{"id":96,"date":"2012-07-03T09:01:11","date_gmt":"2012-07-03T09:01:11","guid":{"rendered":"http:\/\/blogg.hiof.no\/arnsteintmp\/?p=96"},"modified":"2012-07-03T09:01:11","modified_gmt":"2012-07-03T09:01:11","slug":"tysdag-19-juni-seattle","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2012\/07\/03\/tysdag-19-juni-seattle\/","title":{"rendered":"Tysdag 19. juni: Seattle"},"content":{"rendered":"<p>Den f\u00f8rste natta i USA slokna eg tidleg, men til gjengjeld vakna eg ogs\u00e5 tidleg. Alt i tre-tida var eg noks\u00e5 klar og vaken, eg brukte viljestyrke og klarte \u00e5 d\u00f8se fram til klokka fem, men da makta eg ikkje meir og karra meg opp. Folk som kjenner meg vil nok seie at denne iveren etter \u00e5 kome seg ut av senga er eit heilt nytt personlegheitstrekk ved meg. Men det \u00e5 vakne tidleg betyr ikkje n\u00f8dvendigvis at ein f\u00e5r gjort mykje arbeid i morgontimane. F\u00f8r eg reiste til Amerika fekk eg installert nytt oppsett til pc-en, og dermed forsvann ogs\u00e5 vital info for Skype, ulike drivarar og slike ting. Det hadde jo vore stas med litt kontakt med dei der heime slik at dei veit at det er liv i meg, men slik det er akkurat no, ser ikkje det ut til \u00e5 vere muleg. <\/p>\n<p>Janne og eg starta arbeidsdagen med \u00e5 k\u00f8yre ned til den svenske klubben der vi skulle snakke med to svenske damer. Og no vart ein ny standard for informantar sett i og med at vi fekk m\u00f8te folk som ikkje var pensjonistar. Den eine av dei to var ei dame p\u00e5 rundt 40 som hadde vakse opp med svensk heime. Og i motsetnad til mange av dei norske informantane vi har hatt, forsto denne dama ogs\u00e5 inntr\u00f8ndsk utan s\u00e6rlege problem. Vi hefta ikkje s\u00e5 veldig lenge der, straks opptaka var gjort, sette vi kursen ned til Sons of Norway-losjen. Der har dei noko som dei kallar \u00abKaffe stua\u00bb der folk m\u00f8test til ein kaffiskvett og ei br\u00f8dskive. Vi er ikkje medlemmer og har i utgangspunktet ikkje lov til \u00e5 kome inn der. Men her brukte vi \u00abtrondhjemspie\u00bb-knepet: I alle fall p\u00e5 80-talet var det vanleg at jentene i Trondheim stilte seg opp ved k\u00f8en framfor Studentersamfundet og gjorde seg lekre i h\u00e5p om \u00e5 f\u00e5 bli med ein mannleg student inn. Janne og eg stilte oss ogs\u00e5 opp, og sanneleg fungerte dette trikset ogs\u00e5 her, sj\u00f8lv om rollane p\u00e5 sett og vis var snudd p\u00e5 hovudet: Vi fekk vere med ei ekte trondhjemspie inn, ei dame som snakka fintr\u00f8nder og var i 80-\u00e5ra. Sj\u00f8lve \u00abKaffe stua\u00bb var eit noks\u00e5 trist rom med murveggar og utan vindauge. Men inne var det stort sett berre norskspr\u00e5klege pensjonistar, alle var f\u00f8rstegenerasjonsinnvandrarar. Vi sat der ein dryg time og pr\u00f8vde \u00e5 snakke med s\u00e5 mange som muleg. Her var det folk fr\u00e5 mange ulike stader i landet, og vi hadde ei veldig triveleg stund. Men vi hadde ikkje tid til \u00e5 hefte s\u00e5 lenge, for i 12-tida skulle vi opp til \u201cNordic heritage museum\u201d for \u00e5 gjere opptak av ein nordlending. <\/p>\n<p>Ved hjelp av GPS-en fann vi lett fram, og nordlendingen dukka opp samstundes med oss. Dette var ein mann i femti-\u00e5ra med godt hum\u00f8r: han vitsa, smilte og lo heile tida. Det var tydeleg at han hadde mest sans for sin eigen humor, for det var nesten ikkje m\u00e5te p\u00e5 kor mykje han lo, ikkje minst av sine eigne vitsar. Det viste seg snart at denne karen ikkje hadde l\u00e6rt norsk i Amerika, i alle fall ikkje s\u00e5 mykje. Men han hadde vore nokre veker