Laurdag 26. november 2022: Buenos Aires

I dag skal vi ha ei samling i den nordiske kyrkja – skråstrek – den svenske klubben (som ligg under same tak og som i stor grad ser ut til å vere det same. Hit har vi altså invitert alle norskspråklege vi veit om i Buenos Aires-området til lunsj og samling. Tanken vår da var at vi skulle samle alle, deretter skulle vi gjere industrielle opptak a la Janne med heile fire stasjonar, Kari og Marie skulle arbeide med strukturerte metodar, medan June og eg skulle finne oss kvar vår krå for å berre å få dei til å snakke litt om laust og fast. Planen var jo god den, men likt med Putin fekk vi erfare at det ikkje berre er nok med ein plan for å sikre suksess. For det første trudde vi at vi skulle ha lokalet for oss sjølve, men slik er det dessverre ikkje her sør for ekvator – det måtte jo sjølvsagt strøyme på med framandfolk som også ville ha seg ein matbit. Dessutan var akustikken i lokalet slik at det ikkje var muleg å gjere leselege opptak. Og ikkje minst – Argentina måtte jo på død og liv spele VM-kamp denne ettermiddagen, slik at vi hadde lite rom for å fortsette utover ettermiddagen: For er det noko argentinararar tek veldig alvorleg, så er det nettopp fotball. Så denne planen funka altså ikkje. Men vi fekk gjort nokre opptak før serveringa, og akkurat da låg vi ganske bra an reint tidsmessig. Men det svenske smörgåsbordet dei serverte, var litt langdrygt sett med ein feltarbeidars blikk. I planen vår rekna vi med ein dryg time på eting, men da det hadde gått over ein time mellom forrett og hovudrett, forstod vi kva veg dette ville gå. Og da må ein som feltarbeidar berre senke ambisjonsnivået – ikkje minst fordi gjestene våre såg ut til å ha det veldig triveleg, nye band vart etablert og gamle gjenoppretta. Og da er det kanskje bra nok – sjølv om ikkje fangsten av språkdata er frykteleg stor. Og så var det denne fotballkampen da, for sjølv om alle såg ut til å ha det veldig triveleg, så hadde vi klokka og kampstart hengande over oss. Etter ei veldig kort rådslaging kom vi til at det viktige no var dele ut gåvene våre, og om nokon skulle lure på kva som står høgst på ønskelista til norsk-argentinarar, så er det Mills kaviar (og det må vere Mills, berre så det er sagt (kanskje pampaslingvistikken kan finne ein sponsor der?). Vi hadde også med nokre andre saker, men det var utan tvil Miiiiiiils som var vinnaren i denne konkurransen.

Etter måltidet tok folk til å orientere seg heimover for å sjå denne kampen, og vi vart også åtvara om at dersom vi ikkje var i ein drosje i god tid før klokka fire, så kunne vi berre gløyme den typen skyss. Og slik vart det nesten, vi gjekk ut i ei hovudgate like ved kyrkja, men det tok tid før vi hadde hell. Problemet vårt er at vi er fire, medan pandemirestriksjonane (som ser ut til å gjelde for nokre) berre opnar for tre (alle bak ein stor blastikkskjerm i baksetet). Men vi var eigentleg heldige, til slutt stoppa det ein bil som var villig til å sjå litt mellom fingrane med slike restriksjonar. Dermed kom vi oss også tilbake til hotellet, og eg kunne begynne å orientere meg etter ein plass å sjå denne kampen. Ikkje det at eg i dag er så veldig fotballinteressert, men er det VM-kamp. så er det VM-kamp. Men alle barane i strøket var fulle og slapp ikkje inn fleire. Endskapen vart at eg litt betutta gjekk på rommet og såg kampen på NRK. Eg må innrømme at det var litt rart å sitte her og sjå på ein argentinsk fotballkamp via gamlelandet. Men det funka det, det einaste eg kan innvende er at overføringa via NRK var litt seinare enn den argentinske, slik at når det vart mål, så steig jubelen i gantene her før eg såg noko anna enn at ein argentinar tok med seg ballen over midtlina.

 

Jaja, slik gjekk no enda ein dag her i dette veldig merkelege landet….

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.