Måndag 28. november: Salta, Cafayate

I dag skulle turen vår gå til Cafayete, der Anders har vingarden sin. Avtalen vi hadde, var at han skulle bruke morgonen til å handle inn diverse utstyr, og så snart han var ferdig med det, skulle han kome og hente oss. Han meinte at han skulle vere klar i 9-tida. Men samtidig hadde han fortalt oss at her i Salta lever dei livet seint, ting går i makeleg tempo og kan meinte også bestemt at folk her går mykje seinare enn folk i Buenos Aires. Slik sett er vel eg også ein Salta-væring og burde finne meg godt til rette her. Klokka var nærare ti da pickup-bilen dukka og for å hente oss, men vi hadde ikkje køyrt mange kilometrane før det kom ein liten smell frå motoren, bilen mist motorkraft medan det kom ein litt hylande lyd når ein auka turtalet. Dette var på ingen måte ei glad-nyheit. Anders har ein fast verkstad her i byen der han bruker å få service på bilen sin, og som han blidgjer med nokre vinflasker i ny og ne, og det køyrde vi i sakte fart. Og sidan det nok ikkje var så veldig lenge sidan den siste vinflaska vart levert her, fekk vi prioritet på første klasse, og ei gruppe karar kasta seg over pickupen. Og dommen var klapt klar – det var turboen som hadde ryki og bilen var derfor ikkje køyrbar, særleg sidan vi skulle over ein fjellovergang der det var langt mellom hjelpestasjonane. Så da stod vi der, da, med koffertane våre. Anders meinte at vi no måtte ta bussen, men vi fann raskt ut at det ikkje var ei optimal løysing. Vi sjekka så leigebilar på nettet, men heller ikkje der fann vi noko. Men verkstaden kunne låne oss ein bil, men her møtte norske byråkratiske krav argentinsk tradisjon, for er det noko som ein vanskeleg får her i landet, så er det kvitteringar. Og utan kvittering, så er det uråd for oss å få refusjon. Og dersom ein får kvittering, så er det med ein mykje høgare pris enn utan. Så det skjer nok svært mange transaksjonar rundt om i dette landet som ikkje Staten får innsyn i. Men som alltid, det ordna seg for oss, og ein time seinare kunne vi laste opp tinga våre og bevege oss inn i eit nytt landskap. Vi køyrde ut frå Salta og inn i eit frodig landbruksområde der mellom anna tobakksdyrking var ei viktig næring. Og synet av tobakksplantar vekte gamle assosiasjonar hos meg, sidan da eg på 80- og 90-talet køyrde rundt i Wisconsin på jakt etter nordmenn, så var synet av tobakksplantar eit sikkert teikn på at eigaren var norsk. Men slik er det nok ikkje her. Etter kvart vart landskapet litt karrigare og vi kom til slutt inn i eit fantastisk fjell-landskap som kunne minne mykje om Grand Canyon med svært mange ulike fjellformasjonar. Vi stoppa fleire gonger for å fotografere, men ein innser jo at når ein er i eit slikt landskap, så er det heilt uråd å feste dette storslagne på film, det blir berre ei svært bleik attgjeving. Men dette var verkeleg eit storslått!

Til slutt opna landskapet seg litt igjen, og vi var inne i ein dal omkransa av veldig høge fjell. Dalbotnen er på rundt 1700 meter over havet, og fjella hevar seg opp mot 5000 meter. Og på nokre av fjelltoppane låg det litt nysnø. Byen Cafayate er ikkje stor, rundt 15.000 innbyggarar, men det er ein triveleg småby. Og hotellet som vi skal bu på dei neste to nettene, må seiast å ha sjarm (i tillegg til frykteleg dårleg internett). Anders hadde mykje å gjere, så han sette kursen ut til vingarden, medan vi tre lingvistane innretta oss litt og slappa litt av før vi utpå kveldinga gjekk ut for å få oss litt mat. Bak kyrkja fann vi ein svært triveleg restaurant, og der avslutta vi kvelden.

Og slik går nu dagan her oppe i fjella….

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.