SKuL i Oxford!

21.-24. juni organiserte moder-organisasjonen vår SKuL: Skole, kunnskap og lærerutdanning – kunnskapsutvikling for femårig lærerutdanning ein workshop i Oxford for dei tre arbeidspakkene samla (pedagogikk, matematikk, språkdidaktikk). Frå WP2 Språkdidaktikk deltok Camilla Bjørke,Linda Evenstad Emilsen og Åshild Søfteland. Vi reiste saman med Fred Carlo Andersen (førsteamanuensis i pedagogikk, leiar for WP3: Kunnskapsprosesser) og Marit Hoveid (professor i pedagogikk, overordna leiar for SKuL studieåret 2017-18).

Åshild i Oxford (foto: CB)
Camilla i Oxford (foto: ÅS)
Marit, Fred Carlo og Linda i Oxford (foto: ÅS)

Hovudtemaet for turen var å besøke Department of Education, spesielt Katharine Burn, som er ein av dei som jobbar med PGCE-programmet der (Postgraduate Certificate in Education programme). PGCE tilsvarar delvis vår PPU-ordning, men 2/3 av undervisningstida der foregår i praksisskular.

Vi besøkte også ein praksisskule – John Mason School, Abingdon – og fekk illustrert det gode praksissamarbeidet Oxford Department of Education har. Læraren Robin Conway, for eksempel, er både ‘professional tutor’ – han har eit overordna ansvar for alle praksisstudentane på skulen og er skulens faste kontaktperson med universitetet – og såkalla ‘research champion’ – skulens hovudansvarlege for forskingsutvikling. Dette siste gjer han som medlem av Oxford Education Deanary, som blir skildra slik på nettsida deira:

Our aim is to work effectively with local schools to improve educational outcomes. The Oxford Education Deanery facilitates the continuing professional development of teachers at all career stages in local schools through supporting their engagement in and with research.  The Deanery promotes an exciting knowledge exchange between researchers at the University of Oxford and teachers in local schools to better improve student outcomes. This is achieved through three different strands:

1. Initial Teacher Education: A programme of teacher education leading to the award of a PGCE qualification through the Oxford Internship Scheme. 2. Continuing Professional Development: Research-engaged training opportunities for newly qualified and established teachers through three different schemes; NQT induction programme, Action Research Fellowships and the Enhanced Masters in Learning and Teaching. 3. Research: Carrying out research projects linking the Department of Education at the University of Oxford, local schools and other University of Oxford subject departments. The aim is to identify the current needs in schools and use the findings to inform and benefit teaching and learning in local schools.

På Department of Education hadde vi også samtaler med Trevor Mutton, Director of Professional Programmes og Nigel Fancourt, Course Director of the Masters in Learning and teaching.

Katharine Burn var svært imøtekommande og engasjert og guida oss gjennom mange interessante og lærerike diskusjonar og opplevingar. Vi fekk også lære litt om college-strukturen på University of Oxford. Ho høyrer sjølv til St Cross College, og gav oss ei fin omvising der:

St Cross College (foto: ÅS)
St Cross College (foto: ÅS)

Laurdag 22. juni deltok vi på ein konferanse retta mot masterstudentar på studieprogrammet Masters in Learning and Teaching: Early Career Teachers Professional Development Conference.

Her fekk vi blant anna høyre foredrag om Cognitive Science and your classroom: making sense of research claims (Katharine Burn & Laura Molway, University of Oxford) og Teacher-led research as a tool to unleash voice and agency for teachers (Astrid Korin, Principal Education Consultant at the Education Development Trust). Elles var det blant anna poster-sesjon med resultat frå arbeida til masterstudentane. Her var det mange eksempel på forsking i klasserommet som vi kan ta med oss vidare inn i våre eigne masterutdanningar.

I løpet av dagane i Oxford fekk vi også sett mykje på den fantastiske arkitekturen i byen (f.eks. Naturhistorisk museum), vi havna plutseleg på puben til Inspector Morse (The Turf Tavern), og fann ein fabelaktig ‘independent coffee shop’ (Brew):

Museum of Natural History (foto: ÅS)
The Turf Tavern (foto: ÅS)
Brew kaffebar (foto: ÅS)