p\u00e5 Hamar\u00f8y, og det hadde sett varige spor i spr\u00e5ket hans \u2013 for han snakka med tydeleg nordnorsk aksent. I tillegg hadde han studert spr\u00e5ket, og han arbeidde som norskl\u00e6rar og organist. Likt med svenskane var elles ikkje denne karen heilt i m\u00e5lgruppa for arbeidet v\u00e5rt, men det er ikkje dermed sagt at spr\u00e5ket hans var uinteressant. Etter intervjuet sprang eg som snarast igjennom utstillinga i museet, deretter bestemte vi oss for \u00e5 sj\u00e5 oss litt rundt i Seattle. <\/p>\n<p>Vi k\u00f8yrde litt rundt i Ballard, den norske delen av Seattle, var innom eit indianarsenter (eit sv\u00e6rt hus utan s\u00e5 veldig mykje innhald) og s\u00e5g litt p\u00e5 utsynet over bukta f\u00f8r vi sette kursen net til slusene. Det var mykje aktivitet der nede av folk som arbeidde med \u00e5 hente opp fisk i laksetrappa , og ikkje minst, trafikk i slusene med b\u00e5tar som gjekk ut og inn. Veret hadde ogs\u00e5 letta no, og sola skein, s\u00e5 vi hadde ei fin stund der nede. Utp\u00e5 ettermiddagen k\u00f8yrde vi tilbake til motellet og gjekk ut for \u00e5 ete middag. <\/p>\n<p>Og s\u00e5 mykje anna enn det er det vel ikkje \u00e5 berette, anna enn at n\u00e5r ein inntr\u00f8nder p\u00e5 vandring i den store verda pr\u00f8ver \u00e5 utvide det gastronomiske repertoaret til \u00e5 omfatte litt anna enn berre kj\u00f8ttkaker og tr\u00f8ndersodd, s\u00e5 kan det lett oppst\u00e5 problem. Sidan vi ville ete i n\u00e6rleiken av motellet, var ikkje utvalet av restaurantar s\u00e5 veldig stort, men vi fann til slutt fram til ein koreansk restaurant, og inn der strena vi. Vi bestilte noko som eg ikkje heilt forsto kva kunne vere, men eg meinte at det kanskje kunne vere steikt flyndre eller noko i den retninga. Og det var det faktisk, men det eg ikkje heilt hadde sett skulle kome, var at dette skulle fort\u00e6rast med pinnar. Det var verkeleg ei finmotorisk utfordring \u2013 n\u00e5r ein som u\u00f8vd skal pr\u00f8ve \u00e5 reinse beina fr\u00e5 flyndra, s\u00e5 har ein sitt \u00e5 stri med. Og betre blir det eigentleg ikkje av at ein er sm\u00e5tr\u00f8ytt og sikkert litt irritabel. Men med ein pinne i kvar handa fekk eg det da i meg p\u00e5 eit vis. Janne derimot har tydelegvis gjort dette f\u00f8r, ho sat der sv\u00e6rt s\u00e5 elegant og beherska og tedde seg som om ho var barnef\u00f8dd i Seoul. <\/p>\n<p>Og slik g\u00e5r no dagan p\u00e5 Vestkysten.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Den f\u00f8rste natta i USA slokna eg tidleg, men til gjengjeld vakna eg ogs\u00e5 tidleg. Alt i tre-tida var eg noks\u00e5 klar og vaken, eg brukte viljestyrke og klarte \u00e5 d\u00f8se fram til klokka fem, men da makta eg ikkje &hellip; <a href=\"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/2012\/07\/03\/tysdag-19-juni-seattle\/\">Les videre <span class=\"meta-nav\">&rarr;<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[1],"tags":[],"class_list":["post-96","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-uncategorized"],"jetpack_featured_media_url":"","_links":{"self":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/96","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=96"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/96\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=96"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=96"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/blogg.hiof.no\/arnstein\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=96"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}