I dag har eg hatt ein svært så roleg dag på prærien der eg ikkje i det heile har drive med feltarbeid, i staden har eg hatt «gjemmekontor» og pusla med ulike jobbrelaterte ting. Dessutan var eg nok også litt «æksaita»; no i september arbeidde vi intenst med ein søknad om støtte til å styrke den digitale kompetansen i lærarutdanninga vår, og i går fekk vi svaret, vi hadde fått 18 millionar til dette! Og sjølv om det renn ikkje så reint lite verdalsblod i årene mine og slik sett burde vere van med at lottorekka går inn, var dette uvanleg moro. Som vanleg vakna eg i seks-tida, men denne gongen klarte eg å dorme ein liten time til før kom meg opp av senga. Sidan eg ikkje hadde avtalar i dag, men derimot ulike «kontorting» å drive med, sette eg med etter «påssåfrukosten» ned for å arbeide litt. Eg forlenga også opphaldet mitt her med ei ny natt, eigentleg blir eg vel her til måndag, men ein veit jo aldri kva prærielingvistikken har å by på.
Å sitje på rommet vart litt småtrist, eg fann derfor ut at eg like gjerne kunne ta turen ned til Norskedalen for å setje meg der. Men der hadde dei skoleklassar på besøk, og etter ei stund fekk eg eit klart hint om at dei gjerne ville låse av hovudbygget medan dei viste ungane rundt på museet. Eg er sikkert tungnæm, men ikkje så treig at eg ikkje forsto kva dei meinte. Eg sette derfor kursen ned til Konvalle for å få meg litt å ete, klokka var trass alt godt over tolv. Etter suppe på Stockyard-restauranten køyrde eg opp til Larry for å prate litt med han. I går kjøpte eg denne akkevittflaska frå Duluth som eg hadde tenkt til han, og noko slikt takka han på ingen måte nei til. Vi ringde så denne bodødama nede i Readstown, og dette ser eg veldig fram til. Ho har ei dotter på 16 som er nokså god på norsk, i tillegg har ho ein 5-åring som også kan litt norsk. Dette bør bli moro. Eg hadde håp om at vi kunne møtast no i helga, men mannen hennar har nettopp kome heim frå jobbreise, og da må sjølvsagt familien ha førsteprioritet. Men neste helg skal vi møtast, og det bør kunne bli bra, det er trass alt ikkje så ofte at vi prærielingvistar møter norskspråklege fødd etter årtusenskiftet. Så får vi berre håpe at det ikkje dukkar opp ting som gjer at dei endrar planar.
Deretter reiste eg opp til Westby igjen, ein liten tur innom Dregne-ståret høyrer jo med før ein finn arbeidsplassen sin på motellet. Denne dagen går heilt klart ikkje inn som eit høgdepunkt i prærielingvistikken, men no er eg i det minste litt meir ajour når det gjeld jobbrelaterte ting.
I morgon har eg heller ingen klare planar, men eg har eigentleg nok å gjere, inkludert å lage utspekulerte elisiteringsoppgåver til trønderane i Lac Qui Parle. Dessutan har jo Dave’s i La Crosse eitt og anna å friste med. Men no er det snart sengetid her ute på flatbygdene.
Å slik går nu dagan …