I dag har vore ein nokså hektisk dag. Larry hadde time hos doktoren i «Verråki» i dag i ni-tida, derfor skulle vi møtast klokka «hælv over ti» for å starte feltarbeid igjen, han hadde fleire mulege kandidatar som han alt hadde gjort avtale med. Eg fsann derfor ut at eg skulle innom skolen i Westby for å finne ut om det kunne vere muleg å etablere ein eller annan type praksisavtale for lærarstudentane våre i Halden. Men skolesjefen var oppteken, eg måtte kome tilbake klokka eitt. Eg var derfor innom Dregne-ståret for å sjå på samlinga dei har av ulike typar norskamerikansk krimskrams før eg reiste tilbake til motellet for å vente på Larry. Det tok ikkje mange minutta før han dukka opp, og da kunne vi køyre til West Avenue, der det skulle vere eit par som snakka norsk. Kona opna døra, og dette såg da veldig lovande ut, sidan det var umiskjenneleg lukt av lefsesteiking som møtte oss. Og dette var dame som dreiv stort, så langt i år hadde ho brukt nesten 300 kilo potet til å lage lefse. Språkleg vart dette heller magert, kan ein seie, det var frykteleg vanskeleg å få noko ut av dei, sjølv om Larry verkeleg gjorde så godt han kunne. «Dom e messom bljuge», konstanterte han da vi gjekk mot bilen. Jaja, det er ingenting å gjere med slikt. Vi gjekk da innom naboane, Ron og Sandra, for Sandra hadde lova ut kaffi og sandwich, og ein matbit kan jo vere greitt å få med seg før ein fører forskingsfronten vidare framover. Dei hadde vore på busstur til Missouri i helga og hadde mykje å berette. I eitt-tida måtte eg ein snartur tilbake til skolen, sidan eg hadde avtale med skolesjefen der, og han var veldig positiv – sjølv om han ikkje hadde norsk bakgrunn. Men internasjonalisering var han veldig oppteken av. Det einaste som bremsa han litt, var at dette måtte gjennom skolestyret, i tillegg ville han ikkje leggje band på ein ny sjef som han håpa ville vere på plass i løpet av eit års tid. Men han såg heller ingen grunn til at dette ikkje skulle vere muleg å få på plass.
Etter ein interessant samtale henta eg Larry, og så reiste vi inn i sentrum igjen, til eit anlegg for pensjonistar. Og der var det samle tre-fire smilande norskamerikanarar. «Vertinna» hadde spela «kordin» i Norskedalen’s Trio, og ho gjorde sitt beste for å snakke norsk. Rusten var det, og ho sleit med å finne orda, men skitt au – ho snakka i det minste norsk. Det kom også to andre som skulle vere gode på norsk, men for meg hjelper det lite når dei er «bljuge» og ikkje vil snakke det. Derimot var det ein gammal farmar som såg bortom, og han var ikkje heilt ueffen til å snakke norsk. Dessutan kon det eit par andre bortom som også ville sjå på denne seansen. Igjen, kanskje ikkje eit høgdepunkt i livet som prærielingvist, men greitt nok. Larry har gjort så godt han har kunna for å finne nye folk som kan snakke norsk, og det er dessverre tydeleg at no tek vi til å skrape botnen. Elles var «vertinna» veldig oppteken av å vise fram ting – ho henta ein CD-spelar slik at vi kunne få høyre smakebitar av Norskedalen Trio’s repertoar, ho henta ulike utklippsbøker som ho gjerne ville vise fram, og eg hadde sikkert vore der enno og bladd i gamle album dersom eg ikkje skulle på langferd. Marshall ligg nesten 500 kilometer vest for Westby, klokka var over fire, og i tillegg hadde eg avtale om å sjå innom Irene og Sigurd i Wanamingo. Eg måtte derfor takke for meg og kome meg vidare.
Litt forsinka kom eg fram til Wanamingo og fann utan vanskar det nye huset som Irene og Sigurd har kjøpt seg i Wanamingo, det var artig å møte dei igjen, og dei har fått seg eit fint hus. Men det kunne sjå ut som om Sigurd stura litt etter flyttinga, farmen dei hadde flytta frå, var trass alt barndomsheimen hans. I det heile var han svært stille, men Irene kompenserte godt. Ho hadde invitert meg på «søppel», og det var godt å få litt «vanleg» mat igjen – sjølv om ho også opererte med rimeleg store porsjonar. Etter eting og småprat starta eg opp opptakaren min og prøvde ut det uvanleg utspekulerte elisiteringsverktyet som eg har snikra saman i det siste for å kunne dokumentere cirkumfleks. For så langt som eg no er i stand til å vurdere, var det svært lite cirkumfleks å finne hos desse to. Der rauk eigentleg hypotesen min, men det får så vere. I åtte-tida i kveld takka eg for meg og sette inn GPS-en mot Marshall. Det var drygt tre timar som venta meg, og sjølv om det var mørt, var det ikkje vanskeleg å sjå at eg no bevega meg inn i eit vinterlandskap. Vegane var framleis greie, men i vegkanten låg det eit lag med snø. Om bilturen er det ikkje så veldig mykje å fortelje, GPS-en losa meg trygt inn til Marshall. No har eg fått vaska klede her på motellet, klokka er sikkert over eitt, men i morgon har eg avtale i eitt- tida på museet i Madison, og det er ein dryg time herifrå, så skal eg klare fint. Og der ventar både gamle og nye «trondhjemmera». Så får eg sjå kva eg finn på onsdagen, da får eg kanskje prøve meg i Baltic, der eg for ein mannsalder sidan fann mange frå Meråker. Korleis det er no, derimot ….
Og slik går nu dagan her i vinterlandskapet…