Ny dag med tett program, og eg vakna i kjend stil i halv seks-tida, eg vasskjemde håret, eller skvetta litt vatn over meg, fekk på meg fillene og tusla ned i frukostrommet. Etter kvart kom den eine etter den andre ned, med eitt unntak – Kari. Vi tenkte lenge at ho kanskje hadde gjort seg ferdig med frukosten før vi vakna – at ho kanskje åt på rommet – at ho ikkje brukte å ete frukost … Men da vi klokka fem på sju sto nede i resepsjonen og venta på shuttlebussen, og Kari heller ikkje da viste seg, vart vi litt urolege og eg gjekk for å sjekke. Eg banka på døra og sa «Kari» litt halvhøgt, og det skal eg seie gjorde susen: Akkurat denne morgonen sette ho nok uslåeleg personleg rekord i kombinasjonsøvinga raskt morgonstell og pakking: da bussen starta motoren, kom Kari springane og kasta seg på. Det heldt akkurat!
Flyplassen i Orlando er USAs største, og både Rygge og Værnes blir nok dessverre overgått her, sjølv ein solid dose lokalpatriotisme kan ikkje bøte på det. Vi sjekka inn, gjekk igjennom sikkerheitssjekken, tok toget til rett terminal og fann til slutt også «gaten». Det viser seg at vi av ein eller annan grunn har fått business-billettar (noko som nok kan forklare ein litt stiv pris på denne reisa), men på den andre sida, slik luksus har jo heilt klart sine fordelar – ikkje minst god plass. Etter drygt 2 timar i lufta, var vi over – og litt seinar på – gamle tomter: Minneapolis, og Uffda-land. Her gjekk også det meste glatt, vi fekk koffertane våre, vi fekk henta ut to bilar: Janne i ein gedigen prærieskonnert, medan eg har vist litt meir måtehald og kunne hente ut ein meir kledeleg SUV. Vi lastsa opp, kopla inn GPS-en og sette kursen sørover og ut av byen – og snart var eg på skikkeleg gamle tomter, eit landskap som eg på 80-talet tråla på jakt etter inntrøndsk jamvekt og palatalar. Vi passerte Zumbrota og Rochester, kom oss etter kvart inn på Highway 90, og etter over to timar på «råden» kunne vi krysse den blå brua over Mississippi og finne det første samlingspunktet vårt: Dave’s Guitarshop i La Crosse. Etter eit mål med mat og litt handling på veldig kjente tomter (gamle Quillins, seinare Family, no Festival) kunne vi ta sjarmøretappen til Westby. Litt utpå ettermiddagen kunne vi sjekke inn på trauste Old Towne Inn, og standarden her no er faktisk eit lite hakk betre enn kva det var for eit par år sidan. Joda, heilt OK, så dette teiknar jo bra for framtidig feltarbeid. Kvelden vart først brukt til ei økt på gamleheimen Norseland for å besøke Florence, ei fantastisk dame som etter kvart har vorte ein institusjon for oss prærielingvistar. Gjennom 30 år med prærielingvistikk har eg besøkt gammalheimar mange gonger og erfart at når norskamerikanarane har hamna her, så er det lite spåkleg materiale å hente – dei her er gjerne litt for skrøpelege til å fungere som gode informantar. Men eg innser også veldig klart at eg nok har vore alt for arrogant i å trekke ein slik konklusjon. Eg har jo sjølvsagt ikkje tenkt på at dei «ferske» prærielingvistane som vi no har med, aldri har møtt dette merkelege språket «live», og for dei var denne stunda ein svært nyttig introduksjon til Det norske Amerika. Dette var faktisk det første møtet dei hadde med «the real thing», og dei imponerte meg i måten dei tok utfordringa. Feltarbeid er mykje meir enn utspekulert elisitering, skal det fungere godt, er det ikkje minst viktig med ein solid dose empati, mykje tolmod, konsentrasjon og fokus.
Og slik går no dagan her på prærien …