Språkdidaktisk skriveseminar på Refsnes gods – Jeløya

Torsdag 26. og fredag 27. april har vi hatt skriveseminar på Refsnes gods i regi av SKuL WP2: Språkdidaktikk. Her er det fantastiske forhold for kreativitet og konsentrasjon – spesielt med denne utsikten frå arbeidsrommet:

Utsikt frå Refsnes Gods (Foto: ÅS)

Alle forskarar på Høgskolen i Østfold som arbeider innanfor språkfaga fekk invitasjon til melde seg på på førehand, med krav om eit innsendt abstract om det dei hadde tenkt å skrive om på seminaret (12 plassar tilgjengeleg).

Vi startar seminaret på dag 1 med at alle fortel gruppa kort kva dei har tenkt å skrive om på dei to dagane, og så avsluttar vi dag 2 med at alle fortel kva dei har skrive. I tida mellom dette skriv vi alt det vi klarer, og utnyttar også mulegheitene for ein tur på stranda rett ved – inkludert årets første bad for nokon av oss.

Først skriving:

Skriving (Foto: ÅS)

Så bading:

Bading (Foto: LEE)

Vi var 10 personar på skriveseminaret denne gongen, her er dei fleste på plass ved lunsjbordet:

Middag på seminaret (Foto: ÅS)

Frå venstre: Gro Anita Myklevold (engelsk), Gisela Håkansson (nordisk/andrespråk), Ragnar Arntzen (nordisk/andrespråk), Kristin F. Hagemann (spansk), Linda E. Emilsen (nordisk/andrespråk), Marcus Axelsson (nordisk), Arnstein Hjelde (nordisk/andrespråk), Camilla Bjørke (tysk/framandspråksdidaktikk)

Målet er at det aller meste av det vi har arbeidd med desse to dagane skal bli til publikasjonar av ulike slag til slutt, og mange er allereie svært godt i gang etter to intensive dagar.

Takk for denne gong!