Laurdag 29. oktober 2016: Athens, Atlanta; Georgia

Dette var tredje konferansedagen – og etter tre hektiske dagar går det altså mot slutten. Programmet for dagen vart i og for seg nokså komprimert:

  • Pakking & utsjekk før 9 Dette var eigentleg ikkje så veldig krevjande – med ein god dose jetleg I kroppen, går det framleis veldig greitt å greit å vakne om morgonen – sjølv om eg er trøytt, får eg knapt sove etter klokka 5. Så akkurat dette klarte eg. Check!
  • Konferansestart klokka 9 Inga enkel sak, og no visste eg vegen – nesten I alle fall.
  • Konferanse: Også i dag var programmet bra, og det er my og mangt som gler ein halvgammal mann – ikkje minst er det stas at det er fleire som interesserer seg for dette feltet: i 25 år var det berre eg som dreiv litt med norsk i Amerika, og det står ikkje til å nekte at ein til tider følte seg som ein småpervertert nekro-lingvist: Her sto eg og studerte korleis ulike meir eller mindre subtile språkdrag visna bort og forsvann, samstundes som eg fann ei stor (nokre vil seie pervers) glede i å kunne få vere vitne til denne prosessen. I dag er det nesten kø i rekkene for å få studere og dokumentere dette språket og måten det forsvinn på: anten veks det no fram ein ny og talrik generasjon med megaperverterte språknekrofile, elles så kan også normale folk finne glede i å sjå på denne prosessen. Og berre så det er sagt, eg håpar at det siste er tilfellet. At vi prærielingvistar er litt rare og merkelege, det skal eg vere forsiktig med å nekte for, men at vi er direkte tullingar …tja …
  • Konferansemiddag Alle skikkelege konferansar skal jo ha ein konferansemiddag – og middagen skulle starte klokka 6. Gromgutane Joe og Mike hadde den fantastiske ideen at sidan denne restauranten skulle vere minder enn 20 min gange frå universitetet, så hadde vi veeeldig god tid til å stoppe på vegen for å ta ein aldri så liten øl. Og det gjorde vi. Og trass i at vi no er midt i Halloween og folk gjer kva dei kan for å skremme vatnet av kvarandre, så var desse minutta eit uvanleg triveleg friminutt i livet. Kvart på seks tok Joe ansvar, samla mannskapet i litt spreidd formasjon og peikte ut marsjruta – og i ein litt uryddig formasjon slentra vi etter. Etter å ha gått ein dryg halvtime, forsto vi at Josh i arrangementskomiteen neppe har gått denne ruta sjølv når han kunne finne på å hevde at dette var «a twenty minutes walk». Men vi kom da fram, kanskje ikkje til rett tid, men tidsnok til å få vere med på middagen.
  • Shuttle & motell I 9-tida braut vi opp, og no fekk eg prøve noko som eg aldri har prøvd før: vi reiste tilbake til hotellet ved hjelp av transportkonseptet Uber – og det funka jo det. Frå Athens venta rundt ein og ein halv time i shuttlebuss, og kombinasjonen pratesjuk sjåfør og stuptrøytte passasjerar er nok ikkje alltid optimal, men grei nok. Og det var vanskeleg å be han halde stilt, sidan han hadde sagt ja til å køyre oss på motellet, og ikkje til flyplassen som er den eigentlege ruta hans. Og om motellet skal eg ikkje seie så mykje, dette etablissementet har nok ikkje så frykteleg mange stjernene i reiseguiden, men for funksjonen «sove nokre timar» var det greitt nok – eg sovna som ein stein.

Og slik går no dagan på reisefot …