DigiLU på Læringsfestivalen, NTNU

Torsdag 4. og fredag 5. mai var ein stor delegasjon frå lærarutdanninga på Høgskolen i Østfold representert på Læringsfestivalen på NTNU – i regi av det store digitaliseringsprosjektet vårt, DigiLU. (Les meir om DigiLU HER og HER.)

Åshild Søfteland (førsteamanuensis i nordisk) hadde posterpresentasjon på konferansen med tittelen Digital dialektologi – språkdidaktisk bruk av talespråkskorpus:

Posterpresentasjon (Foto: Camilla Bjørke)

Posteren viser korleis talespråkskorpuset Nordisk dialektkorpus, utvikla ved Tekstlaboratoriet, UiO gjennom det nordiske forskarnettverket ScanDiaSyn kan brukast i undervisninga i norskfaget – delt inn i 5 hovudpunkt:

  1. Språklege kjenneteikn ved norske dialektar
  2. Hovudgrupper av norske dialektar
  3. Talemålsendring/sosiolingvistikk
  4. Komparative studiar av nordiske språk
  5. Komparative studiar av tale og skrift

Proceedingsartikkel basert på posteren blir snart tilgjengeleg frå Læringsfestivalen sine sider. Abstractet kan lesast her:

 

Læringsfestivalen 2018
Digital dialektologi – språkdidaktisk bruk av talespråkskorpus
Åshild Søfteland, Høgskolen i Østfold – Avdeling for lærerutdanning

Talemålsvariasjon står sentralt som tema på grunnutdanninga i nordisk på universitet og høgskular, og i norskfaget i skulen. Det finst fleire gode læreverk på marknaden, men lite digitale læringsressursar, iallfall offentleg tilgjengeleg.

Dei siste åra har talespråksforskarar i Norden hatt eit fantastisk verktøy tilgjengeleg på nett: Nordisk dialektkorpus (tekstlab.uio.no/nota/scandiasyn/) er utvikla gjennom forskarnettverket ScanDiaSyn og teknisk utarbeidd ved Tekstlaboratoriet, UiO. Det inneheld dialektopptak med over 800 personar frå over 200 stader, er transkribert og grammatisk annotert, og opent for forskarar og studentar. (Johannessen et al. 2009)

Nordisk dialektkorpus er eit nyttig verktøy i undervisninga av studentar i dialektologi, sosiolingvistikk, nabospråk og grammatikk; både gjennom at forelesaren lett kan finne fram lytteeksempel frå heile Norden eller vise oppdaterte språkgrenser for grammatiske trekk som blir tematisert i undervisninga, og gjennom at studentane kan arbeide med materialet sjølve. Ei slik arbeidsform i faget kan gi både detalj- og oversiktskunnskap, metaspråkleg medvit og metodisk refleksjon. Det kan brukast til enkle studentoppgåver på grunnivå, og som datamateriale i bachelor- og masteroppgåver. (Søfteland 2018/u.t.)

Innlegget vil først presentere erfaringar med bruk av dialektkorpuset til studentaktive læringsformer, og deretter drøfte korleis dette kan vidareutviklast til digitale ressursar for grunnskulen. Her må ein både tenke på skuleelevars ulike nivå og kompetansemål, og kva lærarstudentar må lære for å kunne bruke slike læringsressursar i klasserommet.

Referansar:
Johannessen, J. B. et al. (2009). The Nordic Dialect Corpus – an Advanced Research Tool. I Jokinen, K. & Bick, E. (red.). Proceedings of the 17th Nordic Conference of Computational Linguistics NODALIDA 2009. NEALT Proceedings Series Volume 4.

Søfteland, Å. (2018/u.t.). Nordisk dialektkorpus – ei innføring i forsking på nordiske talespråk. I proceedings frå Semaine Nordique 2017, Paris Sorbonne.

Nøkkelord: dialektologi, digitalisering, språkdidaktikk