Fredag 2. november 2018: Westby, Springdalen, La Crosse, Wanamingo, Glenwood, MN

Eg hadde ein aldri så liten uheldig start på dagen: vanlegvis vaknar eg i god til før seks, og eg må liksom stålsette meg for å halde ut fram mot sju, når frukosten blir servert her. Men i dag var klokka nesten åtte før eg vakna – det gjorde eigentleg godt, for jetlegen min sit framleis i kroppen, og eg søv ikkje så godt som eg vanlegvis gjer. Fem timar er kanskje OK, men over tid så er det litt i minste laget, sjølv for meg. Men no med åtte timar, så er batteriet full-lada, og det har eg også merka godt sidan eg ikkje plutseleg vart stuptrøytt no i dag.

Åkke som, så snart eg vakna, ringde eg ned til Larry igjen, eg vil gjerne samle litt meir data på han før eg reiser. Og Larry hadde alt kansellert andre planar for å kunne snakke med meg. Ein liten time seinare sjekka eg ut og reiste ned i Springdalen for å «lage» med han. Og som vanleg var Larry i storform, han dreiv og arbeidde litt i «mankeiven» sin, ei herleg blanding av fyrrom, vaskerom, kontor og snickarbod. Vi fann oss ein plass, og medan kaffien vart sett fram, starta vi praten. Det vart ikkje så veldig lang seanse, men tre kvart time er jo ein tre kvart time, og han hadde mykje å fortelje. Igjen så tok vi avskil, kvar gong eg takkar for meg, så trur eg at det er siste gongen, men det er ikkje så utruleg at vi kjem til å møtast igjen. Om eg ikkje kjem til Springdalen seinare, så har Larry planar om ein ny tur til gamlelandet. Om ikkje anna for å kose seg med den norske GPS-dama. For er det noko Larry har fått smaken på, så er det denne sødmefulle damestemmen som på kjærleg vis gir gode råd om kor ein skal sette kursen og kor ein skal svinge – «til høyre» og «til venstre», eventuelt «rett frem».

Etter denne seansen returnerte eg til Westby igjen for å ta avskil med «the Iversons», og som vanleg var også dette ei triveleg stund. Eg hefta ikkje lenge, men nok til at vi kunne ta avskil på skikkeleg vis. Deretter vart det ein liten svipptur innom giftståret Dregnes for å plukke med meg litt præriejuggel før eg reiste ned til La Crosse. Og er eg først i La Crosse, så er det jo eit must å sjå innom gitarsjappa hans Dave. Nærare paradis må det vel vere vanskeleg å kome: ein heil vegg til Gibson, ein til Fender, ein til Richenbacker, ein til Gretch, ein til Martin og to små til røkla. Eg skulle gjerne ha teke fram gullkortet til høgskolen og tømt heile sjappa, men eg besinna meg, som klokeleg er. Det vart med eit par t-skjorter og litt gitar-krims-krams, og gullkortet fekk klokeleg nok kvile i fred.

Neste stopp var Wanamingo i Minnesota, ein plass der det slo seg ned mange frå Stjørdalen. Eg hadde ingen avtale der, og eg hadde heller ingen planar om opptak, men dei gamle kontaktane mine Sigurd og Irene bur der, og da ville eg berre sjå innom. Men desse to er aktive, så dei var ikkje heime. Eg snakka med naboen, han hadde tydeleg aksent, men dessverre – denne karen var tysk, og ikkje norsk. Uansett, han var svært hjelpsam og kunne gi gode råd om køyrerute i rushtrafikken rundt Minneapolis ein fredag ettermiddag.

Turen vidare vestover gjekk fint, det var mykje trafikk og det gjekk til tider litt smått, men så snart eg nærma meg dei meir rurale stroka, gjekk det greitt unna. I ni-tida kunne eg kruse inn i Glenwood, og med god hjelp frå sweetheart-en til Larry, fann eg lett fram. No i kveld har eg snakka med kontakten min her – ho har ikkje så mange som ho litt optimistisk trudde, hjortejakta startar denne helga, og da er det merkeleg nok mange som prioriterer «hunting» framfor snakking. Dessutan er det nok nokre som er det Larry kallar for «bljuge». Men om det blir fort 8-10, og det er trass alt ikkje så ille. I kor stor grad dei kan snakke norsk, veit ein jo aldri, men det er jo lov å håpe.

Motellet er bra, og det har basseng heilt etter prærielingvist Jannes smak (så neste gong, Janne, så veit vi kor vi skal ta inn). No har eg bestilt og fått pizza på rommet, motellet har vaskerom, så eg vaskar klede, noko som var veldig bra sidan eg nesten har gått tom for klesskift (det var eit stort framsteg for prærielingvistikken å oppdage at ein kunne vaske «på råden», da treng ein ikkje ta med seg så mykje heimafrå). Og i morgon klokka halv ni skal eg møte kontakten min her i byen, så får vi berre ta det derifrå.

No i kveld er det klårt ver, men det er kaldt og sikkert kuldegradar. Men her på rommet er det godt og varmt.

 Og slik går ny dagan her i Minnesota….

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.