Søndag 28. oktober 2018: Eau Claire, Minneapolis, Westby

I dag hadde eg endelen ein litt roleg start på dagen, avtalen med Kristin var å møtast til frukost klokka 8. Og for å teste risikoviljen min la eg meg utan å stille vekkarklokka. Og det fungerte jo det, klokka kvart på åtte vakna eg heilt av meg sjølv og med god margin. Under frukosten dukka det opp fleire wilaistar som vi prata med, og vi hadde eigentleg eit par timar å fylle før vi måtte sjekke ut og kunne sette kursen mot flyplassen i Minneapolis. Kristin hadde som vanleg veldig mykje å gjere, så for henne var det neppe eit problem å fylle tida, og eg hadde også ting å gjerne, som å snakke med dei heime og sende e-postar/ringe til kontaktane mine ute på prærien. Og det er utruleg kor fort to timar går, særleg når ein også skal pakke. Klokka 11 møttest vi i resepsjonen, og der var det framleis wilaistar å ta farvel med, og ved nonsleite kunne vi endeleg laste opp bilen og ved hjelp av GPS-en stake ut kursen vidare vestover. Turen var svært så uproblematisk, og eigentleg mykje kortare enn eg hadde trudd – så eit gammalt prærieord er nok at godt selskap kortar turen.

På flyplassen tok Kristin og eg avskil, ho skal heim til styremøte og andre arbeidsoppgåver, medan målet mitt er avgrensa til å kome meg til Westby. Vegen vidare sørover var udramatisk; lite trafikk, vakkert ver og Beatles på radioen gjorde at eg utan problem kom meg sørover til Rochester og etter kvart på Interstate 90 som lett tok meg til La Crosse, og deretter Westby. Ein liten pitchstop i La Crosse for å skaffe seg «påsså», dvs. litt tørrmat høyrde også med. Den siste etappen av turen gjekk greit, men var også litt trist. Coon Valley, ein liten norskamerikansk småby på vegen til Westby, har vore råka av flaum no i haust, og framleis er dette veldig tydeleg. Vatnet sto fleire meter oppetter husveggane, og det vil nok ta lang tid før alle spor etter dette er sletta. Rett nok var vegen farbar no, men dette var eit isolert område men det sto på som verst. Og forsikringa til folk tek ikkje ansvar for slikt. Kort sagt, så er dette ille.

Vel framme i Westby tok eg inn på trauste Old Towne Inn, det er ikkje akkurat Hilton, men det får duge for nokre netter. Rommet er greitt nok, sjølv om eimen av eksotisk matlukt i gangane er sterk, ein kan berre trøyste seg med at sjølv om indisk mat er ille nok, så hadde det sikkert vore verre med stank av sur lutefisk.

Klokka sju hadde eg avtale med Larry, Geri, Ron og Sandra på restauranten her, og det var som vanleg veldig triveleg å møte dei alle igjen. Og tradisjonen tru satsa eg på «walleye», noko som var eit godt val. Etter eit par timar reiste dei alle kvar til sitt, eg tusla på rommet, og så mykje meir er det vel ikkje å berette.

Og slik går nu dagan på prærien …..

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.