{"id":84,"date":"2012-06-27T05:41:04","date_gmt":"2012-06-27T05:41:04","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=84"},"modified":"2012-06-27T05:41:04","modified_gmt":"2012-06-27T05:41:04","slug":"18-juni-2012-halden-seattle","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2012\/06\/27\/18-juni-2012-halden-seattle\/","title":{"rendered":"18. juni 2012: Halden &#8211; Seattle"},"content":{"rendered":"<p>Da er vi i gang igjen med enda ein runde med feltarbeid i Det norske Amerika: dette er noko eg f\u00f8rste gong gjorde for over 25 \u00e5r sidan, og det er sikkert eitt eller anna gale med meg n\u00e5r eg framleis har s\u00e5 stor glede av \u00e5 reise rundt p\u00e5 den amerikanske landsbygda og snakke norsk med gamle folk. Men ja, det har s\u00e5 langt vore frykteleg moro, og vi f\u00e5r h\u00e5pe at det vil halde fram med \u00e5 vere det. <\/p>\n<p>Reisa mi starta fr\u00e5 Halden med tog klokka null seks femti\u00e5tte, og av ein eller annan uforklarleg grunn gjekk toget heilt fram til Oslo S utan at eg fekk mulegheit til \u00e5 pr\u00f8ve ut det makelause konseptet \u00abbuss for tog\u00bb &#8211; utruleg. Deretter var det flytog, og p\u00e5 ny skulle det vise seg at tog verkeleg er tog, og ikkje ein buss slik det var i p\u00e5 den siste amerikaturen. S\u00e5 endeleg har eg litt handfast empiri som faktisk viser at verda g\u00e5r framover. P\u00e5 Gardermoen m\u00f8tte ogs\u00e5 Janne opp, og dermed var forskingsgruppa etablert og i nesten to veker skal vi to gjere v\u00e5rt beste for \u00e5 flytte forskingsfronten i ein eller annan retning \u2013 i f\u00f8rste omgang satsa vi p\u00e5 \u00e5 flytte denne grensa s\u00f8rover i og med at vi m\u00e5tte til Frankfurt for \u00e5 bytte fly. Frankfurt er sikkert ein OK by, tyskarane er ogs\u00e5 kjent som store organisasjonstalent, men for meg st\u00e5r ikkje flyplassen der fram som ein dokumentasjon p\u00e5 dette. Ein skulle heller tru at dette var organisert av sm\u00e5barn fora opp p\u00e5 cola og str\u00f8sukker.  For denne flyplassen er verkeleg kaotisk og rotete \u2013 for meg er det nesten heilt uforst\u00e5eleg at tyskarane kan ha snikra saman noko slikt. Skiltinga her stiller store krav til den reisande, her kjem ein ikkje langt utan stort p\u00e5gangsmot og livleg fantasi. Men vi fann da fram i denne labyrinten, kom oss velberga gjennom kontrollen og til slutt kunne vi spenne oss fast i eit flysete. <\/p>\n<p>Om sj\u00f8lve flyreisa vestover er det ikkje s\u00e5 mykje \u00e5 berette, anna enn at det er ekstremt kjedeleg \u00e5 sitje i eit fly i nesten ti timar, og s\u00e5 veldig stort handlingsrom har ein heller ikkje. Og eg m\u00e5 her ogs\u00e5 nemne at Janne viste stor offervilje og foreslo at eg kunne f\u00e5 sitje ved midtgangen, det hjalp aldri s\u00e5 lite. Likevel fekk eg veldig god tid til \u00e5 lure p\u00e5 kvifor det i seteryggen framfor meg var lagt inn nokre smale metallskinner under foret som heile tida \u00e5t seg inn i kneskjela mi. Eg kan nesten sj\u00e5 for meg det sadistiske smilet til ingeni\u00f8ren n\u00e5r han kom fram til at slik m\u00e5 eit ordentleg flysete vere konstruert. Her b\u00f8r NIFO s\u00e5 absolutt kunne ha eit potensielt \u00e6resmedlem.<\/p>\n<p>Ogs\u00e5 denne flyturen tok slutt, og eigentleg trudde eg at karrieren som turistkveg ville vere over for denne gongen. Men s\u00e5 vel var det ikkje, det var vel eigentleg f\u00f8rst no det starta. Og den store utfordringa her var den amerikanske passkontrollen. Vi hadde plass langt bak i flyet, og derfor kom vi oss seint av flyet, og dermed ogs\u00e5 seint til passkontrollen. Her venta det oss ein uhorveleg lang k\u00f8, og denne k\u00f8en var slik at han nesten ikkje r\u00f8rte seg. Vi venta og venta, medan karane i skranken tok seg retteleg god tid \u2013 og dette er karar som er drilla i utspekulert utsp\u00f8rjingsmetodar og iskalde blikk, og dei brukte uhorveleg lang tid p\u00e5 kvar av stakkarane som kom fram til skranken. Det gjekk verkeleg seint framover, og vaktene tok seg god tid \u2013 frykteleg lang tid. Men vi var neppe dei f\u00f8rste som har st\u00e5tt i k\u00f8 her, for ved dei ulike k\u00f8ane var det plassert uhorveleg store luftvifter som det verkeleg var amerikanske dimensjonar over, sj\u00f8lv kornt\u00f8rkene som finst heime i Tr\u00f8ndelag blir puslete samanlikna med desse monstra.<\/p>\n<p>Til slutt kom vi oss gjennom passkontrollen, fekk henta ut koffertane, kome oss p\u00e5 toget, bytta til buss, og til sist kom vi til bilutleigefirmaet. Og dette var verkeleg ei positiv overrasking. Eg m\u00e5 vere \u00e6rleg og innr\u00f8mme at eg trudde eg hadde bestilt og betalt ein halvgammal bil, men dette var sv\u00e6re greier. I fjor hadde vi eit skikkeleg monster av ein Ford, denne gongen fekk ein doning som ikkje var d\u00e5rlegare. Heller ikkje Janne hadde noko \u00e5 utsetje p\u00e5 denne farkosten, og ho b\u00f8r jo ha greie p\u00e5 slikt sidan ho har lese delar av pensum til b\u00e5tf\u00f8rarpr\u00f8ven og veit t.d. at det er d\u00e5rleg sj\u00f8mannskap \u00e5 gha fenderane ute i fart. Og sj\u00f8lv om eg elles er heilt blotta for forretningstalent, m\u00e5 eg berre vedg\u00e5 at denne gongen hadde eg gjort ein god handel. S\u00e5 kanskje dette er starten p\u00e5 eit nytt og betre liv som business-mann? Og med nybilen duva vi nordover gjennom Seattle sentrum og til utkanten av byen, der vi hadde tinga oss motell for dei to f\u00f8rste nettene. Og slitne, og med kroppen full av jetleg kunne vi finne romma v\u00e5re og ta kvelden.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r no dagan \u2026<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Da er vi i gang igjen med enda ein runde med feltarbeid i Det norske Amerika: dette er noko eg f\u00f8rste gong gjorde for over 25 \u00e5r sidan, og det er sikkert eitt eller anna gale med meg n\u00e5r eg &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2012\/06\/27\/18-juni-2012-halden-seattle\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-84","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/84","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=84"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/84\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=84"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=84"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=84"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}