{"id":9,"date":"2010-09-10T04:07:20","date_gmt":"2010-09-10T04:07:20","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=9"},"modified":"2010-09-10T04:07:20","modified_gmt":"2010-09-10T04:07:20","slug":"torsdag-9-september-la-crosse-sparta-og-madison","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2010\/09\/10\/torsdag-9-september-la-crosse-sparta-og-madison\/","title":{"rendered":"Torsdag 9. september 2010: La Crosse, Sparta og Madison"},"content":{"rendered":"<p>No er eg trygt p\u00e5 plass i Madison etter ein dag p\u00e5 vegen. I 9-tida tok eg avskil med motellet i Madison. Eigaren av motellet var no p\u00e5 plass ved disken, og da var stilen med eitt stramma opp litt. For denne karen, som var skotte, var b\u00e5de nyvaska og rein i kleda. Triveleg var han ogs\u00e5, s\u00e5 det er godt muleg at eg har vore litt for streng i \u00e5 d\u00f8mme dette etablissementet nord og ned. Og ved frukostdisken kom eg i prat med ein annan triveleg kar, ein finsk-amerikanar. Han hadde mykje \u00e5 fortelje om omr\u00e5det, og det vart reine h\u00f8gtidsstunda over speilegget og kaffikoppen.<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"SzDcob aligncenter\" src=\"https:\/\/lh3.googleusercontent.com\/bAXFxn0FZ74Rc3UufDM0X73RHCA9BcNLtJJQy28W1Z_Mw3UeP4Xe1UuV_g3QOajx6Q1jhbwAVMuAy8MfPyIN3gJ0IHFBYz0mRZxYb_XY3swpb3TaN0C9X2PYFPiIJSMrJC-ch29nKebTwOQ0hNrdwgm_WkWROnhEJY_tmqdsvwcBEXxzw7Cr9LIu52dlE3iSH3zY29T4s9qTI8AgUlb9AQTVYg1Iu0wFcCcK5676ygNF7yLwq0VNFMi6lfc3VOaADlXyuUBaWoDIDSQcT3nQtHOZN5NwShrElZPmQqwJqcBjQuPcrDoh1wj77ocQqFZJnuVfAKMcKq8lUrH7bkaUPJKyor15S_43GSJqM2svZ4PX4jshaKTn49mqiGGhYlK5ii550SOi2-jdbrGFPFDmJQ_RO_5qR4jtSBCQVNAwGeJnvdVklZpZ8PPqduYHaTb8KX4I_ONMf7l2vzf8NCpm3pxeJEU7-ulmMDt8FGOmfVfFLj4KRTIT-2igJGaNGU7rbuE7i0qwQcocQS1HQcL4iy0=w1223-h917-no\" alt=\"\" width=\"502\" height=\"376\" \/><\/p>\n<p>S\u00e5 var eg ein runde opp til Madison street, berre for \u00e5 sj\u00e5 huset der eg budde p\u00e5 80-talet, f\u00f8r eg sette kursen til Coon Valley. Eg hadde ingen avtalar der, eg ville berre sj\u00e5 plassen. Eg stoppa ved kyrkjegarden, og sj\u00f8lv om eg har vore der fleire gonger tidlegare, er det alltid ei spesiell oppleving \u00e5 g\u00e5 forbi alle gravsteinane med norske namn, mange av dei har ogs\u00e5 norske inskripsjonar. Det regna litt, og derfor vart ikkje stoppen s\u00e5 veldig lang f\u00f8r eg sette kursen opp til Sparta, der hadde eg avtale med ein 93 \u00e5r gammal mann med r\u00f8ter fr\u00e5 Nordfjord. Eg hadde avtale om tid, med hadde ikkje adressa hans, eg rekna med at i Sparta kjente alle kvarandre. Men det var heilt tydeleg eit mistak. Rett nok var dette ein sm\u00e5by, men det var optimistisk av meg \u00e5 tru at alle dei 8000 som bur der skulle kjenne kvarandre. Eg kom da p\u00e5 at eg hadde telefonnummeret hans, men mobilen min var lite samarbeidsvillig \u2013 eg fekk berre feilmelding. Eg tenkte da \u00e5 g\u00e5 innom postkontoret, der bruker dei gjerne \u00e5 kjenne mange. Men