleis er den heftigaste gitarbutikken eg har sett.<br \/>\nHer gjorde vi eit siste fors\u00f8k p\u00e5 \u00e5 f\u00e5 litt fornuftig ut av denne dagen, og da gjennom at vi gjorde eit siste fors\u00f8k p\u00e5 \u00e5 kontakte heimelsmannen v\u00e5r i Rushford. Og denne gongen fekk vi endeleg fast fisk \u2013 her fanst det faktisk folk som kunne snakke sogning \u2013 halleluja!<\/p>\n<p>GPS-en vart stilt inn og etter ein time var vi framme i den vesle byen. Der m\u00f8tte vi ein godt vaksen mann p\u00e5 92 \u00e5r som verkeleg snakka norskamerikansk sognem\u00e5l. Men gamlingen hadde tydelegvis vore ute ei vinternatt f\u00f8r, og han var sv\u00e6rt mistruisk. I ettertid kan eg ogs\u00e5 forst\u00e5 han litt. I iveren etter \u00e5 dokumentere dette spr\u00e5ket, tok vi oss kanskje litt for vel til rette. Mannen stilte sv\u00e6rt mange kritiske sp\u00f8rsm\u00e5l om kva dette skulle brukast til, om det var pengar involvert, kvifor vi fekk pengar til \u00e5 reise rundt slik \u2013 i det heile var han utruleg skeptisk til oss framandfolka, sj\u00f8lv om han mjukna litt opp n\u00e5r han fekk h\u00f8yre at vi hadde f\u00e5tt namnet hans fr\u00e5 kjenningar i Veroqua. Men heilt trygg var han nok ikkje, og han vart nerv\u00f8s og lurte p\u00e5 om han skulle skytast da kamerastativet skulle riggast opp. Elles gjekk intervjuet sv\u00e6rt greitt, gamlingen var god til \u00e5 snakke, og han var ogs\u00e5 lett \u00e5 snakke med.<\/p>\n<p>Etter ein dryg time braut vi opp, og vi kunne da setje kursen nordover i retning Wanamingo igjen. S\u00e5 f\u00e5r vi sj\u00e5 kva som kjem ut av morgondagen.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r no dagan her i det norske Amerika<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Siste morgon p\u00e5 Old Towne Motel i Westby for denne gong, og vi hadde sv\u00e6rt uklare planar for dagen. Det som s\u00e6rleg interesserer meg, er jo nytt Coon Valley og Westby-materialet. Og det har vi f\u00e5tt, utan at det eigentleg &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2011\/06\/22\/mandag-21-juni-viroqua-rushford-rochester\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-76","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/76","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=76"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/76\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=76"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=76"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=76"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}