Ein ny dag med vakkert haustver her på prærien. I dag hadde eg invitasjon til å ete middag hos Larry «klukka halv ellve», noko som slik eg kjenner språket til Larry eigentleg betyr 11.30. Igjen brukte eg morgonen til ymse kontorarbeid, før eg i 11-tida starta prærieskonnerten min og gjorde unna eit par småærend i «Nordbyen» før eg køyrde ned i Springdalen. Og det er tydeleg at eg tek til å kjenne språket til Larry no – det var klokka halv tolv han venta meg. Geri hadde laga lunsj til oss, og vi småprata medan Larry viste fram det eine etter det andre, ei samling kassettar etter ei tante som kanskje kunne innehalde noko norskprat, ei singelsamling med fleire skattar, ikkje minst nokre gamle singelplater frå Sun records. Gery kunne også fortelje at dei hadde planar om å flytte, men det kom fram at det nok var mest ho som hadde slike planar – Larry hadde absolutt ingen planar om å reise frå Springdalen: så får vi sjå kor makta ligg der i heimen. I det minste så var dei begge samde om at Trump var eit «kålhuggu», og eg protesterte ikkje mot slike frilynde tankar.
Etter maten sa vi karane farvel, og vi stilte GPS-en inn på ei adresse oppe i Galesville, ein times køyring unna. Barnebarnet til Iversons er prest der oppe, og som prest kjenner han streke og svake sider til alle i kyrkjelyden – inkludert om dei kan snakke norsk eller ikkje. For å vere høfleg hadde Larry vore der oppe tidlegare for å få med seg ei messe, og for ein gongs skuld meinte han å ha hatt uvanleg stort utbytte av messa – for han hadde vorte introdusert for ein «norsker».
GPS-dama geleida oss gjennom nytt landskap, Larry protesterte litt fordi dette ikkje var den ruta han ville ha brukt, men igjen hadde han uvanleg stor moro av denne sjarmerande kvinnestemmen som sa at «om tre hundre meter sving til venstre», og mest stas var det korleis ho uttalte stadnamna her Galesville var for henne «galesville», og ikkje noko «geilsvill». Vi køyrde og prata og hadde det eigentleg veldig triveleg, og etter ein dryg time var vi framme.
Denne karen var solung, og han prata godt norsk. Kona var også halvt norsk, ho kunne ikkje snakke norsk, men ho forsto mykje, dessutan hadde ho høyrd dei fleste historiene hans frå før, som ho kunne lett følgje med i samtalen. Karen var ny for meg, men han kunne fortelje at han hadde møtt oss i kyrkja i Blair i 2010, så språket hans er eigentleg dokumentert alt. Og det er eigentleg bra, for i kaoset med opptak, kaffidrikking og eting av smultringar og krumkake, gløymde eg sjølvsagt å få han til å signere på at han vil ver med på dette. Etter ein lang prat «på engelsk og norsk», kom det også fram at han hadde gebursdag i dag. Vi får tru at vi ikkje «ruina» dagen hans heilt. Etter mykje prat og ein liten gallon mad kaffi, takka Larry og eg for oss, og igjen kunne Larry gle seg storveges over GPS-dama: slike kvinnfolk ville han også ha i bilen sin. Vi fann lett vegen ned i Springdalen, Larry og eg takka kvarandre for turen, og så kunne eg returnere til motellet. Eg hadde eigentleg tenkt meg til restauranten for å få meg litt mat, men parkeringsplassen var stinn av bilar, og eg fann da ut at det ville bli vanskeleg å få bord. Dermed vart det påssåmat på rommet, og det var heit greitt. No i kveldinga har eg snakka med Arlene i Glenwood, og ho har folk klare for litt prat – ho er usikker på om det er nordfjordingar, men det vil vi lett finne ut av. I kveld er siste dagen her i Westby, i morgon set eg kursen vestover. Eg må da stille innom Iversons igjen, og eg vil også gjerne recorde Larry litt, det er eit par ting eg vil ha nærare greie på. Så ventar ein ørliten tur innom Dave’s gitarshop i La Crosse (håpar eg), ein snartur innom Irene og Olaf i Wanamingo for å seie hei før eg durar vidare vestover til Glenwood. Eg har ikkje «ordra» overnatting der, det må eg få gjort før eg reiser herifrå.
Og slik gjekk den siste dagen her i Westby …