Tysdag 30. oktober 2018: Westby, Orfordville

I dag gjekk startsskotet for feltarbeidet, så får vi sjå om det blir vellykka eller ikkje. Eg vakna heilt av meg sjølv i halv seks-tida; eg var frykteleg trøytt, men det var uråd å presse meir søvn ut av morgonkvisten. Så halv sju karra eg meg opp og gjorde meg klar for noko eg håpa skulle bli eit kvantesprang innafor prærielingvistiken.

Klokka åtte dukka Larry opp, og no var det oss to, ein Nissan SUV og asfalterte vegar som skulle eige det meste av dagen. Avtalen med Merlin var klokka eitt, og vi innsåg fort at sjølv med uvanleg mange kaffipausar ville vi ha veldig god tid. Highway 14 er kjend landskap, og GPS-dama losa oss igjennom det eine vegkrysset etter det andre. Og GPS-dama, ja; ho hadde verkeleg draget på Larry. Det var ikkje måte på kor han kosa seg over «sving av til høyre» og «følg vegen i 4 kilometer mot Blue Mound».  Kilometer var nytt for han, og uttalen av amerikanske stadnamn stod nok eigentleg til stryk. Men Larry syntest dette var heilt fantastisk og han ville også frykteleg gjerne ha ei slik dame i bilen sin. Prærieskonnerten tok oss på kjende vegar gjennom kjend landskap, etter kvart vart vegane litt mindre kjende, medan landskapet var det same, og til slutt var det meste ukjend – før Mt Horeb plutseleg dukka opp – joda, dette teikna jo litt bra.

Etter eit mål mat i Evansville kunne vi ein liten halvtime før tida parkere framfor huset til Merlin. Larry og eg gjekk fram og ringde / banka på, men det var ingen reaksjon. Vi opna ytterdøra og ropte inn, men det kom ingen svar. Sidan vi var så tidleg ute, tenkte vi kanskje at han var ute ein liten snartur. Vi rusla derfor tilbake til bilen igjen og tok ein runde for å sjå oss litt rundt i byen, og sidan detter er uvanleg fort gjort, var vi tilbake eit lite kvarter seinare. Vi køyrde same prosedyren med banking, døropning og eit lite Marlin-rop, men ingenting skjedde. Skulle dette altså vere ein bomtur, så ville det vere litt surt. Men snart kom det også andre og ville inn til Marlin. Eg hadde jo ein mistanke om at Marlin ikkje hadde tenkt å la dette gå for seg i hemmelegheit, men eg hadde ikkje i mine villaste fantasiar trudd at han ville stille opp med heile fire journalistar, i tillegg til ein observatør. Det einaste som mangla no, var Marlin. Vi fann ut at sidan han hadde kalla inn dette store pressekorpset til klokka eitt, så var det ikkje særleg sannsynleg at han hadde gløymd avtalen. Vi fann da ut at vi kanskje fekk leite etter han, og inne på soverommet fann vi han sovande i ein stol. Og no vakna han og var veldig klar for forsking. Eg rigga opp utstyret mitt medan Larry og Merlin varma litt opp med norsksnakking.

Joda å ta med Larry var ein god ide, for dei to kunne forstå kvarandre, sjølv om det kanskje ikkje var alt Merlin fekk med seg. Og samtalen flaut godt, med unntak at Merlin rett som det var hadde behov for å gje fyldige referat av samtalen til bladfykene. Og slik dreiv dei på ei god stund, Merlin og Larry.

Det tok si tid før pressekorpset var ute av døra og vi kunne få arbeidsro. Det begynte å takke for seg, men så kom Merlin på at ha hadde noko å vise fram. Så begynte dei å gå mot ytterdøra igjen, og da kom Merlin på at det var noko anna han dei måtte sjå, og slik sto det på ei heil stund. Men til slutt var den siste journalisten ute av døra, og da kunne endeleg forskinga fortsette. Men da var dessverre Merlin sliten no etter arrangementet, noko han ga klart uttrykk for. Eg prøvde å presse på litt for å få ut dei siste dråpene med data frå, men eg innsåg også at det kanskje er grenser for kor langt ein kan gå. Før vi reiste ville Merling, likt med mange andre her borte, lyst til å vise fram det norske «stoffet» som han hadde. Og det dukka opp fleire ting som Merlin meinte bestemt var frå gamlelandet. Her var reisekista til oldemora og ein gammal eikestol – at det kanskje ikkje veks så mykje eik i Biri var eit poeng eg ikkje løfta fram. Han ville også gjerne vise fram ei stor pappeske full av plastblomar. Og desse var tenkt brukt i hans eiga gravferd, her kan ein ikkje seie anna enn at Merlin er ein kar som tenkjer på alt.

Vi tok avskil og stilte GPS-en på Westby, og da venta det tre timar på «råden» i godt selskap. Og språkleg var turen av god, gammal «Ola var fra Sandefjord»-kvalitet, det gjekk på engelsk og norsk heile tida – men mest norsk. Vel framme i Westby tok vi avskil, og eg gjekk ned på restauranten for å få meg litt mat, og deretter satt eg å jobba litt på rommet til eg måtte melde pass for Ole Lukkøye.

Og slik går nu dagan på prærien …

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.