p\u00e5 vegen dit, stakk eg innom biblioteket, og der kunne dei hjelpe meg. Og utrusta med adresse, kart og gode r\u00e5d om himmelretningar, fann eg da fram til gammalheimen der han budde. Mannen var hyggeleg han, men heilt umuleg \u00e5 kommunisere med. Sj\u00f8lv om han hadde sett nye batteri i h\u00f8yreapparatet, fatta han lite av det eg sa. Eg pr\u00f8vde f\u00f8rst med litt tr\u00f8ndsk, det forsto han ikkje. S\u00e5 pr\u00f8vde eg etter fattig evne \u00e5 snakke nynorsk til han. Heller ikkje det var til stor hjelp. I desperasjon slo eg over til engelsk. Heller ikkje det nytta. Eg m\u00e5tte til slutt rope slik at store delar av nabolaget sikker fekk middagsluren forstyrra \u2013 utan at det heller hjelpte s\u00e5 veldig mykje p\u00e5 kommunikasjonen. Det var tydeleg at han var st\u00f8 p\u00e5 norsk, men kva hjelper det n\u00e5r ein ikkje h\u00f8yrer. S\u00e5 samtalen (om ein kan bruke eit slikt uttrykk om det som skjedde) likna sv\u00e6rt mykje p\u00e5 \u201dGod dag mann \u2013 \u00f8kseskaft\u201d. Eg snakka om mitt, og han snakka om sitt.<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"SzDcob aligncenter\" src=\"https:\/\/lh3.googleusercontent.com\/MJkBsRqs6UgWdiLMNqis86uLaibeAiRHzgyYmxMnhS9L_vSs94ueErL3q1YX4GbQy-waMvtGP1p2GDs97cAF_k2GdvLw7P9nrbfYmwrLShVWp7UXCsXg6XiOvA9yjI2Ip_4Hy1VSC2_8pxZYQYFSZH_BdGWwLtANdkLMcbcZ7ukqJsmjpNm9RC6aCSe0NrBuZdKoLGYHr_G8T3C_mkbkbjDTdbgz4WFOf0R3663NC6DqSGgqA5mn1D25KRxZrcNSyPFmjv1DH5aiaTySVJm9SWYPwm25oSV5Ljwi9sr-I4EU4d-GgMSQKyZ9Xzj9CdEzDgaS-MdpLtXEY0IPS9Z-0BRj5yan6E-x0R1Z3UPXMGGxaXDeBTHR3LMwh6-vmvkRlmuGg_403c4OVI-CBcvijj3OI2yufmiyna1FujIsXeiTrXimk9j3JIkuOrt8OiCcdt5aiAdCVebw61l7bMUjkj8KTbA8DSOb1ZS3PtDwcmBsf-uvtZM4rkHjIidW49UtJzBjpQGTty2NpgYmsDJ0ISw=w1223-h917-no\" alt=\"\" width=\"550\" height=\"412\" \/><\/p>\n<p>No i kveld er eg alts\u00e5 framme i Madison, eg har sjekka inn p\u00e5 hotellet \u2013 og her er det faktisk reint og fint \u2013 og i 6. etasje har eg eit flott utsyn utover Lake Mendota.<\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r no dagan her i Midtvesten<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>No er eg trygt p\u00e5 plass i Madison etter ein dag p\u00e5 vegen. I 9-tida tok eg avskil med motellet i Madison. Eigaren av motellet var no p\u00e5 plass ved disken, og da var stilen med eitt stramma opp litt. &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2010\/09\/10\/torsdag-9-september-la-crosse-sparta-og-madison\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1963,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-9","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1963"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=9"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/9\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=9"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=9"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=9"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}