{"id":91,"date":"2011-06-28T09:44:06","date_gmt":"2011-06-28T09:44:06","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=91"},"modified":"2011-06-28T09:44:06","modified_gmt":"2011-06-28T09:44:06","slug":"torsdag-23-juni-sunburg-minneapolis","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2011\/06\/28\/torsdag-23-juni-sunburg-minneapolis\/","title":{"rendered":"Torsdag 23. juni: Sunburg, Minneapolis"},"content":{"rendered":"<p>Litt utafor Wilmar ligg sm\u00e5byen Sunburg, og der hadde vi gjort avtale om intervju heile dagen. Og medan eg tidlegare i veka kunne imponere med lokalkjennskap til sm\u00e5vegane rundt Westby og Coon Valley, er dette Janne sitt rike. Inne p\u00e5 det dei kalla Kultur Hus, sat det to damer og venta p\u00e5 oss, og gjensynsgleda var stor da dei fekk sj\u00e5 Janne. Desse to damene hadde lagt k\u00f8yreplanen for oss, og vi rigga oss raskt til p\u00e5 to rom oppe p\u00e5 loftet. Programmet var noks\u00e5 stramt, det kom grupper p\u00e5 to og tre kvar time utover heile dagen, og desse fordelte vi oss imellom som best vi kunne. <\/p>\n<p>Hovudoppg\u00e5va mi var \u00e5 snakke om farming med dette trauste bonde-folket. Og etter kvart har eg f\u00e5tt litt tak p\u00e5 dette, sj\u00f8lv om det heile til tider kan framst\u00e5 som lett absurd. For rett nok kjenner eg ord som bailer, blower, combain og disc, men eg har litt vage idear om kva dette eigentleg er og kan brukast til. Joda, eg vaks opp ikkje s\u00e5 langt ifr\u00e5 ein gard, og der hadde dei b\u00e5de traktor og forhaustar. Og eg har som gutunge ogs\u00e5 vore med p\u00e5 mj\u00f8lking i sommarfj\u00f8s, hesjing og potetplukking. Men denne erfaringsbaserte kunnskapen kjem lett til kort n\u00e5r ein skal f\u00f8re ein laus og ledig samtale om maskinelt jordbruk p\u00e5 pr\u00e6rien. Eg pr\u00f8vde da \u00e5 late som om eg hadde uvanleg god greie p\u00e5 kva dei snakka om, og understreka nettopp dette gjennom \u00e5 sl\u00e5 om meg med dei fire glosene som eg kan (men framleis er litt usikker p\u00e5 kva tyder): bailer, blower, combain og disc (i alfabetisk orden er dei lettare \u00e5 hugse). Og stort sett s\u00e5 vart desse innspela tekne for god fisk, og samtalen gjekk for det meste i ein vennskapleg tone om viktige ting som bailer, blower, combain og disc. <\/p>\n<p>I ettertid sl\u00e5r det meg at desse opptaka skal lagrast for ettertida. S\u00e5 f\u00e5r eg berre h\u00e5pe at ikkje ein eller annan agronomspiren finn p\u00e5 \u00e5 skulle h\u00f8yre p\u00e5 dette. Det andre som bekymrar meg litt, er kor h\u00e5plaust lite politisk korrekt eg er i val av samtaletema. For n\u00e5r eg skal gjere opptak av menn, s\u00e5 k\u00f8yrer eg sikkerstikket mitt: bailer, blower, combain og disc. Er det kvinner derimot, s\u00e5 styrer eg samtalen lett inn p\u00e5 arbeidet ved kj\u00f8kkenbenken. Det kan godt vere at eg framleis kan ha eitt og anna \u00e5 l\u00e6re som feltarbeidar.<\/p>\n<p>I 12-tida var det innlagt lunsj-pause, og da vart det diska opp med mykje godt. Og det seier eg heilt utan ironisk klang, for etter nesten to veker med mykje kjemisk plumbo-mat, var dette meir jordn\u00e6re varer med b\u00e5de suppe og sm\u00e5grovt br\u00f8d. Og dei to damene i arrangementskomiteen gjorde sitt beste for at vi skulle f\u00f8le oss som heime. Kort sagt, det vart ei triveleg stund rundt matbordet. Etter maten var det p\u00e5 han igjen, og det vart ein lang dag med mykje prat om bailer, blower, combain og disc. Og eg gjorde s\u00e5 godt eg kunne for i virke interessert, men under det siste intervjuet sleit eg verkeleg for \u00e5 halde augo oppe \u2013 det var heilt forferdeleg, eg m\u00e5tte bruke all mi makt for ikkje \u00e5 duppe av: eg hadde ogs\u00e5 tungt for \u00e5 fokusere blikket. Og det var da Janne viste fram stoltrikset. Ho var ferdig med intervjuet sitt, og gl\u00f8tta innom til oss for \u00e5 sj\u00e5 til kameraet. Ved sida av denne apparaturen stod det noko som likna p\u00e5 ein stol, og Janne fekk det da for seg at denne stolen sikkert kunne vere god \u00e5 sette seg p\u00e5. Men denne stolen var ikkje som andre stolar, under putene var det ei heller vaklevoren ramme; stolputa ramla ut og i golvet, og same vegen gjekk det med Janne. Det var kanskje ikkje elegansen i nedslaget som gjorde mest inntrykk p\u00e5 oss, men det er s\u00e5 rart med det, heller ikkje her ute p\u00e5 pr\u00e6rien er det kvardagskost \u00e5 sj\u00e5 ein professor liggje klistra innmed golvlista medan ho kavar og spreller. Sj\u00f8lv eg vakna til litt av dette underhaldningsinnslaget.<\/p>\n<p>Utp\u00e5 ettermiddagen var vi ferdige, da hadde vi ogs\u00e5 gjort eit skikkeleg dagsverk, og kursen kunne no g\u00e5 til Minneapolis, der vi hadde tenkt \u00e5 bruke den siste dagen. Her fann vi eit hotell i n\u00e6rleiken av sentrum, og det eg  sette mest pris p\u00e5, var at det l\u00e5g ein jazzklubb eit par kvartal unna. Og dersom ein kan klare seg ein kveld her borte utan \u00e5 m\u00e5tte h\u00f8yre Nidelven, s\u00e5 var dette ein fin stad \u00e5 sj\u00e5 innom og ogs\u00e5 ein flott finale etter hektiske dagar med feltarbeid. <\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r no dagan i Midtvesten<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Litt utafor Wilmar ligg sm\u00e5byen Sunburg, og der hadde vi gjort avtale om intervju heile dagen. Og medan eg tidlegare i veka kunne imponere med lokalkjennskap til sm\u00e5vegane rundt Westby og Coon Valley, er dette Janne sitt rike. Inne p\u00e5 &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2011\/06\/28\/torsdag-23-juni-sunburg-minneapolis\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-91","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/91","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=91"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/91\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=91"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=91"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=91"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}