Prosjektsøknaden vår til FINNUT er sendt inn!

I dag har eit samla språkmiljø på Høgskolen i Østfold sendt inn søknad om mange millionar til eit stort forskingsprosjekt!

Dette er ein søknad under FINNUT-paraplyen, og utlysinga var retta mot grunnskulelærarutdanningar og prosjekt om læringsprosessar, vurdering og læringsutbytte.

Vårt prosjekt har tittelen Language learning in the multilingual classroom, og skal samkøyre forsking på språklæring innanfor norsk som andrespråk, engelsk, framandspråk og norsk/nordisk. Mange av forskarane våre innanfor desse faga er med på søknaden! Vi samarbeider sjølvsagt med Fremmedspråksenteret, og vi samarbeider også med Nord universitet, og med Os skole og Hjortsberg skole i Halden, og Cicignon skole i Fredrikstad.

Utdrag frå søknaden

Arbeidet med søknaden har vore svært produktivt og fagleg givande, og mykje av den planlagte forskinga vil vi satse vidare på uavhengig av om vi får tilslag på prosjektet eller ikkje.

Ein spesiell takk skal rettast til Marcus Axelsson (førsteamanuensis, LU) og Arnstein Hjelde (dosent og FoU-leiar, LU) som har lagt inn den aller største arbeidsmengda i søknadsprosessen!

I tillegg har Camilla Bjørke, Åshild Søfteland, Karine Stjernholm, Barbro Opset og Gro Anita Myklevold bidratt mykje med både faglege drøftingar, nettverksarbeid og tekstproduksjon. Vi vil også takke alle i fagmiljøet som har gitt oss støtte til prosjektet – både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Det er heilt strålande å sjå kor mange gode fagvenner vi har rundt omkring.

Her er eit bilete frå den magiske augneblinken da vi trykte på Send-knappen:

Foto: Marcus Axelsson

Følg med for fleire oppdateringar om dette prosjektet og andre!