{"id":93,"date":"2011-06-28T09:49:28","date_gmt":"2011-06-28T09:49:28","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=93"},"modified":"2011-06-28T09:49:28","modified_gmt":"2011-06-28T09:49:28","slug":"fredag-24-juni-minneapolis","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2011\/06\/28\/fredag-24-juni-minneapolis\/","title":{"rendered":"Fredag 24. juni: Minneapolis"},"content":{"rendered":"<p>Denne siste dagen i Minneapolis hadde vi tenkt \u00e5 bruke til \u00e5 sj\u00e5 oss litt rundt, men dagen vart ikkje heilt som vi hadde tenkt. Rett etter frukost gjekk eg innom rommet for \u00e5 pr\u00f8ve \u00e5 snakke litt med familien, som no er i Spania, og i samband med dette sjekka eg ogs\u00e5 e-posten min. Og der l\u00e5g det ei lita kosemelding fr\u00e5 Icelandair: \u201cDear customer. Due to industrial action your flight to Oslo has been cancelled. For rebooking and further info please call +354 50 50 100 or visit Icelandair.com \u201c. Eg sette da kursen nedover gangen og mot rommet til Janne, der eg m\u00f8tte henne i d\u00f8ra; og det var tydeleg at ho ogs\u00e5 hadde f\u00e5tt den same meldinga. <\/p>\n<p>Ja Icelandair er sanneleg noko til selskap, vi sjekka dette telefonnummeret, og vi var innom heimesida til dette fortreffelege selskapet, men ikkje fekk vi svar, og ikkje fann vi informasjon. Vi fekk da den glupe ideen at vi kanskje kunne ta turen ut p\u00e5 flyplassen, der var det sikkert nokon som kunne hjelpe oss. Men igjen var det tydeleg at dette selskapet har reindyrka taktikken med \u00e5 l\u00e5se d\u00f8ra, dra ned rullgardina, dra ut telefonledningen og s\u00e5 \u00e5 h\u00e5pe at det heile vil g\u00e5 over av seg sj\u00f8lv. Om sider fann vi ei dame som i alle fall var villig til \u00e5 unders\u00f8ke litt for oss. Det var ikkje s\u00e5 veldig mykje ho fann ut, anna enn at det ikkje gjekk noko fly fr\u00e5 Island til Oslo; ei ny ventetid der oppe var vi ikkje s\u00e5 veldig sugne p\u00e5. Utrusta med eit nytt telefonnummer reiste vi tilbake til hotellet igjen og rigga oss til ved telefonen. Og her l\u00e5g det an til venting, og det er tydelegvis ein eller annan glupingen som har funni ut at ventetida blir ei s\u00e5 mykje meir positiv oppleving berre ein p\u00f8ser p\u00e5 med s\u00f8t musikk. Eg trudde kanskje storheitstida til hammondorgelet med rytmeboks forsvann p\u00e5 same tid som LP-platene, men dette stemmer ikkje heilt, det er snarare slik at dette stasm\u00f8belet har flytta fr\u00e5 grammofon til telefon. Uansett, etter ein dryg times venting i selskap med veldig s\u00f8t musikk, kom vi endeleg igjennom. Og dama i den andre enden var sv\u00e6rt s\u00e5 snakkesalig \u2013 eg kan godt forst\u00e5 at det vart lang ventetid for \u00e5 kome igjennom til henne. For \u00e5 gjere ei lang historie kort, vi fekk til slutt booka over til Delta si rute via Amsterdam. Og etter \u00e5 ha brukt mykje av dagen p\u00e5 \u00e5 ordne opp i dette billett-rotet, kunne vi endeleg g\u00e5 ein runde for \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 denne metropolen. Eg har vori i denne byen f\u00f8r, men eg hadde berre sv\u00e6rt vage minne om kva det var \u00e5 sj\u00e5 her. Og eigentleg var det ikkje s\u00e5 rart at minna var vage, for det var vel eigentleg ikkje s\u00e5 mykje \u00e5 glane p\u00e5. I det heile, det litt amputerte programmet vi fekk som turistar, var eigentleg langt nok. Vi gjekk derfor tilbake til hotellet igjen for \u00e5 arbeide, dvs. ordne opp i alt videomaterialet som vi har samla, og ogs\u00e5 sikre at vi har kopiar av alt. Det ville vere for ille om vi skulle miste det vi har samla desse dagane.  Og i morgon reiser vi heim, vi skal berre ein snartur innom Mall of America f\u00f8rst, og da er jobben v\u00e5r gjort her i Midtvesten. P\u00e5 andre sida av havet ventar jetleg, klesvask, kontor og andre kvardagslege ting.<\/p>\n<p>Og slik gjekk no den siste dagen  her i Amerika.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Denne siste dagen i Minneapolis hadde vi tenkt \u00e5 bruke til \u00e5 sj\u00e5 oss litt rundt, men dagen vart ikkje heilt som vi hadde tenkt. Rett etter frukost gjekk eg innom rommet for \u00e5 pr\u00f8ve \u00e5 snakke litt med familien, &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2011\/06\/28\/fredag-24-juni-minneapolis\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-93","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/93","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=93"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/93\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=93"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=93"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=93"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}