I dag er siste dagen vår i dette merkelege landskapet, og rundt 9 kom Anders og kona med pickupen for å ta oss tilbake til flyplassen. Eg har heile tida hatt litt dårleg samvit for at han bruker tida si på oss, men no skulle han altså vere med kona inn til ein doktor i byen, og da er det litt lettare å definere seg inn som gratispassasjer. Og dette er også den siste dagen vår med feltarbeid, eg reiser ikkje tilbake til gamlelandet før fredag, men i morgon er eg nok berre turist i Buenos Aires, og derfor bli nok dette også den siste dagen med blogging her frå pampasen i denne omgang. Men berre så det er sagt, eg har hatt fem retteleg fine veker på vegen/roaden både her i Argentina og i Midtvesten. Eg forstår at eg er heldig som i det heile har mulegheit til å reise slik eg gjer – og som også får lov til å oppleve dette: Life is good – som dei seier 😊
Og igjen kom Anders etter avtalen til hotellet, og og vi fekk lasta opp koffertane våre. Og så venta rundt tre timar på litt varierande vegar nordaustover: og vi bevega oss gjennom eit landskap som vi såg og fotograferte for nokre dagar sidan, det var framleis like storslått, men no visste vi også litt meir om kva som verkeleg var storslått, og kva som berre var bittelitt storslått: det er tydelegvis stor skilnad på det. Elles var dette også ei danningsreise i argentinsk trafikk-kultur: på turen hit var bilen ny og Anders køyrde i stor grad slik eg (reint intiutivt) ville ha gjort, men no var han og bilen skikkeleg «brothers in arms», og da gjekk det verkeleg unna. I Misiones sleit eg litt med å forstå dette med fartsgrenser, men her fekk eg vel eigentleg svaret: det er fullstendig innafor å gonge fartsgrensa med to: så står det 60, så er 120 heilt klart innafor. Dette er jo eit enkelt system å forstå, men på svingete fjellvegar, så har det absolutt mange utfordringar (som at dei i baksetet kan bli bittelitt bleike om nebbet). Men etter knapt tre timar var vi tilbake i Salta, kunne ta avskil, og også sjekke inn på flyplassen. Etter nesten tre intense døgn var det nesten litt rart å ta avskil med Anders og folka hans.
Etter kvart kunne vi også sjekke inn og ta flyet til Buenos Aires. Det var venta veromslag i Salta med vind og regn, men dette slo eigentleg ikkje inn før vi var i lufta, og det to timane austover gjekk utan problem. Men det er mykje som kan skape problem, og i Buenos Aires fekk vi erfare kor krevjande ein fotballkamp kan vere: for den siste Argentina-kampen gjekk samtidig med at vi landa, og da var det for det første veldig lang kø av reisande, og også veldig få taxiar (sidan dei aller fleste hadde stoppa for å få med seg kampen). Joda, i militæret lærte eg å stå i kø, men dei greiene dei klarte å skrape saman på Gardermoen, Stavern og Andenes var småplukk samanlikna med dette.
Åkke som, etter å ha venta nokså lenge, kom vi oss heim. Og den nest siste kvelden i denne byen vart runda av på ein restaurant her i nabolaget, og da gjorde vi eigentleg ein liten tabbe: vi bad om eit bord ute, og dei fleste borda hadde tak – med unntak av vårt, som berre dekte nokre av oss (les:ikkje meg). Og sjølvsagt begynte det å regne nokså heftig: eg fann ly inne i restauranten, medan dei tre bergens-damene tydelegvis hadde det som «fisken i vannet» – dei fann ly under taket. Men da det vart tid for dessert og ein kaffiskvett, så søkte dei også inn under skikkeleg tak.
Og slik slutta den (nest) siste dagen min her i Argentina: I morgon skal eg berre vere turist og reise ned til bydelen Boca, og sidan dette er ein blogg om feltarbeid, sluttar eg her denne gongen.
Og slik går nu dagan…..