Søndag 27. november 2022: Buenos Aires, Salta

I dag måtte vi opp i rett tid, for Marie, June og eg skulle reise opp til Salta, der vi skal møte to norskspråklege brør. Flyet skulle gå i 9-tida, og vi måtte også sjekke ut frå hotellrommet før vi reiste. Taxien kom presist, og vi hadde veldig god tid da vi kom til flyplassen – sjølv om køen i skranken var veldig lang og gjekk veldig seint. Men da hadde eg i det minste tid til å sjekke at eg hadde med meg passet, og det hadde eg heldigvis. Sidan vi måtte sjekke ut frå hotellet før frukost, var flyplassen staden å få seg ein matbit medan vi venta. Men så er det eitt eller anna med tempoet på slike stader. Ein skulle jo tru at på ein flyplass veit dei at folk gjerne har litt dårleg tid og at det derfor er lurt å ha litt tempo i serveringa. Men slik tenker dei tydelegvis ikkje her – vil folk ha mat, så får dei sanneleg kome i god tid, viss ikkje, så får det heller vere. Så det som ein gong var god tid vart plutseleg dårleg tid før vi hadde fått serveringa. Men vi rakk det med margin, og flyreisa på to timar gjekk heilt utan dramatikk.

I Salta vart vi møtt av Anders, ein kar midt i 60-åra som saman med broren vaks opp med norsk heime. Og denne karen hadde lagt planane for oss, først vart vi tekne til hotellet, der vi sjekka inn. Deretter var det tid for litt mat og litt «aleinetid» før han litt utpå ettermiddagen kom og henta oss igjen og tok oss til huset som han har her i byen, for no skulle vi få møte broren Tore. Og Tore er ein pratsam kar av det litt «gamle» typen, ein kar som liker å fortelje, og som også er god til å snakke norsk. Og i to timar snakka vi med Tore, og han baud på seg sjølv. Men Tore er ein mann som snart er 80, og han hadde eit par timar å køyre før han var heime, så derfor braut han opp i sju-tida. Neste post på programmet var fjelltur: Anders ville ta oss med opp på ein fjelltopp og utsiktspunkt der vi kunne få fullt utsyn over byen. Men det var det tydelegvis mange andre som hadde tenkt også, så det var fullt trafikk-kaos oppe på toppen. Her slutta vegen plutseleg, og da var det om å gjere å prøve å lirke bilen rundt utan å bulka alt for mange av dei andre bilane som var der. Men utsikta var flott, det må eg seie. Og når ein køyrer rundt i gatene her, er det lite som minner om ein storby slik ein vanlegvis kjenner desse, men no i kveldinga såg vi lyset som skein over eit veldig stort område, og først da forstår ein at dette er ein by med rundt 600.000 innbyggjarar. Så var det tid for litt mat igjen, og dette vart ordna enkelt med ein take-away-pizza heime hos Anders. Og siste post på programmet var skyss tilbake til hotellet. Det vil seie, ungdommen var slitne og ville legge seg, så for dei var dette siste post på programmet. Men det er ein folklore-festival i gata her, og det ville eg gjerne sjå litt nærare på før eg tok kvelden. Så eg rusla meg ein liten tur for å høyre på den lokale folkemusikken og sjå på dei som dansa. Det var artig å oppleve, men samtidig er det tidleg dag i morgon, og derfor var eg fornuftig og gjekk og la meg før det vart så alt for seint.

Og slik går nu dagan ….

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.