Månedlig arkiv: november 2017
Laurdag 11. november: Westby
I dag er det Veterans day her i flatlandet, men eg er usikker på om denne dagan gjeld slike som meg – veteranar i prærielingvistikk – eg trur kanskje ikkje det … Som vanleg ringde Larry meg i åtte-tida, han … Les videre
Fredag 10. november 2017: Westby, Springdalen, Coon Valley
Sjølv om eg var nokså trøytt i går kveld, vakna eg som vanleg litt over sju: no har eg utan tvil funne ein «vanleg» døgnrytme. Det einaste som er litt rart, er at eg framleis er veldig kveldstrøytt. Jaja, det … Les videre
Torsdag 9. november 2017: Sioux Falls, Baltic, Renner, Westby
Som prærielingvist har dette vore ein møkkadag, kanskje eigentleg som venta. Eg hadde ei god natt på motellet i Sioux Falls, eg vakna i rimeleg tid, og etter ei stund forsto eg at eg hadde veldig god tid – klokka … Les videre
Onsdag 8. november 2017: Appleton, Campbell, Swift falls, Appleton, Sioux Falls
Dette har vore ein heildag på «råden» – dessverre resulterte det ikkje i nye opptak. Eg vakna litt over sju, fekk meg litt «påssåmat» (moteller her gjer ingen forsøk på å servere anna enn tynn, pissly kaffi). Og no hadde … Les videre
Tysdag 7. november 2017: Marshall, Madison, Appleton, MN
Da eg kom på motellet i går kveld, starta eg prosessen med å vaske klede, og klokka gjekk mot to i natt før eg kunne hente nyvaska sokkar ut av vaskemaskina. Derfor vart det retteleg seinkveld, og resultatet av dette … Les videre
Måndag 6. november: Westby, Wanamingo, Marshall
I dag har vore ein nokså hektisk dag. Larry hadde time hos doktoren i «Verråki» i dag i ni-tida, derfor skulle vi møtast klokka «hælv over ti» for å starte feltarbeid igjen, han hadde fleire mulege kandidatar som han alt … Les videre
Laurdag 4. november og søndag 5. november 2017: Westby, La Crosse, Norskedalen
Heller ikkje i helga fekk eg gjort feltarbeid, laurdag vakna eg ikkje før klokka var litt over sju, eg låg litt og dorma medan eg høyrde på radio frå gamlelandet og las litt i avisene. Ute var det grått og … Les videre
Fredag 3. 2017: Westby, Coon Valley
I dag har eg hatt ein svært så roleg dag på prærien der eg ikkje i det heile har drive med feltarbeid, i staden har eg hatt «gjemmekontor» og pusla med ulike jobbrelaterte ting. Dessutan var eg nok også litt … Les videre
Torsdag 2. november 2017: Westby, Coon Valley og Pomkiryggen
Som vanleg vakna eg tidleg til meg å vere – i seks-tida, og da kunne eg fortsette å leggje planar for dei neste dagane. Eg fann da ut at eg skulle tilbake til gamle tomter, til Baltic i Sør-Dakota, der … Les videre
Onsdag 1. november 2017: Westby, Orfordville
I dag kunne altså bli ein merkedag for meg som feltarbeidar – å få møte den siste Haugen-informanten er eigentleg noko eg trudde ikkje ville kome til å hende. Så det var med spenning at eg etter ein kjapp påsså-frukost … Les videre