I dag skulle vi ha den store innsamlingsdagen med heile tre postar på programmet – og vi skulle starte i ei svært så overkommeleg tid – klokka 10 gjennom møte eigaren av verktybutikken. Av ein eller annan grunn hadde eg for meg at vi skulle bli henta av Erik på hotellet da – noko som berre var tull, vi skulle vere i butikken klokka ti – og derfor var vi litt seint ute – ikkje minst når vi berre hadde litt vage tankar om kor denne butikken låg (rett nok var vi innom der i går, men dermed er det ikkje sagt at ein lett finn tilbake igjen i ein fei). Vi har GPS som vi bruker som kartbok, men det er sjeldan at vi finn gateadressene vi har og kan leggje desse rett inn. Men denne mellomløysingane fungerer også bra. Vi fann butikken og fekk da etter litt fram og tilbake klargjort at butikkeigaren var oppteken, men han kunne møte oss klokka seks i kveld. Og da såg plutseleg planen vår for ettemiddagen litt tettpakka og hektisk ut: ei dame i sentrum klokka 2, Birgit ute på bygda klokka 4 og verktymannen klokka 6. Og med litt reiseveg i mellom, kunne dette bli ekstremt kompakt, men alt kan løysast. Uansett, så hadde vi nok nokre rolegare timar på formiddagen til å gjere ulike ting, og medan Kari ville jobbe litt på hotellet, skulle Ida og eg prøve å finne skolen og sportshallen Svea. Eg hadde ein nokså grov ide om kor denne sportshallen skulle vere, men berre litt grov – og Ida og eg køyrde vegen fram og tilbake fleire gonger for å finne han, men utan å lykkast. Dessutan hadde politiet sett opp ein kontrollpost på vegen der vi leitte, så det var sikkert litt suspekt at vi køyrde fram og tilbake på denne vegstumpen heile tida. Til slutt manna eg meg opp og spurde nokre som stod i vegkanten om kor denne Svea-greia var, men dei kunne heller ikkje hjelpe. Dermed vart det berre med forsøket, men slik er det av og til når ein prøver seg som heimesnikra turistguide.
Etter lunsj køyrde vi til Erik for å hente han – for i dag skulle han vere med som kjentmann. og han satt i skuggen ved innkøyringa is og venta på oss, med kortbukse, kvitskjorte og stråhatt – dette er verkeleg ein fargerik kar. Første stopp var hos ei svensk dame nede i byen, og der fekk vi oppleve at det er ikkje alle som livet har stroke med vakkerhanda, både helsemessig og materielt hadde ho nok utfordringar, men ho var likevel i godt humør og glad for å få besøk og smake «svenska pepparkakor», som Ida hadde med. Og etter ei økt med opptak, trakta ho oss med kaffi rundt kjøkkenbordet, og vi hadde ei hyggeleg stund der. Så veldig mykje ugagn gjorde vi heller ikkje heime hos henne ut over å få bekrefta at professorkompetanse ikkje er nokon garanti for at vassrøyr, sisterner og slike ting får stå i fred og ikkje blir ramponert. For da vi gjekk, hadde denne møtet mellom toppkompetanse og røyropplegg gjort at sisterna rann over og vatnet flaut ned over veggane. Heldigvis var det stoppkran på badet, så frå no av får eigaren bruke denne til å regulere fyllinga av sisterna – det kan jo funke bra det også, meinte ingeniør Erik – ei stund i alle fall.….
Neste stopp var på ein gard eit lite stykke utanfor byen. Men med vegstellet her i dei litt meir rurale strøka kan «nokre kilometer» fort ta ein halvtime eller meir. Vegen var uvanleg krunglete og humpete, og i tillegg var kjentmannen vår ikkje heilt sikker på kor vi eigentleg skulle. Men som ein ungdom klatra han gjennom gjerde og småsprang opp bakkane for å sjå etter noko han kunne dra kjensel på – han var med som friidrettsmann i OL i Mexico i 1968, og grunnformen hans ser framleis ut til å vere prima. Etter eit par slike speidaroppdrag meinte han å dra kjensel på noko, og kort tid etterpå kunne vi køyre inn på garden til Birgit. Denne dama har ord på seg for å kunne arbeide som to, og dette var ei veldig triveleg dame i slutten av 70-åra som hadde mykje på hjartet. Og etter litt innleiande småsnakk, kom opptaksutstyret fram og vi kunne starte ein litt meir strukturert samtale. Og familiehistoria hennar var veldig interessant, bestefaren var journalist i Stockholm, men så vart det storstreikar og urolege tider, så han bestemte seg for å reise. Og det var ein stor overgang for ein mann som så langt hadde brukt penn i arbeidet til å bli nybyggar med spade og hakke. Men det gjekk tydelegvis bra med han trass i eit kanskje ikkje optimalt grunnlag.
Det var veldig triveleg i hagen hennar, men vi tok også til å innsjå at vi tok til å få lite tid. Så derfor køyrde eg Ida til hotellet, der ho skulle møte verktymannen, og deretter skyssa eg Erik heim, før eg returnerte for å hente Kari, og alt gjekk heilt greitt og tidsmessig klaffa det rimeleg bra.
Men når ein køyrer rundt her i Argentina, så må eg også melde at eg ikkje heilt har fått tak på elementære argentinske trafikkreglar – eller kanskje heller korleis slike reglar blir praktiserte. For det første så er det vanskeleg å bli klok på korleis einvegskøyring er skilta – eller ikkje skilta. For om du skulle vere så uheldig å kome inn i feil køyreretning (som ein lett kan slumpe til å gjere når ein ikkje er lokalkjent) så er det absolutt ikkje skilting som indikerer dette. Derimot kan ein naturlegvis oppleve både blinking og tuting frå andre bilistar, men det gjer ein jo ofte elles også. Vikeplikt er også eit mysterium for meg, det ser ut til at det kanskje er den sterkes rett som gjeld, og så lenge ein veit det, går det jo å tilpasse seg. Og så var det dette med naudblik, da. For ein kan seie mykje om den argentinske køyrekulturen (som er full gass, full brems; full gass, full brems; minst tre filer der vegen er merka for to; forbikøyring på både inn- og utside – berre for å nemne litt av repertoaret). Likevel går dette greitt, kanskje med unntak av at dei i baksetet verkeleg får rista seg.
Kvelden vart runda av med empanadas og ein liten vinskvett på ei svært så lokal kneipe rundt hjørnet, og der kunne vi oppsummere ein nokså hektisk dag med feltarbeid.
Og slik går nu dagan her ute i villmarka …