Månedlig arkiv: oktober 2015

Onsdag 28. oktober 2015: Westby, La Crosse, Zumbrota, Minneapolis

Så har altså den siste dagen med feltarbeid her borte kome. Eg har hatt ei veldig fin tid, sjølv om ikkje alt har vore heilt optimalt: no I ettertid forstår eg at eg nok burde ha gjort litt meir grunnarbeid … Les videre

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Tysdag 27. oktober 2015: Springdalen, Sørryggen, Coon Valley, Westby.

I dag hadde eg avtale med Larry klokka «halv over ølløv», og igjen var det ein roleg start på dagen med påsså-frukost i åtte-tida. Deretter tenkte eg meg ein tur opp til Florence på «heimen», men «kjerring og døtt» (som … Les videre

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Måndag 26. oktober 2015: Westby

Da tek faktisk dette opphaldet til å gå mot slutten, og eg skal heller ikkje nekte for sat eg er bittelitt sliten etter to veker på «råden» her borte. I dag vakna eg seint, litt før åtte, eg hadde ein … Les videre

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Søndag 25. oktober 2015: Appleton, MN; Westby, WI

I dag vakna eg veldig seint – klokka var godt over åtte da eg rota meg ut av senga og tusla ned i resepsjonen for å få noko å ete – sikringskosten her var kaffi og muffins, og etter ein … Les videre

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Laurdag 24. Oktober: Appleton, Madison, Lac qui Parle

I dag tidleg vakna eg ikkje før klokka var nesten halv åtte, og eg tusla da ned i resepsjonen for å få meg frukost. Utvalet her er svært minimalistisk, kaffi og nokre inntørka greier som med litt fantasi kan minne … Les videre

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Fredag 23. oktober: Madison, Lac qui Parle, Appleton

Ein møkkadag som feltarbeidar! Dette med at det skal vere «lots of them» er vanskeleg å tru. Eg starta dagen med litt telefonering, eg ringde heim til mor, og deretter prøvde eg meg på lista med mulege kontaktar i dette … Les videre

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Torsdag 22. oktober 2015: Eau Claire; Wisconsin: Milan, Madison; Minnesota

I dag tidleg var eg trøytt og rota meg ikkje opp før klokka var nesten åtte. Eg tusla ned i frukostrommet på motellet, også her var det muleg å lage seg vaffelkaker, og med juice og kaffi til, så var … Les videre

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Onsdag 21. oktober 2015: Stevens Point, Norske, Iola, Hitterdal og Eau Claire, Wisconsin

Da har eg gjort unna ein nokså hektisk dag som feltarbeidar, sjølv om utbyttet vart berre så som så – dette kan til tider minne meg om barndommen og multeturar saman med far på Tørrgranvola: mykje trasking og lite bær … Les videre

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Tysdag 20. oktober 2015: Westby, Iola, Stevens Point

Ein ny og vakker dag her ute på prærien. Eg hadde avtale i Iola først klokka halv to, og sidan det er rundt tre timar å køyre, kunne eg ta det litt med ro på morgonskvisten. Eg prøvde mellom anna … Les videre

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar

Måndag 19. oktober 2015: Westby, Øyumsdalen, Sørryggen

Dette er siste dagen i Westby i første omgang, og det har vore ein nokså hektisk dag, eigentleg. Larry er formann i program-komiteen, og avtalen var å møtast oppe på Borgen’s cafe klokka 08.00 sharp. Eg vakna i veldig godt … Les videre

Skrevet i Uncategorized | Legg igjen en kommentar