Onsdag 31. oktober 2018: Westby, Skogdalen og Viroqua

I dag starta eg dagen med kontorarbeid. Sjølv om ein er borte frå jobb, så har eg jo e-post. Og har ein først e-post, så har ein også jobbsaker å gjere. Og eg hadde ikkje avtale med Larry før klokka eitt, så da har ein jo også litt arbeidsro. Eg har med meg eit lass med bøker i tru om at eg skal få tid til å lese alle desse, i tillegg til å krote ned ein artikkel eller to. Men eg bør no vere så gammal at eg veit at det ikkje går. Men det er vel med slike gode forsett at vegen til Helvetet er brulagt, har eg høyrd. Uansett, nokre e-postar fekk eg da tid til å svare på.

Etter å ha jobbe eit par timar, fann eg ut at eg skulle sjå meg litt rundt og særleg sjå på resultatet av flaumen for eit par månader sidan. Eg sette derfor kursen opp til den øvre Coon Prairie-kyrkja, og deretter nedover Skogdalen. I den øvre delen av dalen såg det da greitt ut, hoppbakken sto som før og det var mange golf-spelarar ute og svinga køllene sine nede på flata. Men etter kvart som eg kom nedover dalen, fekk eg sjå kva vatn kan gjere. Bekkefaret (for Skogdalskrikken er til vanleg ikkje anna enn ein liten bekk) var grave ut, åkrane lagt flate, delar av store trestammar, hus, takplater, bilar, innbu og anna skrap låg spreidd utover åkerlandet. Nede ved Skogdalskyrkja var det særleg ille, her var til og med gravstøttene kasta rundt og alt var eit kaos. Dette var kort sagt eit trist syn. Mange av farmane er sterkt skadde, og dei heldigaste slapp unna med kjellaren full av vatn. Og sjølvsagt dekker ikkje forsikringa dette.

Etter denne litt depresive turen returnerte eg til motellet igjen, der eg hadde ein svært så enkel påssåmat-lunsj – rundstykke og ost med cola til. I eitt-tida var eg nede hos Larry og henta han før vi køyrde opp til Archie, ein av dei trauste norskamerikanarane her i strøket. Også hos han hadde flaumvatnet teke seg til rette, og sjølv om basementet var fullt av vatn, hadde han god lunk i vedståven, så vi sessa oss rundt den. Eg rigga opp opptaksutstyret, medan verten trakterte dram. Sidan eg er sjåfør så måtte eg høfleg takke nei, men det er godt muleg at nokre edle dropar kan gjere susen når ein skal få ut litt fleirspråkleg data. For karane snakka etter kvart svært så livleg om dette og hint. Og etter kvart som stemninga steig, så fekk nok store delar av samtalen ikkje berre ein personsensitiv karakter, det vart ultrasensitivt. Og historiene låg eit par divisjonar over det eg som framvakstring og keeper på b-laget til Røra fotballklubb fekk høyre i garderoben frå back-rekka etter kamp medan dei rulla røyk og planla neste kark-kopp (b-laget til Røra var på den tida så dårleg at dei fleste måtte spele back, så dei fleste hadde mykje å melde). Så eg må nok dessverre klippe bort det meste før det blir presentert for sarte forskar-øyre. Etter at dramglasa (som var «vaksi store») var tomme, takka vi for oss.

Neste post på programmet var eit besøk til Gilman. Han har vi recorda mange gonger, men no står det ikkje særleg til med han, og han har hamna på sjukeheimen i «Værråki». Denne gongen fekk opptaksutstyret kvile i bilen, det viktigaste var rett og slett å møte han igjen og vere «friends» ei lita stund. Gilman var eigentleg i rimeleg god form, og han sette stor pris på å få snakke norsk igjen. Første gongen eg møtte han hadde han store planar (og draumar) om å få reise til Gudbrandsdalen og sjå staden der folka hans kom frå. «Kanskje nekste år», sa han da. Men så vart han altså sjuk, og draumen om ein tur over havet vart berre med draumen. Det kan vere ei påminning om at ein aldri skal vente for lenge med å gjere det ein verkeleg har lyst til å gjennomføre.

I vakkert Halloween-haustver køyrde eg Larry tilbake til Springdalen, deretter reiste eg opp til motellet og gjekk på restauranten for å få meg eit mål mat. Deretter forsøkte eg å arbeide litt, men framleis er eg på ingen måte meg sjølv. Det prinsippfaste B-mennesket Arnstein er frykteleg kveldstrøytt, og det var berre så vidt at eg orka å kravle meg over til senga, der eg sovna som ein (Arn)stein.

Og slik går nu dagan her i dette merkelege landskapet….

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.