{"id":89,"date":"2011-06-28T09:13:06","date_gmt":"2011-06-28T09:13:06","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=89"},"modified":"2011-06-28T09:13:06","modified_gmt":"2011-06-28T09:13:06","slug":"onsdag-22-juni-wanamingo-wilmar","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2011\/06\/28\/onsdag-22-juni-wanamingo-wilmar\/","title":{"rendered":"Onsdag 22 juni: Wanamingo, Wilmar"},"content":{"rendered":"<p>I dag gjekk turen tilbake til Wanamingo igjen. Da vi kom hit for over ei veke sidan, hadde vi gjort mange avtalar om opptak, men vi mista jo ein dag pga dette Icelandair-tullet, og derfor ville vi samle opp litt meir. Eg hadde s\u00e6rleg lyst til \u00e5 snakke med Irene og Sigurd, eit ektebar som bur p\u00e5 ein farm midt imellom Zumbrota og Wanamingo. Irene er dotter til ein av informantane som eg hadde her for 25 \u00e5r sidan, og det kunne vere interessant \u00e5 sj\u00e5 om ho snakka like godt som opphavet. Desse to hadde det sv\u00e6rt travelt, men om vi kunne kome med ein gong, kunne det kanskje vere ein \u00f8rliten opning i avtaleboka deira. Igjen rota vi litt med denne GPSen, som insisterte hardnakka p\u00e5 at dei budde midt ute p\u00e5 ei \u201cfield\u201d. Men etter \u00e5 ha spurt etter vegen, fann vi da fram utan fleire problem. Irene og Sigurd var trivelege folk, og igjen invaderte vi privatlivet til folk, og utan skamvett rigga vi opp utstyr, kopla straum medan dei sat rundt bordet med kaffikoppen i handa og s\u00e5g litt undrande p\u00e5 oss. <\/p>\n<p>Sigurd var litt forsiktig av seg og sa ikkje s\u00e5 veldig mykje, noko han forklarte med at det var s\u00e5 sjeldan at han slapp til n\u00e5r han var saman med henne. Og det hadde han sikkert rett i, for dette var dame som hadde snakketyet i orden \u2013 her gjekk det i stj\u00f8rdalsm\u00e5l b\u00e5de p\u00e5 innpust og utpust. Og Irene hadde mykje \u00e5 fortelje, her trong ein ikkje drive med utspekulert intervjuteknikk for \u00e5 f\u00e5 nokre ord ut av henne. Men av og til m\u00e5tte ho ut p\u00e5 kj\u00f8kkenet for \u00e5 r\u00f8re i ei gryte som ho hadde st\u00e5ande der, og da fekk ogs\u00e5 Sigurd armslag til \u00e5 kome med nokre ord.<\/p>\n<p>Det var to ting som s\u00e6rleg fascinerte meg med dette m\u00f8tet. For det f\u00f8rste slo det meg kor avslappande og godt det var \u00e5 kunne snakka min eigen dialekt utan \u00e5 m\u00e5tte pr\u00f8ve \u00e5 knote d\u00f8l. Her ute p\u00e5 pr\u00e6rien er det s\u00e6rleg sp\u00f8rjeorda som er problematiske, og ein veit liksom aldri heilt om ein skal bruke \u201c\u00e5\u201d, \u201cke\u201d, \u201cva\u201d eller \u201ckva\u201d eller noko anna for \u00e5 bli forst\u00e5tt. Men her var eg p\u00e5 trygg grunn, og \u201cka\u201d, \u201ck\u00e6m\u201d og \u201ckoffer\u201d var trygge val. Og jo meir eg palataliserte velarar og slo om meg med jamning og dativformer, jo lettare vart eg forst\u00e5tt. S\u00e5 her kan ein verkeleg snakke om \u00e5 f\u00e5 spele p\u00e5 heimebane.<\/p>\n<p>Det andre som ogs\u00e5 fascinerte meg, var eit par spr\u00e5klege trekk som vi ikkje har h\u00f8yrt som mykje av andre plassar her ute p\u00e5 \u00e5kerviddene. Det eine gjeld dativ, som her i h\u00f8gste grad var levande. Det andre var at Irene faktisk ogs\u00e5 hadde konjunktiv \u2013 ho skilde mellom \u201cva\u201d og \u201cvo\u201d for \u201cvar\u201d. Dette h\u00f8yrde eg ogs\u00e5 for 25 \u00e5r sidan her borte, men eg hadde eigentleg trudd at det hadde g\u00e5tt av moten no. Men eg innser ogs\u00e5 at vi spr\u00e5kfolk m\u00e5 vere nokre merkelege skapningar n\u00e5r ein kan bli s\u00e5 uhorveleg \u201ceksaita\u201d og kome i julestemning berre ein h\u00f8yrer lydkombinasjonen \u201cvo\u201d. Hmmm\u2026<\/p>\n<p>Etter denne seansen og eit par koppar kaffi tok vi avskil med dei to. Eigentleg kunne vi godt ha tenkt oss nokre fleire opptak her, men vi inns\u00e5g ogs\u00e5 at det ville vere ei umogleg oppg\u00e5ve \u00e5 leite heilt p\u00e5 m\u00e5f\u00e5 etter folk med palatalar og utjamning. For 25 \u00e5r sidan kunne eg det, og gjennom \u00e5 lese namn p\u00e5 postkassene slumpa eg ofte borti norskspr\u00e5klege. Men den tida er nok definitivt over her borte, sj\u00f8lv om det ogs\u00e5 er utruleg kor seigliva det amerikanorske spr\u00e5ket trass alt har vore. <\/p>\n<p>Vi hadde lang reiseveg vidare opp mot Wilmar og Sunburg, og vi kom derfor fram til at det beste nok var \u00e5 begynne \u00e5 k\u00f8yre. Vegen oppover var lang, og han vart ikkje kortare av at vi eit par gonger ignorerte gode r\u00e5d fr\u00e5 damestemmen i GPS-en. Men i regnveret fann vi da fram til Wilmar til slutt. Dette er p\u00e5 ingen m\u00e5te noka perle; ein skal nok vere ein stor lokalpatriot for \u00e5 kunne seie noko vakkert om denne staden, for her var det sanneleg ikkje mykje som pirra den estetiske sansen v\u00e5r. Men s\u00e5 er vi jo heller ikkje her for \u00e5 beundre banebrytande arkitektur, s\u00e5 lenge vi kan finne folk som kan snakke norsk, s\u00e5 er vi begge godt n\u00f8gde. Og etter det Janne seier, s\u00e5 skal det finnast slike ikkje s\u00e5 langt unna. Ho var i dette omr\u00e5det i fjor, s\u00e5 ho b\u00f8r jo vite det. Og om ho har rett, f\u00e5r vi vite sikkert i morgon.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r no dagan her ute p\u00e5 pr\u00e6rien. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>I dag gjekk turen tilbake til Wanamingo igjen. Da vi kom hit for over ei veke sidan, hadde vi gjort mange avtalar om opptak, men vi mista jo ein dag pga dette Icelandair-tullet, og derfor ville vi samle opp litt &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2011\/06\/28\/onsdag-22-juni-wanamingo-wilmar\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-89","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/89","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=89"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/89\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=89"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=89"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=89"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}