Måndag 29. oktober 2018: Westby

Dette er liksom første dagen med «feltarbeid» – som ikkje involverte feltarbeid. I dag vakna eg i normal tid, litt over sju. Og eg hadde ein roleg morgon. Frukosten her på motellet er ikkje all verda, sjølv om dei no har fått seg pannkakemaskin(!) no. Ein kan trykke på ein knapp, og eit par minutt etterpå dett det ut to pannekaker på storleik med eit snuslokk. Ikkje rare greiene, men absolutt ei oppgradering. Og etter ein slik enkel frukost men ein kaffiskvett til, sette eg meg til å arbeide, inkludert å kontakte mulege informantar og andre hjelpesmenn. Igjen så ser det lovande ut med nordfjordingar i Glenwood-området, kontakten min der skal prøve å få noko på plass til neste helg. Eg kontakta også Merlin nede i Orfordville, og han var klar for ein ny runde alt i morgon. Og på bakgrunn av dette ringde eg Larry, og han er klar for å bli med på feltarbeid. Larry har vore med på dette mange gonger her i Westby-området, han snakkar same dialekten som Merlin (noko som er bra sidan Merlin sleit med å forstå den tilgjorte prærietrøndsk-dølamålet i fjor), så i morgon klokka åtte startar vi. I tillegg var det e-postar av ymse slag som eg måtte svare på, så litt over tolv kunne eg køyre opp til nordbyen for å stikke innom Borgens og få meg mat – som vanleg satsa eg på sikkerstikket kjøttkakur. Deretter venta ein tur innom Dregernes, dette var ein gong jarnvarebutikk, men no lever de av å selje norskamerikansk/prærieamerikansk juggel av ymse slag, noko som ser ut til å vere ein framifrå forretningside. Deretter sette eg kursen ned til Norskedalen, mest for å fornye medlemsskapet mitt der, men også for å sjå meg litt rund. Og som vanleg er det triveleg å kome tilbake til dette museet. Men ein liten spasertur der i området viser også korleis flaumen i august tok seg til rette. Alt av verdiar i form av gamle hus berga, men sjølve bekken og bekkedalen ser frykteleg trist ut. No arbeider dei med å sikre området for framtidige flaumar, vi får håpe at dei har lykka med seg.

I ettermiddag her eg vore ein tur til Viroqua (eller Værråki som det heiter her) for å investere i batteri og kablar av ymse slag; eg har snakke med dei heime, hatt meg «påssåmat», og no tek eg til å bli klar for nokre dagar i prærielingvistikkens teneste. I morgon klokka åtte startar Larry og eg ned til Merlin i Orfordville i det gamle Rock Prairie-settlementet, så får vi sjå korleis det går.

I heile dag har det vore vakkert ver her, og no i kveldinga skin månen og trøskemaskinene skranglar seg gjennom maisåkrane. For endeleg er jorda så tørr at dei vågar seg utpå med tungt maskineri.

Og slik går nu dagan her i Westby ….

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.