Da eg kom på motellet i går kveld, starta eg prosessen med å vaske klede, og klokka gjekk mot to i natt før eg kunne hente nyvaska sokkar ut av vaskemaskina. Derfor vart det retteleg seinkveld, og resultatet av dette var at eg ikkje vakna før klokka var godt over åtte. Dette var på ingen måte ei krise sidan eg ikkje hadde avtalar i Madison før klokka var eitt. Eg tok derfor livet litt med ro før eg i 11-tida sjekka ut frå hotellet. Og for første gong på denne turen hadde eg natterast med god hotellstandard: på ingen måte overdådig, men i det minstet ørlite «komfort» med litt anna enn ein skarve pinnestol å sitje på. Og ute var det minusgrader og «snøheilt».
Turen opp til Madison (ikkje i Wisconsin, men Minnesota) gjekk unna på ein dryg time, eg hadde derfor også tid til å stikke innom kaféen The Pantry for å få meg ein matbit: chili-meny er kanskje i utgangspunktet ikkje så veldig norsk, men det får duge for slike som meg.
Litt før eitt kunne eg parkere framfor county-museet, og der var det kjentfolk å sjå. Kontaktmannen Kevin var dessverre «busy» på fila no, men han hadde sendt «kjerringa», og første pasient skulle dukke opp klokka eitt sharp. Men ingen pasient kom, derfor vart det ringt litt, og da fekk eg eigentleg forklaringa, november er ingen god månad å kome hit. Heime i Trøndelag er bøndene stort sett ferdige med onnarbeidet på denne tida, dei går berre og ventar på at dei skal ut og hente juletre. Her på dei store viddene er det litt annsleis, no har det vore fuktig ei stund, men dei siste to døgna har die hatt frost og klårver, og da er det høgsesong for å ta inn maisen, eller «harveste kornet», som dei seier på desse kantane. Derfor måtte førstemann, som skal vere ein kløppar til å snakke «trondhjemmer», prioritere levebrødet framfor språkforsking. «Next time you should come in September», sa kjerringa til Kevin, da er det nesten «håbåll» å rekne her på viddene. Eg får skrive meg det bak øret, ikkje minst fordi det er eit par norskspråklege som også reiser ned til Florida når gradestokken peikar mot kuldegrader slik han gjer no.
For å fylle programmet mitt, sette museumsstyraren seg bak rattet og henta inn ein gammal kjenning: Røa-dama som eg har snakka med eit par gonger tidlegare. Deretter kom Phillip innom, og han er retteleg ein kløppar til å snakke norsk. Rett nok er han godt oppe i åra og har passert 90 med god margin, men for han er ikkje det eit hinder. Han likar veldig godt å snakke norsk, og det var veldig moro å få snakke med han igjen. Eg testa også ut den utspekulerte elisiteringsoppgåva mi for cirkumfleks, men det fungterte veldig dårleg, han forsto rett og slett ikkje kor eg ville. Nei, å sitje på kontoret heime i Østfold og spekulere ut slike ting er nok bortkasta tid…
Kevin stakk også innom, han er ikkje så frykteleg stø i å snakke norsk, men trøska hans hadde køyrd sund, og da hadde han ikkje noko betre å finne på enn å sjå innom. Og han syntest det var storveges å kunne høyre på at Phillip og eg snakka «trondhjemmer». Eg gjorde også eit kort opptak med Kevin, han forstår mykje berre eg snakkar seeiinntt oogg ttyyddeelleeg, men han slit med å setje ord saman til setningar. Åkke som, Kevin har vore svært hjelpsam med å få dette til.
I halv fem-tida skulle vi opp til gamleheimen for å møte to gamle kjenningar der, den eine snakkar også godt «trondhjemmer», men sist eg møtte han, hadde han med seg Minnesota-meisteren i lutefisk-eting, og sidan denne karen nok ikkje kunne snakke så mykje norsk, glei samtalen da over til engelsk. No såg eg for meg at det kunne bli meir norsk, men heller ikkje denne gongen vart det særleg flyt i norsk-snakkinga hans. Derimot hadde han Hammond-orgel på rommet, og han ville gjerne vise fram det musikalske repertoaret sitt, som skulle vere svært så norsk. Noko av det kunne eg utan problem kjenne igjen, man ein kan nok trygt seie at denne karen – som mange andre kunstnarar – tok seg store friheiter i tolkingsarbeidet.
Opptakssesjonen vart avslutta oppe på rommet hans Morris, og da var vi tre-eine, og da gjekk det mykje på norsk, særleg Morris er glad i å snakke «trondhjemmer», men helsa er nok ikkje heilt på topp. Uansett så var dette eit triveleg møte, og det er dessverre berre å innsjå at tida da alle snakka norsk i dette området nok er over.
Eg takka for meg og reiste så opp til Appleton, der standarden på motellet nok er reine Hilton samanlika med det dei kan tilby i Madison. Heimekoseleg kan ein vanskeleg seie at det er, her eg sit på pinnestolen, men det får duge. Etter å ha sjekka inn kryssa eg «råden» til bensinstasjonen og kjøpte med meg ein liten pizza som eg no fyller vomma mi med.
Planane for i morgon er framleis litt difuse, eg skal prøve å få kontakt med Jimmy igjen, ein kar som tydelegvis har gått i dekning, men som eg «recorda» for 30 år sidan. Dessutan ville museet i Madison ha kopi av opptaka mine, og det bør dei jo få. Eg har eigentleg fleire mulegheiter, eg har lyst til å reise ned til Baltic, SD, der eg for 30 år sidan fann mange frå Meråker, eg vil veldig gjerne opp til Doran og sjå Hjelde-gravene på Vukku-kyrkjkegarden der, dessutan skal det vere ein del «norskera» rundt Swift Falls og Starbuck som kanskje kan snakke norsk enno. I så fall blir det mest for å etablere kontakt, så kan eg eller andre gjere innsamlingsarbeidet neste år. Eg får sove på det. Uansett, dette er frykteleg moro, kanskje mest på grunn av det nostalgiske ved det – det var slik eg farta rundt for 3o år sidan, og ikkje minst får eg sjå ei side av Donald Trum sitt rike som svært få andre nordmenn får møte. Men mest stas er det sjølvsagt å få oppdage at ein på vestsida av Mississippi-røvveln klarer å ta seg fram med «trondhjemmer»-dialekt: ingen kan på alvor nekte for at eg ikkje kan snakke eit verdsspråk! 🙂
Å slik går nu dagan —!