I dag snødde det litt da eg stod opp klokka sju. Og så tidleg på dagen er det nesten heilt mørkt her ute, det er først i åtte-tida at det verkeleg lysnar. Og etter ein rask frukost her på motellet gjorde eg meg klar for å møte kontakten min, Aileen, på restauranten Ginger bread klokka kvart på åtte. Og sidan dette er i gåavstand, bestemte eg meg for å gå. Og det er jo ofte eit fornuftig val, men eg skal ikkje nekte for at eg manglar bukselommekunnskap om denne småbyen, så eg starta ut i feil retning. Eg oppdaga det fort, men det gjorde at eg kom fram eit femminutt for seint.
Aileen var ei triveleg dame tidleg i 70-åra. Og ho var litt skuffa over eigen innsats, mange hadde ringt inn og meldt avbud av ymse grunnar, nokre meinte dei hadde gjort det før, andre skulle ut i fila, eller det måtte vere med på hjortejakta som startar i dag. Og så er det alle dei som er «bjluge» også. Ho hadde venta mange over ti, men no var lista på rundt åtte. Men det er jo ikkje heilt ille det heller, og eg veit frå før at denne tida på året på ingen måte er perfekt for å drive feltarbeid. Dei meiner det er betre litt tidlegare på hausten, men det er kanskje berre nok dei seier – kjenner eg dei rett, finn dei sikkert på ei og anna «ekskjusa» da også.
Arlene har mange sysken, dei var 17, men no er det berre 11 som er i live, og mange av dei kan snakke litt norsk. Så første post på programmet i dag var å møte ein av desse, saman med ein «friend». Og begge kunne snakke norsk, men dei var kanskje betre på produksjon enn resepsjon, så det var litt tungt å få i gang ein skikkeleg samtale. Og når det butta imot, så slo dei lett over til engelsk. Men greitt nok, det er jo slik språket er her borte. «når vi prøver å snakke norsk, så er det 50-50 norsk og engelsk», sa den eine. Og det stemmer jo sikkert. Desse karane hadde opphav i Valdres, men Nordfjord og Setesdal var også ein del av den genetiske miksen. Etter eit par timar med triveleg prat, pkka eg saman utstyret mitt og takka for meg. Eg hadde ikkje ny avtale før klokka to, så eg returnerte til Glenwood for å få meg «middag». Og som sagt, eg er ikkje lommekjend her, så eg satsa på den einaste «etingplassen» som eg veit av her, Ginger Bread, og der hadde dei chili-suppe. Det både varma og metta. Og no forstår eg verkeleg konseptet i western-filmane med «stranger in town». Medan eg åt, kom det fleire bort til meg for å helse på og sjekke meg ut – ryktet om denne tullingen frå Noreg gjekk tydelegvis, og det vart mykje prating og lite mat-ro. Så hadde eg vore her for 150 år sidan, så hadde eg sikkert vorte rulla i tjære og fjør – om eg hadde vore heldig. Etter måltidet var eg ein liten snartur innom motellet for å snakke heim til gamlelandet før eg fekk møte Aileen og ein ny bror av henne, også denne gongen i Starbuck. Og igjen var det trivelege folk som likte å snakke norsk, men som også sleit litt med å ytre seg om dette og hint. Lettast gjekk det når dei kunne snakke om farming, det var tydelegvis eit domene der norsken framleis kunne duge. Og som sysken så var det rett som det var at dei «akkederte». Aileen fortalde også om hennar mest pinlege oppleving i Noreg, da ho skulle skryte av maten og sa at det var «jævlig godt». Ho trudde at «jævlig» betydde «veldig» (som det jo i denne samanhengen i og for seg gjer), og var ikkje klar over at det ikkje alltid utan vidare kan brukast i alle samanhengar. Artig!
Etter nye to timar var denne trivelege seansen over, eg pakka saman og takka for meg. Men før eg returnerte til motellet, ville eg gjerne gjere ein stopp på vegen – eg ville gjerne sjå Innherred-kyrkja. Sjølve kyrkja var ikkje så veldig aparte, ho såg ut som dei fleste kyrkjene i denne delen av verda. Men det var veldig rart å gå rundt på «gravplassen» og sjå alle desse kjende familienamna. Det var akkurat som å gå rundt på ein kyrkjegard på Innherad.
No i kveldinga er eg tilbake på rommet igjen, eg har litt skrivearbeid som må gjerast, og eg må også kopiere materialet før eg legg meg. Og så må eg ha meg litt «søppel», som verkeleg blir søppel. Eg har ein halv pizza frå i går ståande i kjøleskapet, og når eg først har mikro på rommet, opnar dette opp nye mulegheiter for prærielingvistikken. Og i natt får eg faktisk ein time ekstra – amerikanarane stiller klokka no. I morgon har eg ingen avtale før godt etter kyrkjetida, så eg vurderer seriøst å køyre til området rundt Campell og Doran for å finne den gamle gravplassen til Vuku-kyrkja (eller Vukku som dei stavar det her på prærien), der skal det vere to Hjelde-graver som eg gjerne vil sjå. Eg prøvde å finne denne plassen i fjor, men da gjorde eg alt for dårleg grunnarbeid og leita på feil kyrjkegrad, no har eg GPS-koordinatane. Det bør hjelpe. I tillegg vil eg også sjå innom Stiklestad-kyrkja.
Og slik gjekk ein ny dag her ute på prærien