Så vart det altså amerikatur også i år, denne gongen i form av konferanse i Wisconsin og deretter ei vekes tid med feltarbeid her i området. Og som vanleg bør dette bli moro!
Etter litt panisk pakking måndagskvelden kom eg meg opp i rett tid tysdags morgon, vart henta av drosje til rett tid og kom meg på toget nordover. Drygt to timar seinare var eg framme på Gardermoen, og der venta også Kristin, så dei neste dagane er det altså vi to som denne gongen må ta ansvar og flytte forskingsfronten vidare. Flyruta vår var Oslo – Amsterdam – Minneapolis, og flyreisa var som dei fleste flyreiser bruker å vere: kjedeleg. Det einaste som sette litt spiss på det, var at det var uver i Amsterdam med fleire stengde rullebanar, noko som førte til forsenkingar, og eit lite augneblink tenkte vi at vi kanskje ville kome for seint til amerikaflyet, men alt ordna seg heldigvis. Så seint på ettermiddagen lokal tid landa vi i Minnesota, kom oss problemfritt gjennom kontrollane, og etter litt om og men fann vi også fram til det som skal vere prærieskonnerten vår nokre dagar framover.
Vegen gjekk så austover, til Menomonie, ein liten by på vegen der vi hadde tinga motell. Og turen gjekk problemfritt, særleg når ein tek med i reiknestykket at vi i vanvare køyrde utan lys halve vegen. Men etter at mange hadde blinka til oss, fann eg i jungelen av knappar og brytarar fram til lysbrytaren. Da gjekk det opp for meg at joda, eg ser kanskje ikkje like godt som i ungdommen, men det vare heldigvis ikkje så ille som eg trudde det var. Motellet var OK, vi gjekk på Mækkern (som ungdommen heime kallar McDonalds) og fekk oss litt præriemat, og jetleggen meldte klart og tydeleg ifrå om at no ville Jon Blund gjerne overta.
Da vi samla oss i frukostsalen onsdags morgonen var vi raskt i foredrags-modus, vi jobba litt før vi pakka saman og sette kursen vidare mot Eau Claire. Dette er ingen storby, rundt 60.000 bur her, og vi fann med god hjelp frå GPS-en lett fram. Og resten av dagen gjekk vel eigentleg med til å koke saman foredraga våre, berre litt forstyrra av at gamle kjenningar dukka opp for å sjekke inn.
Torsdagen var første konferansedagen, og da vart vi henta på hotellet av ein studentassistent som fotfølgde oss heile vegen fram til campus. Som sagt, Eau Claire er ingen storby, men likevel kom guiden vår godt med sidan det var mange bygg på universitetsområdet. Programmet var interessant, sjølv som eg siste foredragshaldar lett fall i tankar på kva eg skulle bidra med. Og det var stunder eg var freista til å gjere store endringar, mest da danskane ga ein grundig gjennomgang av korleis ein skulle operasjonalisere omgrepet flyt, noko eg også skulle innom – men på ein heller lettbeint måte. Likevel innbiller eg meg at presentasjonen min om språkendringar hos den siste gjenlevande informanten til Haugen gjekk rimeleg bra. Eg forsto også at materialet mitt er nokså unikt, og det var nok helst det som berga det heile. Deretter braut vi opp og sette kursen tilbake mot hotellet. Kristin og eg fann oss ein restaurant og fekk oss litt mat før vegen gjekk rett på hotellrommet for å snikre på foredraget.
Vi vart sjølvsagt ikkje ferdige torsdagskvelden, så klokka fem fredagsmorgonen var det berre å karre seg opp for å fortsette arbeidet, og vi hadde lite å gå på for vi var dei første som skulle i elden. Det er vel kanskje ei overdriving å seie at alt vi la fram var fullstendig gjennomarbeidd på alle vis. Men samstundes er dette ein workshop der ein må ha lov til å leggje framlitt halvfabrikata, og responsen vi fekk indikerte at vi ikkje er heilt på ville vegar: dette bør det bli ein artikkel av. Etter dette kunne eg slappe av og ha fokus på det dei andre la fram, og det var mykje interessant å få med seg.
Etter at programmet var over, var det ein kort pause før vi alle gjekk på ein Thai-restaurant for å ete saman. Og det var nok ikkje utan grunn at denne staden skal ha rykte for «slow service». Men i godt lag er det kanskje ikkje så ille å måtte vente ein time for å få servering. Og om ein var så overmodig at ein tømde ølflaska si medan ein venta, så har ein jo berre seg sjølv å takke for at det vart berre tørr-eting når maten endeleg stod på bordet. Etter dette veldig etterlengta måltidet gjekk Kristin tilbake til rommet sitt for å førebu presentasjonen sin dagen etter, medan eg slo lag med gjengen som ville leske strupen før sengetid. Igjen var det triveleg selskap, men no er eg definitivt i den alderen at ein sett veldig stor pris på å prate, men dette skulle vise seg å bli svært krevjande for ein gammal artillerist sidan dei som dreiv denne utestaden tydelegvis meinte at høg musikk er nok som må til for å skaper veldig god stemning. Så det vart eigentleg tidleg kveld; både kombinasjonen vanskeleg kommunikasjon og ikkje minst jetleg må ta det tunge ansvaret for det.
Laurdagen var siste konferansedagen, og det er jo alltid litt vemodig å vite at «ein liten dans tek snart slutt», for som sagt, dette har vore både triveleg og lærerikt. Programmet gjekk etter planen, Kristin presenterte posteren sin, og til slutt vart staden for WILA 10 «avslørt»: Halden. Det betyr at vi har ein aldri så liten jobb å gjere heime på butikken før vi skal ta imot denne gjengen igjen.
Elles må det også seiast at WILA utan Janne til stades ikkje er heilt WILA. Det var ho som starta dette, og utan henne hadde WILA aldri vorte WILA slik vi kjenner det i dag. Vi ser derfor alle fram til WILA 10 med Janne på plass igjen.
Etter konferansen sette nokre av den harde kjernen kursen mo Ager-huset, det som ein gong var heimen til den norskamerikanske redaktøren, forfattaren og østfoldingen Waldemar Ager. Der venta to pensjonerte universitets-filologar på oss, og dei viste oss rundt og fortalde om livet til denne markante personlegdommen. Som så mykje anna er dette eit dugnadsarbeid drive av ivrige frivillige. Dette var på alle måtar «money for value». Det var også interessant å høyre at dei no prøver å kople erfaringane til Ager opp mot korleis det er å vere innvandrar i dag. Neste år er det 150 år sidan Ager vart fødd, og det skal markerast med mange arrangement her, og det er nok ikkje urimeleg at det blir gjort eitt eller anna i Østfold også – Ager vaks jo trass alt opp på Gressvik. Vi avslutta det heile med ein tur opp til grava til Ager. Og han hadde lenge godt selskap på denne kyrkjegarden, berre eit steinkast unna vart også Marcus Thrane lagt til kvile, rett nok ikkje til evig kvile – i 1949 vart han greven opp og lagt ned på Vår frelsers gravlund i Oslo. Og sidan Thrane insisterte på å bli lagt i ei umerka grav i Eau Claire, så får vi berre håpe på at det er rett mann dei flytta ….
Etter denne danningsreisa returnerte vi til sentrum igjen før vi igjen samla oss for eit siste WILA-måltid. Vi hadde ikkje bestilt bord, og det var kanskje bittelitt dumt, men ein kjem langt med tolmod, og til sist fekk vi både bord, mat og drikke. Og det var vel eigentleg alt som skjedde denne siste dagen på WILA 9
Å slik går nu dagan ….