Heller ikkje i helga fekk eg gjort feltarbeid, laurdag vakna eg ikkje før klokka var litt over sju, eg låg litt og dorma medan eg høyrde på radio frå gamlelandet og las litt i avisene. Ute var det grått og regna, og det var ikkje ver som frista til uteaktivitetar. Likevel sette eg kursen ned til La Crosse sentrum for å gå meg ein tur på «memory lane». Her nede brukte vi å vere mykje i helgene for 30 år sidan, men sjølv om eg i og for seg klarte å kjenne igjen meg, var det på ingen måte slik eg hugsa det. Den gongen gjekk det ord om at 3rd Street var den gata i Statane som hadde flest barar, men det kan umuleg stemme i dag, får gata var eigentleg stusslege greier. Og det var heller ikkje så overvettes mange butikkar her. Men på Dave’s guitar shop var det noko anna, ein kan sikkert seie mykje rart om denne sjappa til Dave, men stussleg er det ikkje. Her heng det hundrevis av gitarar på stativ og veggar, sortert etter fabrikat og modell. Eg kjenner ikkje til noko som kan måle seg med dette, og det er eigentleg fryktleg rart at det er muleg å drive noko slikt i ein småby mindre enn Fredrikstad. Og butikken er også bygd på sidan sist eg var her, så det er nok ingen grunn til å tru at dette går dårleg. Etter å ha sett meg litt rundt i byen, køyrde eg opp til Larry igjen, men han var ikkje heime. Og da var det ikkje så mykje anna å gjere enn å reise tilbake til motellet for å setje seg på «gjemmekontoret» igjen. Og så mykje meir er det vel ikkje å fortelje om den dagen.
Søndagen representerte heller ikkje noko løft for prærielingvistikken. Etter «påsså-frukost» køyrde eg igjen ned til Norskedalen for å sjå kva dei hadde å by på, og det var eigentleg ikkje så veldig mykje. Der var vi 3-4 personar, og museumsområdet var stengt på grunn av hjortejakt. For å skaffe nokre kroner i kassa auksjonerer dei ut jaktrettar i området til folk som vil drive med «båggåhunting», og da er det nok tryggast for alle partar at turgåarar ikkje fer rundt i området. Uansett, eg kunne sitje der eit par timar og arbeide før eg igjen prøvde meg nede hos Larry. Og som i går var den karet ute på eiga hand. Eg fann da ut at eg kunne forsøke å gjere opptak av nokre av dei «gamle» informantane vi har. Eg reiste derfor over til Erma, men ho var oppteken – ho hadde besøk. Og betre gjekk det heller ikkje da eg prøvde meg hos Sam, for han ville helst sjå på fotball på TV i staden for å snakke med slike som eg. Og det burde eg eigentleg vite: søndag ettermiddag er nesten ekstra heilag i desse kantane av verda, for da speler gjerne Greenbay Packers kamp. Og er det noko som gil livet innhald i her borte, så er det kampane til Packers. Javel, eg kan vanskeleg få stoppa desse kampane, så det einaste eg da kunne gjere, var å trekke meg tilbake til motellet igjen og vente på betre tider. Eg fekk også retta klokka mi, eg fann ut dei også her har stilt om til vintertid. Og etter middag på restauranten tok eg relativt tidleg kveld, for morgondagen har eit tett program.
Og slik går nu dagan…