Laurdag 11. november: Westby

I dag er det Veterans day her i flatlandet, men eg er usikker på om denne dagan gjeld slike som meg – veteranar i prærielingvistikk – eg trur kanskje ikkje det … Som vanleg ringde Larry meg i åtte-tida, han hadde ein ny «norske» til meg, og denne karen budde i el avv leigeromma like ved gammalheimen Norseland, dette var på ein måte den største bukken Bruse av Lee-karane. I går var Larry og eg innom dei to mindre Lee-bukkane, ekte «Norwegian batchelelor farmers» nede i Skogdalen. Men desse gutane var framleis veøldig «bisige» med å køyre «kombain» og selgje høy – prærielingvistikk var dei mindre opptekne av. Når det er sagt, i 2010 gjorde eg lydopptak inne i «sheddet til desse to», og da var Larry og eg der ein liten time og snakka «norskt». Men no hadde dei dessverre ikkje tid til slikt, kanskje i helga – og kanskje ikkje. Den største bukken Bruse som vi møtte i dag, hadde derimot tid nok. Kona hans var også der, ein sogning som dessverre var ustø i norsk, det vesle ho kunne, hadd ho plukka opp hos dølane som ho budde saman med. Eg rigga opp utstyret og medan Larry sat med nasen i La Crosse Tribune prøvde eg å få til ein laus og ledig samtale, noko som på ingen måte var lett. Heldigvis kunne Larry av og til heve blikket og få samtalen på rett veg igjen. Joda, vi snakka jo, men laus og ledig samtale vr det kanskje ikkje. Og at kona knapt nok snakka norsk, gorde det ikkje lettare. Etter 70 års ekteskap vil ein jo framleis gjere maken til lags, og for at ho skulle føle seg inkludert heile tida, var Lee-karen snar til å slå over til engelsk. Igjen, dette var kanskje ikkje noko som løfta prærielingvistikken opp til nye høgder, men det kunne også ha vore verre. Etter ein dryg time takka Larry og eg for oss og kjørde ned til Borgen’s for å få oss kjøttkaker og lefse. Og etter ein heller blodfattig frukost, gjorde det godt.

Larry skulle vidare inn til «Værråki» for å kjøpe «stoff» til middagen han har invitert meg på i morgon, medan eg kunne ta ein liten times pause på motellet før neste seanse.

Elles har det vore kaldt her dei siste dagane, inne i Minnesota var gradestokken nede i minus 10, medan det her var nesten svalt, rundt null. Men det regna litt no i dag tidleg, og dette fraus straks på vegen. Så det står ikkje å nekte for at det var litt småsleipt på «rådane». Heldigvis skal det bli litt mildare dei neste dagane, og nokså snart vil heldigvis verneldinga for Midtvesten interessere meg lite.

Klokka tre hadde eg avtale med Kristina nede på Borgens, og ho kom presis, Vi fekk bruke bakrommet der til opptak, men sidan dei stenger klokka fire, hadde vi berre ein time på oss. Kristina og dottera kom som avtalt, vi rigga oss opp og hadde derfor ein time for oss sjølve, der vi snakka om laust og fast. Og det fine var at dottera på 16 var veldig snakkesalig, så her fekk eg dokumentert ein ny fasett av prærienorsk – denne gongen ikkje snakka av godt vaksne og trauste farmarar, men unge folk. Fantastisk!!

Som sagt, Borgen’s stenger klokka fire, så etter ein time med prat måtte vi ut. Vi tok avskil, og om det i framtida blir nye turar hit, så har eg god lyst til å snakke meir med desse to. I tillegg skal det finnast ein 5-åring i denne familien som også kan litt norsk. Dermed skulle også framtida mi vere sikra – no veit eg at fram til eg blir pensjonist så vil det nokså sikkert vere norskspråklege her på prærien.

Etter at dette var over, slappa eg litt v på motellet før eg no i kveld var nedom restauranten igjen for å få meg eit nytt mål med Canadian Walleye. Godt!

No i kveld ringde Larry igjen, han hadde funne fram til ein ny kqr wsom kan snakke norsk, så klokka «halv over ni» så er det på han igjen – da skal vi ned mot Viroqua for å møte enda ein traust norskspråkleg farmar. Life is good!

Å slik går nu dagan….

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *