Torsdag 22. oktober 2015: Eau Claire; Wisconsin: Milan, Madison; Minnesota

I dag tidleg var eg trøytt og rota meg ikkje opp før klokka var nesten åtte. Eg tusla ned i frukostrommet på motellet, også her var det muleg å lage seg vaffelkaker, og med juice og kaffi til, så var eg godt rusta for ein lang dag. Eg starta med nokre nye forsøk på å ringje folk, men det var ingen som svara. Eg veit ikkje kva folk driv med, om det er harvesten som held dei borte frå telefonen, eller om det er noko anna. Eg sette GPS-en på Glenwood sjølv om eg visste at dette var eit skot i blinde. Og så sette eg i gang, og det vart time etter time med motorvegar vestover, først over Mississippi, deretter gjennom St. Paul og Minneapolis, og vidare vestover til Sauk Center, der GPS-en sendte meg sørover gjennom endelause landskap med åker. I to-tida var eg i Glenwood, men eg innså raskt at det ikkje var nokon grunn til å leite på måfå her – så langt eg kunne sjå var det ingen opplagte plassar det godt vaksne norskamerikanarar kunne finne på å samlast. I det heile var det nokså stille her. Derfor sette eg kursen vidare sørover og vestover, først gjennom Swift Falls, ei lita husklyngje der det heller ikkje var ei sjel å sjå, og så til Milan. Milan veit eg skal vere norsk, og da eg såg «Arve hus», så gjekk eg inn der. Dette var eit heimesnikra museum, og først var det ei dame som helsa meg. Ho var veldig «eksaita» over besøk frå Noreg. Og ho kunne fortelje at i helga skulle det vere 80-årslag i byen, og da venta dei to tvillingar frå Flom på besøk. Verda er sanneleg ikkje stor, for dette er karar som eg har møtt fleire gongar tidlegare. Og sidan Milan er eit senter for rosemaling, treskjæring og slike ting, er det jo opplagt at desse karane tek turen ned her. Så ropte ho på faren, og ein liten snakksalig gubbe kom fram frå eit av bakromma. Dette var altså karen som hadde laga dette museet. Dessverre snakka han berre engelsk, men du store tid som han snakka; det var liksom ikkje måte på kva han ville vise meg og fortelje om. Og humor mangla han heller ikkje, det var ikkje måte på kva merkelege ting han hadde samla saman og kombinert på svært originale måtar. Da han fekk høyre kva eg var ute etter, var han kjapp med å kaste seg over telefonen og ringe ein kompis som budde like utafor byen, og dette skulle vere ein kar som kunne norsk.

Og snart kom det ein røsleg norskamerikanar inn døra, og han ville gjerne snakke med meg. Vi rigga oss til inne i museet, opptaksutstyr kom på plass, og så starta han. Han hadde folket sitt frå Land, men så hadde han studert norsk i Northfield, og da hadde han også forstått at norsken hans ikkje var heilt lytefri. Det hadde han fiksa på, slik at han no snakka relativt normert med ei og anna dialektforma i det heile. Uansett, det var triveleg å snakke med karen, og han kunne også skryte av at han nedstamma i rett line frå ein av Eidsvoll-fedrane. Og han hadde til og med vore invitert til jubileet der i 2014.

Deretter sette eg kursen ned til Madison, og eg hugsa det som ein halvstor småby. Det er det ikkje, det var lite å bli imponert over her, ei gate med nokre småbutikkar. Men eg fann eit motell her, og her er det nok lite som har endra seg sidan eg turnerte området i 1987. Absolutt ikkje luksus, akkurat, men det er ei seng, og det har bad, og da får ein vel seie seg nøgd. Eg forsøkte på ny å kontakte dei kontaktane eg har fått her nede, men igjen utan hell. Eg veit ikkje heilt kva eg skal finne på i morgon, men eg får ringe nokre igjen, og så får eg leite litt på måfå. Eg snakka med motelleigaren her no i kveld, og da eg spurte om det framleis fanst folk her som snakkar norsk, så sa han at det er « lots of them» – det lovar jo kanskje godt, håpar eg.

Og slik går nu dagan på prærien…

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *