Sjølv om eg var nokså trøytt i går kveld, vakna eg som vanleg litt over sju: no har eg utan tvil funne ein «vanleg» døgnrytme. Det einaste som er litt rart, er at eg framleis er veldig kveldstrøytt. Jaja, det kunne jo vere verre ting som plaga meg.
I dag i 8-tida ringde Larry igjen og lurde på om eg trong hjelp, og det er alltid fint å få hjelp av Larry. Han skulle ringe litt rundt og så ringe meg tilbake igjen. Om han da ringde medan eg dusja eller medan eg var i resepsjonen og henta meg «supplements» til «påssåmaten», veit eg ikkje. Eg høyrde i det minste ikkje noko meir frå han. Derfor tenkte eg at eg kanskje kunne køyre ned til han i Springdalen slik at vi kunne samsnakke «face to face». Men da eg kom ned dit var alt stengd og ingen Larry var å sjå. Men Larry er jo ein aktiv pensjonist, og han hadde sikkert eit ærend ein eller annan stad. Dersom måtte eg – litt mismodig – returnere til motellet igjen. Eg har Lynx på PC-en min, men det er svært variabelt kor godt det fungerer her ute – nettet er ikkje akkurat prima her. Men eg prøvde å ringe til Larry, og no tok han telefonen. Joda, han hadde vore heime heile dagen, men han hadde vore i «mancaven» sin. Men no hadde han skaffa meg to trauste norskamerikananrar nede i «Konvalle» som ville snakke med meg, og da var det berre å ta ein ny tur ned til Larry for å hente han før vi kunne fortsette ned til «byen».
Husverten her hadde ein stor garasje der han dreiv og fiksa opp gamle bilar, og der rigga vi oss til. Snart kom det også ein Stakston-kar innom, og da kunne seansen starte. Stakston-karen var svært så pratsam og det var tydelegvis moro for han å snakke norsk – og han var også god til å snakke. Den andre karen meldte seg snart ut: «I realize that you are in another league then me», ha han. Han kunne mange norske ord, men å setje desse saman til setningar var over hans kompetanse. På ein måte var dette litt sårt, og etter beste emne prøvde eg å inkludere han litt. Men reit språkleg hadde han lite å by på. Derimot kunne han vise fram eit restaureringsprosjekt han hadde på gang – ein Volvo. Og da mjukna han litt opp – det var på ingen måte lett å få ein slik doning på vegen igjen, særleg fordi elektronikken var heller utfordrande. Men dette kunne vi snakke lenge om – rett nok på engelsk. Etter ein dryg time takka Larry og eg for oss, og sjølv om det var varme i garasjen, var det heller golvkaldt, og eg skal ikkje nekte for at eg fraus på føtene, kledd i sommarsko som eg no ein gong er.
Deretter køyrde eg Larry heim, og der kunne Garry friste med varm te, kjeks og ost. Det gjorde godt for ein småforsen prærielingvistskrott. Telefonsystemet her på prærien er eit mysterium for meg, og eg har problem med å snakke med folk «out of town». Eg var veldig oppteken av å avtale møte med denne relativt unge dama med bakgrunn frå Bodø og særleg avkommet hennar. Eg fekk derfor låne telefonen til Larry for å ringe henne: eg møtte da mannen – som knapt kan eit ord norsk (sjølv om han no arbeider i Oslo), men kona var ikkje heime. Etter Garrys traktering køyrde eg tilbake til motellet i Westby igjen, gjennom Lynx på PC-en min kom eg i kontakt med dama, og vi avtalte da eit møte. Ho skulle ned til La Crosse for å handle i morgon, og på returen kunne ho møte meg på Borgen’s cafe. Det passa meg fint, eg håper også at ho har med seg nokon av avkommet.
Deretter gjekk eg ned til restauranten og fekk meg litt mat, og resten av kvelden har eg vore her på rommet mitt og tjona litt med ulike oppgåver. Eigentleg var planen min å ha ein undervisningssekvens for studentane våre heime i Halden. Eg kokte derfor saman ein powerpont som eg kunne bruke, men det viste seg umuleg å sende denne frå meg. Vi får sjå kva vi gjer – ei mulegheit er også å gjere dette når eg er tilbake i fedrelandet.
Og slik går nu dagan ….