Søndag 12. november 2017: Westby, Esofia-ryggen og Springdalen.

Igjen ringde Larry meg i 8-tida – han meinte at han kanskje også i dag kunne ha ein norske til som ville snakke. Og dette skulle vere ein politikar, og da må det jo vere håp om at dei kan svare for seg. Klokka ni banka Larry på døra mi, og vi kunne klive inn i prærieskonnerten og setje kursen sørvestover. Landskapet her var nokså bølgande, og langs med vegen var det fleire amishar som var ute og spankulerte, eller dei var ute med hest og «båggi». Vi fann heimen til politikaren, og dette var ein kar i slutten av 60-åra. Vi rigga oss til rundt kjøkkenbordet, utstyret vart rigga opp, og så skulle seansen starte. Og kroppen snakka jo som ein foss, men det var nesten ikkje eit norsk ord å høyre. Larry prøvde å hale og dra, men det hjalp ikkje. For det første forsto han ikkje det Larry sa, og dessutan kunne han ikkje snakke norsk. Larry prøvde med nokre ord og fraser, utan at det hjalp det spøtt. Larry ba han så rekne på norsk, og da kom det da nokre gjenkjennelege tal. Men dersom det er slik at denne karen skal stemme over økonomien i staten Wisconsin, er det grunn til å vere litt bekymra. Han hoppa over eit tal rett som det var.

Bomtur igjen, altså. Vi reiste derfor tilbake til Westby og tok avskil, Larry skulle heim for å koke mat – han har invitert Iversons og meg i ettermiddag – medan eg brukte tida til å kopiere materialet. I tillegg var eg ein tur i «Verråki» for å handle eit par småsaker, og da er det jo moro å sjå at Arnold, som eg møtte for to år sidan,  arbeidde der enno. Eg gjekk bort til han og snakka norsk, og han responderte med ein gong. Artig!

Litt før tre køyrde eg innom Iversons og henta dei, før vi svinga oss ned Springdalen til Larry og Garry. Ølgrilla høne og steikt aure stod på menyen, og Larry er ein tusenkunstar, han er retteleg flik på kjøkkenet også. Han beklaga at han ikkje kunne servere «råkkåfisk» – ladinga han hadde på gang måtte framleis få stå og godgjere seg litt til. Eigentleg like greitt, synest no eg. Vi sat og prata og åt heilt til klokka gjekk mot åtte. Da takka vi for oss og køyrde opp til Westby igjen.

Dette blir sikkert det siste blogginnlegget for denne gongen. I morgon skal eg ete frukost på Borgens saman med Ron og Larry, deretter reiser eg til Minneapolis. Der har eg tinga motell like ved Mall of America, og da blir det sikkert ein runde eller to for å shoppe til «dei søte små» der heime. Og utpå kvelden tysdag går flyet austover, først til Amsterdam, deretter Gardermoen. Og da er det nok onsdag kveld før eg er heime igjen. Å kome heim er jo ein ting, eg er redd for at det vil ta lang tid før eg har funne tilbake til vanleg døgnrytme igjen: dessverre er nok mange dagar med døgnvillheit prisen ein må betale for å ha det moro her ute på prærien. Men moro har det vore – takk for meg for denne gongen!

Og slik gjekk siste «arbeidsdagen» her ute på prærien…

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *