I dag tidleg vakna eg ikkje før klokka var nesten halv åtte, og eg tusla da ned i resepsjonen for å få meg frukost. Utvalet her er svært minimalistisk, kaffi og nokre inntørka greier som med litt fantasi kan minne om muffins. Heldigvis har eg mat i «påssån», og det kjem godt med på slike plassar. Deretter prøvde eg på ein ny ringjerunde, men med det same nedslåande resultatet – kva er det som gjer at folk ikkje tek telefonen: er dei ikkje heime, eller reagerer dei på at eg ringjer frå «ukjend nummer»?
Uansett, eg pakka saman sakene mine og var eigentleg innstilt på å setje kursen tilbake til Wisconsin etter eit mislykka feltarbeid her nede. Men for å kunne seie at eg i det minste hadde prøvd, sette eg kursen tilbake til Madison igjen, no ville eg prøve gammalheimen. Og amerikanske gammalheimar bruker vanlegvis ikkjer å funke, så eg var lite optimistisk.
Etter litt leiting fann eg fram, og denne institusjonen såg eigentleg ganske grei ut; her i Amerika har eg i alle fall sett mykje som ikkje har halde ein slik standard. Eg gjekk inn og gjekk og vaka litt, og til slutt kom detein sjukepleiar bort til meg og lurde på kven eg ville snakke med. Eg bar da fram ærendet mitt om at eg gjerne ville snakke med folk som enno kunne snakke norsk. Dette var ei ung jente, og ho visste ikkje heilt kven som var norske, men det var eit par som av og til kunne snakke eit uforståande språk, så ho skulle undersøke litt. Etter ei kort tid kom ho tilbake og kunne fortelje at ja, dei trudde det var ei dame som budde i ei leiligheit her som kanskje kunne norsk. Om eg kom tilbake etter lunsj, så skulle dei finne ut av det. Litt småoptimistisk trass alt sette eg kursen ned til kafeen igjen for å få men lunsj, og klokka eitt troppa eg opp, og da venta det ei dame på 94 år. Ho ville gjerne snakke med meg, men ho ville helst ikkje gjerast opptak av. Etter litt akkedering vart vi samde om at vi kunne gjere lydopptak, video fekk vere; og om ho angra seg, kunne vi slette opptaket. Og dama snakka og fortalde om både det eine og det andre, men ho var heile tide oppteken av om eg fekk den informasjonen som eg var ute etter. Eg kunne ikkje rett ut seie at eg var meir oppteken av korleis ho snakka enn kva ho snakka om, men for meg var dette ei triveleg stund. Eg fortalde om dei eg hadde møtt her for 28 år sidan, og ho nikka og kjende igjen alle desse, og ho fortalde også litt om at dette ein gong var eit settlement dominert av haugeanarar. Og best av alt, ho ga meg nye namn, så da vi var ferdige, køyrde eg ned til kafeen igjen, og frå bilen kopla eg meg opp på internett, googla namnet eg hadde fått, og ringde så via Skype. Og jada, her fekk eg napp. Eg snakka først nokre ord med kona før eg vart sett over til den norskspråklege mannen, men han forsto meg ikkje, så kona tok over igjen. Eg kunne kome litt seinare, dei var på tur bort no for å feire 80-årsdag til ein nabo, men det ville ikkje ta meir enn ein times tid. Det passa meg bra, eg endra planen igjen og fann ut at eg burde bli her ei natt til. Så medan desse var i kaffiselskap, reiste eg tilbake til Appleton og sjekka inn på nytt på motellet. Ved hjelp av GPS-en fann eg lett farmen, og to minutt etter at eg kom fram, kom også vertsskapet. Mannen køyrde, han vinka til meg og hoppa ledig ut av bilen. «Å e ber på norsk einn på ængelsk», sa han på klingande stjørdalsmål. Dette burde vere eit kupp, tenkte eg. Vi gjekk inn og sessa oss rundt bordet medan vi snakka litt, kona skulle snart bort igjen, men ho ringde etter ein annan norskspråkleg, ein telemarking for å få han til å kome dit – i tillegg sa ho at det ville kome ein annan innom om ei stund. Og mannen var riktig i godlune og snakka norsk berre så det song etter. Men så sende ho meg ein lapp: «He’s got alsheimer», stod det. «Did you understand what I wrote» sa ho. Joda, eg gjorde det, Og hadde ho ikkje fortalt meg det, så hadde eg nok ikkje forstått det, for mannen køyrde bil, han snakka laust og ledig, og han gjentok seg heller ikkje meir enn kva eg kan finne på når eg har intervju etter intervju. Snart kom telemarkingen, og da vart det meir prat på norsk, under sterk tvil spurde eg om det var greitt at eg gjorde lydopptak. «Sure, no problem», sa begge. Eg var i tvil, og er framleis i tvil om det forskingsetiske i dette (vel, eigentleg er eg ikkje så veldig mykje i tvil), så opptaka blir nok ikkje brukt til forsking. Eg får vurdere det litt nærare og kanskje også snakke med kona før eg slettar det. Uansett, begge var snakkesalige, og telemarkingen snakka uvanleg høgt. Og snart kom naboen, som eg no forstod var der for å passe litt på. Han kom litt til og frå, og når han var ute, hoppa karane over til norsk. Og som sagt, bortsett frå at verten stadig vekk spurde om vi ville ha kaffi, var det lite som tydde på at sjukdommen hadde ramma han veldig hardt enno. Han fortalde at han for ei stund sidan hadde feira 80 år, og vilkåret for å bli invitert, var at gjestane snakka norsk, og da serverte han klubb, blodpølse og rømmegraut. Og på fotoet frå selskapet var det også ein kar som eg snakka med for 28 år sidan, eg skal prøve han i morgon.
Etter eit nytt triveleg – men også tankevekkande – møte med det norske Amerika, sette eg kursen tilbake til byen. Eg hadde eigentleg tenkt å klare meg med «påsså-mat», men så oppdaga eg at påssån var tom. Eg sette da kursen til matbutikken, men i motsetnad til «likkørståret», var «gråsseriståret» stengd på ein laurdagskveld. Det er så måte interessant å sjå kva haugeanarane her prioriterer av brød og vin. Eg køyrda da ned til bensinstasjonen og fekk med meg ein liten pizza heim. Helsekost, med andre ord. Og no sit eg her på motellet og tek livet litt med ro. Her er det roleg, det er mange jegerar her, dei har med båt, så det er nok andejakt dei driv med. Og no i kveld snakka eg med ein av gjestene her, og eg fekk da også bekrefta at dei i motsetnad til i gamlelandet ikkje stiller klokka her i natt.
Akkurat no banka det faktisk på døra mi, og ein røsleg kar i feltuniform og med ein bjeffande hund stod på døra mi og gliste, det var klokkemannen som eg hadde snakka med for litt sidan. Han lurte på kva eg gjorde her. Eg fortalde det, og da fekk eg ei lang historie om bakgrunnen hans som norsk-svensk-amerikanar og om bestemors julemat med torsk og lefse. Amerika og amerikanarar er sett frå eit norsk perspektiv merkelege, men dei er også svært hyggelege – hadde nokon banka på hotelldøra til vilt framande i Noreg for å fortelje om bestemors julemiddag, hadde dei nok vorte sendt til utreiing. Men her er alt tydelegvis normalt.
Og slik går nu dagan her på prærieviddene…